Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjenn, det er Eilen som skal prøve å skrive litt meir på bloggen her. Vi hadde vel kommet til Sydney i vår forige økt så då er det vel naturlig å fortsette frå der.
Vi ankom Sydney ganske tidlig om morgonen, derfor satt vi itt på flyplassen og hadde frukost. me hadde Mc Donald's. Eg hadde pannekaker, den lappe lignande typen, med smør og sirup. Dei var ein stor skuffelse, det er sånn med masse som ser godt ut. Du ser føre deg kor godt det må være og så svare det aldri til forventningane. Eg har hatt mang ein skuffelse innen dette emnet.
Når vi endelig kom oss ut av flyplassen var det ikkje så velig fint vær, det var tidlig på morgonen, grått og kjølig. Det var ein minibuss som kjørte på vegne av hpstelet sm vi skulle til og tok den bort. Hostelet heite "Base hostel" og virka ganske greit, vertfall det vi fekk sjå der og då. Klokka var ikkje så mykje og innsjekking var ikkje før 2! Me fekk ha sekkane våre der, men etterpå måtte me finne på noko me kunne gjere. Me endte opp med å gå rundt i gatene der vi budde i lag med ei amerikanske som kom frå Dallas. Me kalle henna bare Dallas fordi vi vet ikkje namnet hennar. Endten husker vi det ikkje eller så sa hu det aldri. ¨Dette er eit problem som meg og Ine har, me gløyme og spør etter amn til folk. så når me kjem heim kommer det til å virke som om me ikkje har møtt nokon fordi vi ikkje kan namna på dei.
Dallas måtte gå på noko orienterings greier kl 10 så då stod meg og Ine der og lurte på kva pokker me skulle gjera fram til kl 2.........hm. Ja då kan me vel gå til akvariumet tenkte me. Akvariumet var rett ved hamna. der var det masse dyr, nebbdyr, krokodille, skillpadde, messe store merkelige fiska, dugonger og haier osv. Det viste seg veldig vanskelig å ta bilder av desse skapningane. Mangen var så irriterande raske, me måtte ta bilde gjennom glas nokop som viste seg ein utfordring spesiellt med blitz. Etter mangetimer her bestemte vi oss for å gå tilbake til hostelet og forhåpentligvis få sjekke inn.
Det fikk vi, men vi dei hadde ikkje gjort opp sengene våre ennå ( gjort senga klar til dei nye gjestene etter dei gamle har sjekka ut den morgonen) så me måtte venta litt. Etter det var gjort tok vi ein dusj, ein varm dusj, det var fantastisk. Resten av dagen brukte me på å væra slappe, sova og ete. Sånn som i Singapore sov eg på den nederste senga i køysenga. I Singapore klarte eg å dunka hovudet mitt i senga 2 gonger. Denne dagen klarte eg å dunka hovudet mitt i senga 2 gonger til. Me har derfor bestemt oss for å begynne å telle kor mange gonger eg klarer å dunke hovudet mitt i ting.
- comments