Profile
Blog
Photos
Videos
Georgetown er ein by på øya Penang. Den ligger på UNESCO sin verdensarvliste og er ein kul by. Med ulike gaterkunster på kvert hjørne som forklarer gatenavnet sin opprinnelse, eller ei stor kung fu jente malt på veggen. Du kan gå å traske rundt i gatene og sjå fine bygninger og gå innom små butikker i Chinatown der dei har røkelser og ymse.
Vi brukte eine dagen på å trusle rundt og sjå blant anna Cheong Fatt Tze Mansion som er eit blått hus med spesiell interiør og det har vore med på The amazing race 2 ganger :) Vi var og innom mange småbutikker men pruting var ikkje like lett her som på dei andre plassane me har vore.
Georgetown har og store kjøpesenter så vi måtte nesten innom der ein tur å sjå litt. Det eine var 8 etasjer høgt og på toppen var det kino som me tok i bruk etter ein lang shopping dag. Heldigvis var det internasjonale filmer med engelsk tale. Kinosnopet kjøpte vi på ein butikk der dei hadde smaksprøver av alt snopet dei solgte. Litt kontrast i forhold til Norge der du kan bli anmeldt for tyveri viss du tar ein snopetbit.
Ein liten busstur unna låg Batu Ferringgi stranda. Vatnet var litt gromsete men heldigvis etter litt hygge snakk med ein badevakt fekk me bruke badebassenget til resorte som låg ved sia av.
I morgen tar vi buss vidare til Kuala Lumpur. Berre navnet på byen gjer at eg glede meg til å sjå den :)
- comments