Profile
Blog
Photos
Videos
Vi ankom Melaka Sentral busstasjon på kvelden og fekk ordna oss taxi inn til byen. Ein veldig spesiell taxi sjåfør så det var godt å gå ut av bilen hans. Me gjennomgjekk den vanlige letingen etter ein plass å bu. Sia det var påske var det mykje fullt men vi fant oss tilrette på eit koselig hostell med navnet Troka. Dagen etter fekk me beskjed at det var overbooka så då starta leitinga igjen. Tunge sekker og minst 35 grader = dårlig stemning! Fant oss tilslutt eit slags rom(fengselcelle) der det budde elefanta (folk som trampa sjukt med beina!)
Melaka ligna ganske mykje på Hoi An i Vietnam. Koselig liten by med ei elv rennande gjennom. Smågate med butikker som var fulle av kinesere. Det er og mange koselig kaféer som har ein koselig stil med all pynten som er framme og korleis bordet og stolene ser ut. Skikkelig bra gjennomført :)
Byen har vore erobra av både portugisere og briter som har lagt igjen spesielle bygninger og fort. Dei er og kjendt for å ha dei mest overpynta Trishawsene (sykkeltaxi) så vi måtte nesten prøve ein sånn. Behagelig måte å ta sightseeing på når det er uutholdelig varmt ute og syklisten var ein flink guide.
Etter 4 dager med mykje trakking i både Kuala Lumpur og Melaka trengte vi ein rolig dag på stranda. Me fekk anbefalt noken strender men fekk beskjed at me ikkje måtte ha forventninger sia me hadde vore på Langkawi. Me gjekk på ei lita Strand litt utafor byen som ikkje var så veldig fin men vi var så godt som heilt åleine så den var ok.
No begynner det stygt å nærme seg heimreise. I skrivande stund sitt eg på bussen til Singapore som er det siste stoppet på reiseruta vår. Der blir vi i 4 dager før vi tar flyet tilbake til kalde Norge. Hjelpes meg!
- comments