Profile
Blog
Photos
Videos
Vi hadde bestilt buss til Kuala Lumpur. Då vi kom innpå bussen i Georgetown såg vi heilt tydelig at buss standarden er ganske mykje bedre i Malaysia. Bussturen gjekk fort når vi hadde fin buss med store gode seter.
Kuala Lumpur er ein svær by. Me valgte å bu i Golden Triangle etter å ha hørt ymse om Chinatownen som var i byen. Golden Triangle området var toppers å bu i i forhold til shopping. Etter 10 min gåtur så var du nede i shoppinggullgruven:) Eg trenger vel kanskje ikkje nevne at hovedattraksjonen var shopping. Me hadde egentlig planlagt å ta shoppingen i Singapore men fant fort ut at Kuala Lumpur var ein rimeligare plass.
Me testa og ut korleis utelivet var i området me budde i. Klientellet var så som så med ein blanding av gamle menn med ganske mykje yngre dame og du føler deg som eit kjøttstykke med kjole på. Men me fekk ikkje prøvd ut ein uteplass som skulle være ganske bra pga den låg så langt unna med taxi, så det er nok bra uteliv på dei rette plassane :)
Siste dagen tok vi turen opp i Petronas Twin Towers. Først var det 41. etasje og ut på ein skybridge som var 170 meter over bakken. Skybridgen er ei bru over fra eine tårnet til det andre. Deretter tok vi heisen til 86. etasje og 360 meter over bakken. Kjempe bra utsikt over heile byen. Ein ting du absolutt bør gjere når du er i Kuala Lumpur.
- comments