Profile
Blog
Photos
Videos
Å ta ferge fra Ko phi phi don til Pulau Langkawi var genialt. 9 timer gjekk fort når du kunne sitte på toppdekket å sole deg og nyte utsikten av alle øyane langs kysten til Thailand.
Langkawi er ei forholdsvis stor øy på 500 kvadrat km og har 99 små øyer rundt seg. Flott landskap og finkorna kvite strender.
Etter tips fra bekjente tok vi å leigde oss scootera. Eg hadde aldri prøvd å kjøre scooter før, men etter ein liten prøvetur på parkeringsplassen fant eg ut at dette måtte gå bra så vi for avgårde. Det er venstrekjøring på Malaysia men vi kom fort inn i det. På leiting etter ei fin Strand forvilla vi oss innpå eit resort og åt turens dyraste måltid. Det var herlig å kjøre rundt i flott landskap mens du måtte passe på å ikkje kjøre på apekatter.
Me tok og turen på øyhopping. Den bestod av ein tur på øya "The pregnant lady", ørnemating og ei øy til. "The pregnant lady" har fått navnet sitt etter forma på øya. Vi bada i eit ferskvanns vatn som låg midt på øya.
Neste stopp var ørnemating. Den var eg ikkje så veldig begeistra for sia du gjer ørna menneskevant og eit lett bytte for jegerne, men det var stilig å sjå ørn på nært hold.
Etter det vart me satt av på ei øy med ei fin Strand der vi bada og koste oss i lag med ein gjeng asiatere som låg og plaska rundt vatnet i redningsvesta på.
Resten av dagane har vi brukt ved stranda som motellet vårt låg ved. Eg trur sjøen her må ha vore den varmaste me har opplevd hittil. Me leita etter flekker med kjøligare vatn. Du kan sammenligne det med å ta foten ned i eit badekar med nytappa vann. Vi har hatt eit flott opphold her og eg trur eg må ta turen tilbake hit.
- comments