Profile
Blog
Photos
Videos
THE CITY THAT NEVER SLEEPS!
Å da har nesten ikkje me gjort heller...alt for masse å oppleva og alt for liten tid! Heldigvis skal me tilbake hit på slutten av reisen! No har me brukt to fulle dagar på sightseeing i New York. Kjøpte busspass, der me kunne hoppa av og på der me ville - veldig genialt når ein ikkje har aning om kvar ting er og korleis ein skal komma seg dit! Den første bussturen va absolutt minneverdig, og det var mykje takka vår fantastiske guide Tom! Det han ikkje visste om denna byen var ikkje verdt å veta fann me ut! Ein bra mann som klemte oss på veg ut fordi me lo av vitsane hass :)
Times Square er sinnsjukt, i dag inntok me frukost sittande på stolar midt i mylderet av folk og lys! Frukosten her er vel egentleg ikkje heilt slik me er van med. Salt blir bytta ut med søtt og på kafeane kan ein lesa antall kaloriar på maten ein kjøper. Vår frukost inneheld ikkje mindre enn 720 kaloriar for ein baguett med ost og skinke...og den hadde naturlegvis ein anelse søtsmak!
Ellers har me tatt Staten Island ferja, som utruleg nok er gratis, og fått nokre fine bilete av frihetsgudinna. Den var grøn og stor :) På slutten av dagen i dag har me sett den fantastiske utsikten frå NYC høgaste bygning- Empire State Building. Det var rett og slett vakkert!
I morgon reiser me vidare til Los Angeles, der bilen vår står og ventar på flyplassen. Den skal me råna rundt i 14 dagar der først destinasjon vert San Diego. Flybillettane til LA vart kjøpt i dag...gjelde å ikkje stressa og ha litt is i magen ;)
So no skal me sova i 5 timar før me set oss i ein gul taxi som skal ta oss til La Guardia flyplass der flyet vårt går kl 06.30 i morgon tidleg.
Bilete kjem, men no er me alt for trøytte! Det blir ein kraftanstrengelse å slepa seg opp 4 etg. med trapper!
Fortsatt god tur til oss! Hivåhoi frå Oddis og CK
- comments