Profile
Blog
Photos
Videos
New York igjen....
Då var det siste dagen vår på ferie i USA. Me set oss på flyet til London i morgon kl 18.25 og frå der til Oslo, landar 11 norsk tid og tek fly vidare til Bergen kl 14 laurdag. Sidan me blogga sist har me vore ei heilg i Washington DC, så har me vore i NY sidan måndag.
DC var ein kjempeflott by. Masse historie og mykje å sjå! Såg det kvite hus, washington monument, capitol hill, ulike memorials for krigar og diverse tidlegare presidentar. Vart ein del gåing, men da har me ikkje ilt av :) Var også på nokre museum. Alle musea var faktisk gratis so da var jo konge! Absolutt ein by å besøka om ein tek turen over dammen.
Måndag sette me oss på bussen til the big apple. Turen to ca 4,5 timar. Sjekka inn på hotellet vårt som ligg midt i Chinatown og rett ved sida av metroen. Ein del lyd frå den ja!! Me har heldigvis fått bad på rommet denne gangen, men senga derimot er meir som ligga rett på plankar! Det blir godt å komma heimt til eiga seng snart :)
Dei siste dagane har gått mest i å rusla i NY`s gater, og ein del shopping. I dag har regna bortover og underteinkan har vore i dårleg form så halve dagen har me diverre halde oss på hotellet.
No er det snart tid for å legga seg og gjera seg kalr for heimreise. Me ser stort fram til god norsk brødmat. Grove rundstykker med norvegia og paprika er det første som skal konsumerast!! Fantastisk ferie med masse gode opplevingar som me kjemme til å leva lenge på! samstundes blir de kjekkt å komma heim.
See ya!! over og ut for glade turistar.
- comments