Grand Canyon, Arizona
DET BESTE I LIVET ER GRATIS- SOLOPPGANG I GRAND CANYON
Litt trøytte i trynet når kl ringde 02.45, men me hala oss opp av sengi på eit vis og sjekka ut av ein meget innhaldstom by med namn Flagstaff. Bekmørkt, nesten fullmåne og ein stjerneklar himmel var landskapet dei neste to timane. Med radioresepsjonen som herleg underholdning. For dei som ikkje veit da er det eit radioprogram som går på P3 kvar dag mellom 10 og 12 (men sommarferie no). Oddis har last...