Profile
Blog
Photos
Videos
Hei fraa Hue!
Etter maange dagars fraavaer paa bloggen, kjem eit etterlengta (?) innlegg fraa jentene i det fjerne oesten. Sidan sist har vi vore paa baattur til Halong Bay, der vi blant anna fekk oppleve nydelig natur, spise mykje god vietnamesisk mat og moete mange spennande personar.
Tirsdag vart vi plukka opp av ein buss som tok oss til Halong Bay. I bussen venta ein ivrig guide og ca. 30 andre turistar som vi skulle faa tilbringe dei neste tre dagane saman med. Daa vi ankom Halong Bay vart passasjerane splitta i to, og dei to gruppene gjekk ombord paa kvar sin sjarmerande baat. Linn og eg fekk tildelt ein soet lugar som vi skulle tilbringe den foerste natta i. Etter romfordeling og helserunde var det klart for vietnamesisk lunsj, vaart foerste virkelige moete med vietnamesisk mat. Her fekk vi ogsaa opplaering i korleis vi skulle bruke spisepinna, noko vi etterkvart blei ganske gode paa. (Syns vi sjoelve) Resten av dagen var det fullt opplegg, med kajakk, sjaa paa huler (ala dei vi saag i Vang Vieng) endaa eit vietnamesisk maaltid (vi fekk lage vaare eigne vaarrulla, stilig!) og kvelden bydde paa kortspel, bading, og paraplydrinka paa dekk.
Dag 2 starta tidleg, og etter frukost, pakking av sekken, og ein times tid paa baat og buss, bar det avgaarde paa fjelltur i Cat Ba National Park. Som ekte nordmenn, laag vi i front, og leda an opp trappetrinn og store steinar. (ilag med den andre norske familien i gruppa) Turen opp var bratt og litt skummel, men paa toppen venta beloenninga i form av ei nydeleg utsikt. Svette og sletne i beina kunne vi staa paa toppen og nyte synet av dei skogdekka limestone-fjella. Veldig fint! Resten av dagen tilbrakte vi paa ei "oede" oey, Monkey Island. Paa oeya bur, som navnet tilseie, mange ville apekattar. Desse fekk vi gleden av aa helse paa. Apane var heilt rabiate, dei hoppa opp og ned paa greinene, sloss med kvarandre, sprang etter oss, og beit og klora nokre av turistane. Dei skulle visst bare leike... Etter at vi hadde helst paa apane, spist nok eit vietnamesisk maaltid, lest paa solsenga paa den private stranda vaar og tatt en etterlengta dusj, var vi heilt kaputt. Vi la oss til aa sove i kvart vaart myggnett i den koselige bungalowen vaar.
Gaarsdagen gjekk stort sett til reising. Vi tok baat og buss tilbake til Hanoi, kor vi hadde 1 time til aa finne oss ein restaurant og hive i oss litt middag, foer vi vart plukka opp av "sleeping bus"en vaar. Vi har riktig nok tilbrakt mykje tid i buss, men sleeping bus var ei ny oppleving for oss begge. Med sekken mellom beina, laag vi i var vaar "seng" paa fremste rad i bussen. Med 14 tima framfor oss, var vi spente paa kva natt vi hadde i vente. Vi vart positivt overraska, og personleg kan eg melde om ei koselig natt, med musikk paa oeyret, fleecepledd og mange timars soevn (ikkje samanhengane vel og merke) Linn og dei lange beina hennar greidde seg bedre enn forventa, og vi ankom Hue i fin form, om ein ser bort ifraa stive nakka og litt soevnmangel.
I dag sjekka vi inn paa Than Thien - Friendly Hotel, og vi kan melde om nydelig hotellfrukost, fine og reine rom, og eit saers friendly personale. Etter som vi reiser vidare til i morgon, maatte vi utnytte dagen max, og sjaa det som var av serverdigheita. Vi slang oss med paa ein guida tur, paa omlag 4 timar. Hue, som er oppfoert paa UNESCOs verdensarveliste, er ein fin og spennande by. Den blir kalla keiserbyen, fordi den i naermare 200 aar var keisarens hovudstad under Nguyendynastiet. Vi fekk sjaa Citadellen, Den forbudte by og Royal Gardens foer vi avslutta med eit elvecruise. I kveld blir nok ein tidleg kveld, foer vi reiser til Hoi An i morgon. I dag har vi hatt skyfri himmel og steikande sol, haapa det fortsetter. Ellers skal vi faa skreddersydde kjolar i Hoi An, viss vi greier aa bestemme oss for stoff og form, vanskelige valg! :)
I dag er 9. november, om ein maanad er vi heime! Hjelp og hurra!
Haapa alt staar bra til med dokke!
-Linn og Ingvild, paa farten -
- comments
Tanta Endelig er de på nett igjen. Og du å du for et eventyr. Vi klarar nesten ikkje å fordøye alt, så de må nok ha ei runde med å repetere alle inntrykk når de kjem heim. Godt å høyre de er i form fortsatt. Gjett om vi gledar oss til å sjå det skreddarsydde. Fortsatt eit fint eventyr! Skal helse mykje frå onkelen. Han syns det var trasig å gå på Egon åleine sist han var i Bergen.
Marte Så kjekt med nytt blogginnlegg! Vi er imponert over kor mykje dokke farta, hive dokke med på den eine turen etter den andre :) No blir eg misunnelig når du kjem heim med skreddersydde kle! Kanskje du kan klare å smugle med deg eit lite, tynt plagg til meg og som ikkje tek stor plass? Her ete vi pai og ser gullrekka! Saknar deg systa mi!!! Berre ein månad til du kan sette dine skitne og harde føter på norsk jord :)
Sigbjørn Hei! Mi bestemor Hanna kunne bruke ein heil kveld på å fortelje om alt det spennande ho opplevde på ein søndagstur med bil inn til Bryggja. Mor Maria koste seg ofte med å tenkje på alt det storslagne ho og tante Molla og tante Eli fekk sjå på hurtigruteturen til Nordkapp. Tenk på alle minna og opplevingane de får med i bagasjen heim! :-) Gamle Hanna hadde nok brukt 10 år på å fortelje om dette, men ho hadde sikkert besvimt første dagen av alle inntrykka. Fantastisk, jenter! :-)