Profile
Blog
Photos
Videos
Samoa
Me trengte paa dette tidspunkt i reisa vaar ein ferie fra ferien, saa me tok oss ein tur til Samoa, som me maatte reise tilbake i tid for aa komme til (forlot Auckland loerdag kveld og ankom Samoa natt til loerdag). Me tilbrakte dei foerste tre nettene i Apia (hovedstaden) der me sov i garden fales, som berre kan beskrivast som smaa hytter med nedtrekkbare vegger og kunn maddrasser og myggnett som interioer. Det var varmt. Det var veldig veldig varmt. Me var evig takknemmelige for at hotellet hadde basseng.
Me hadde faatt tips om at det berre var aa reise til Samoa utan noko program, for saa aa besoeke turistinformasjonen i Apia som kunne fikse det meste for oss. Men sidan me ankom MIDT i paaskeferien, og Samoa er SVAERT kristent, var det selvfoelgelig stengt heilt til tirsdag. Det foerste me trong informasjon om var spisesteder og/eller matbutikkar, daa hotellet vaart ikkje hadde restaurant og serverte kun frukost. Me fann paa egen hand ein matbutikk, men der var det lite aa finne saa me heiv oss inn i ein taxi og bad han ta oss til matmarknaden. Me fann fort ut at taxisjaafoeren vaar ikkje snakkte ein doyt med engelsk, daa han tok oss til klesmarknaden istadenfor. Me vart naudt til aa faa andre taxisjaafoerar til aa forklare han det paa samoansk (?), og til slutt kom me fram der, sjolv om det ikkje heilt virka som han visste kva me skulle der. Mari sprang inn og rundt paa marknaden for aa kjoepe bananer/frukt, mens eg satt i taxien og proevde aa forklare at han ikkje maatte koyre vekk daa Mari ogsaa skulle vere med vidare. Deretter ville me at han skulle koyre oss tilbake til hotellet, og fann fort ut at han heller ikkje kunne navn paa nokon av gatene i omraadet. Me viste han deretter paa kartet kor det var, og fann ut at han ikkje kunne lese kart, og hadde ogsaa bange anelsar om at han ikkje kunne lese i det heile tatt. Etter mykje veiving og peiking kom me oss omsider heim til hotellet der me kollapsa i faleen vaar og sov heilt til middagstider. Me aat middag paa Paddles Restaurant, der dei hadde utruleg god mat. Mari spiste fisk som heitte Masi Masi og eg aat biff.
Men me reiste ikkje til Samoa for aa ligge ved bassenget heile dagen! Saa me drog til Lalumanu der me fekk bu i Beach fales paa stranda! Her tilbrakte me to fantastiske dagar paa stranda der det einaste me gjorde var ete, sove og bade. Mari fann boka Shantaram som ho fann ut at ho ville lese foer me forlot Samoa. Boka er paa nesten 1000 sider, saa ho fekk seg noko aa sysle med. Me reiste ogsaa ein tur til Savaii der me budde paa Tanu Beach Fales. Her tilbrakte me ogsaa dagane med aa ete, sove og bade. Etter alle dagane paa stranda fann me ut at Samoa er saa naerme paradis som ein kjem. Krittkvite strender og det klaraste vatnet me nokon gong har sett kombinert med verdens hyggeligaste folk og supergode bananer gjorde at me godt kunne tenke oss aa komme tilbake hit.
Flyet vaart tilbake til Auckland gjekk paa eit saa teit tidspunkt som 02.50 om natta, og me maatte ta siste ferja fraa Savaii kl. 14.00 midt paa dagen og fekk gleda av aa tilbringe over ti timar paa flyplassen i Samoa, som ikkje akkurat er ein plass du har lyst aa tilbringe meir tid enn det som er naudsamt. Me fann der ut at det gaar stort sett INGEN fly paa dagtid, daa me var dei einaste personane der foer kveldstid. Rundt midnatt derimot, var flyplassen stappfull. Merkelige greier....
- comments
Mari Som dotter av Martin Laurhammer må eg få lov te å legga te at eg aldri har spist nåke i heila mitt liv. Derimot så ÅT eg Masi Masi (dei kallar det dolphin fish, så er litt usikker på kva fisk det faktisk er, men var litt kveite/breiflabb-aktig i konsistensen), og det var eit av dei desidert beste fiskemåltida eg nokon gong har ete!
Martine Har ikkje den bokstaven paa tastaturet, aat blir saa mange aa
martin Takk for fine skildringar jenter. Samo kunne eg og hat tenkt meg å vore på nårt eg ser på bileta derifrå. Dåke har ETE Mahi-mahi som er ein svært vanlig matfisk i stillehavet. Det som seglar i området får også denne ofte (den har mange navn, men på norsk går den for doradofisk), så den får me prøva når me kjem dit. No er de komen fram til Japan og eg håpar de har funne ut av doseto. Ikkje trykk på den knappen som spyler oppover!! Håpar Japan opphaldet blir fint. Her heime går det i at Osama bin Laden har avmasjert.Om verda vert tryggare av det, får me no sjå? Ellers er det konfimasjon for Sinde i morgon. Han var desidert kjappaste rundt Storavatnet 1. mai, så formen er i alle høve bra! Ha ein fin tur vidare. martin
Odny Flott konfirmasjonsdag for Sindre. Varmt og fint. Mykje god mat og mange gode ord til ein flott konfirmant. Me sakna dåke. S indre sette pris på presangen frå Afrika. Martin prøvde å ringje dåke i dag, men hadde problem med å komma igjennom. Ha ein fin tur vidare. Skal helsa frå tante Petra og co. Klem