Profile
Blog
Photos
Videos
Hallo hallo!
Igår reiste me frå Tokyo til Hong Kong etter tre fantastiske veker i Japan. Framleis har me ikkje merka noko til strålinga, ingen horn i panna...endå. Så alle kan no slappa av sidan me er ute av både Afrika og radioaktiver soner :-)
Japan viste seg å vera eit utruleg spennande og, ikkje av mangel på betre ord, kult land. Det er eit litt schizofrent land; på den eine sida har du dei gamle tempela og dei gamle tradisjonane med bukking osv, på den andre sida har du alt det nye, teknologiske og til tider absurde. Japan er eit fascinerande land! Den første dagen vår i Japan gjekk med til å leite etter turistinformasjonen og å eta sushi. Turistinformasjonen låg i 10.etasje i ein høg bygning, men det sto ingen skilt utanfor. Så me gjekk rundt og leita i alle dei høge bygningane me såg i området, og sjølv om me spurde fleire personar om dei kunne hjelpe oss og vart vist på kart kvar det låg, så gjekk me framleis berre rundt oss sjølve. Det viste seg til slutt at me hadde gått litt feil veg, fordi kart i Japan ikkje alltid visest med nord opp, men etter ei lang stund med att og fram-vandring, fant me rett bygning. Det me trong mest hjelp til var korleis me kunne billigast mogleg reise rundt i Japan. Det viser seg at om ein skal til Japan og har tenkt å reise litt rundt, må ein kjøpe noko som heiter Japan Rail Pass. Dette kan berre kjøpast utanfor Japan, så derfor var det litt seint for oss å høyre om det etter me kom til Japan. Me fant ut at nattbus måtte bli vårt alternativ sidan tog var for dyrt. Me bestemte oss også for å droppe heile Hiroshima-planen for å få ekstra tid i Osaka/Kyoto og Tokyo som var dei områda me ville til. Etter litt planlegging på turistinformasjonen og kjøp av bussbillettar åt me sushi for første gang i Japan. Dette hadde jo me gleda oss til heile turen omtrent, og det sto så absolutt til forventningane! Me gjekk på ein conveyor belt-sushi restaurant, der små tallerkar med sushi går rundt på samlebånd og du tar det du har lyst på. Båndet går rundt i ein sirkel og i midten står kokkane og lagar det du måtte ynskje. Tokyo er full av slike små restaurantar, og det er mildt sagt heilt fantastisk! På ein slik plass styrer ein óg sjølv kva det vil koste fordi tallerkane ein tar har forskjellig farge etter kor mykje den kostar. Så om ein har lite pengar, så tar ein dei billige tallerkane osv...Skulle gjerne hatt slike stadar i Noreg og!
Det viste seg óg at Japan var det tredje landet på rad der me tilfeldigvis kom på ein helligdag. Eller dagen me kom var ikkje ein helligdag, men dei neste tre dagane var det. Denne veka var noko som blir kalla Golden Week, som består av tre helligdagar frå tirsdag til torsdag: Constitution Day, Green Day (?) og Children's Day, og masse aktivitetar som skjer i løpet av heile veka. Tokyo er generelt ganske folksomt, men på helligdagar, og søndagar, er det heilt ekstremt. Dette fordi alle er ute i gatene desse dagane, gamle som unge. Me prøvde oss på å gå til Sensoji Tempelet i Asakusa på torsdagen, men vart meir skubba opp til det og så ned att. Det var så mykje folk at me rømte inn ein plass dei selde kimonoar og var der i meir enn ein halv time for å sleppe unda litt av folkehavet. Det var óg fordi Martine skulle prøve alle kimonoane dei hadde i butikken :) Dagen før var me i Shibuya/Harajuku-omårdet og tilbrakte heile dagen med å berre glo på folk.
Etter jordskjelva og tsunamien 11.mars, har turistane forsvunne frå Japan. Som om ikkje den japanske økonomien vart nok svekka av det som skjedde, blir det verre av at turistane óg snur seg vekk. Fordi dette er veldig viktig for japanerane, kom det ein gjeng frå ein fjernsynskanal til hostellet der me budde for å intervjue dei turistane som faktisk var att i landet. Sidan det var tidleg på morgonen og eg var fanga i eit hjørne av kjøkenet, sa eg ja til å bli intervjua etter ca tre minuttar av "ehhh...." der eg prøvde å finne på ein unnskuldning for å sleppe. Spørsmåla dei stilte meg var sånne som: "Er du redd for å vera her?" "Er familien din redd for deg?" "Kva synest du om Japan?" "Vil du sei til familien og venene dine i Noreg at dei óg må koma til Japan?" "Kva synest du at japanske styresmakter skal gjera for å få turistane tilbake til landet?" "Kva er bildet folk i vesten får av stoda i Japan etter tsunamien?" ... ikkje heilt i den rekkefølgja, men det var ca dei spørsmåla eg fekk. Svara mine blei: "Nei", "Har nokre bekymra tanter, men pappa har snakka med nokre japanske forretningskollegaer som ikkje er redde, så når han ikkje er redd går det greit", "Eg har eigentleg ikkje sett så mykje av Japan endå, men så langt likar eg det eg har sett. Veldig ulikt Noreg, likar blandingen av nytt og gammalt, og de har utruleg god sushi", "Ja", "Ehh...eg veit ikkje heilt eg. Marknadsføring? Få folk til å spre ordet om at det ikkje er farleg å reise hit? Vise verden at det berre er ein liten del av landet som er skada og at de framleis har mykje å tilby?", "Vesten er skremde av den radioaktive strålinga som er rundt Fukushima, spesielt for oss nordmenn som ikkje har kjernekraft i landet vårt, er dette skummelt. Det har vel kanskje vore eit for stort fokus på akkurat dette i media heime, det vert framstilt nesten som om heile Japan er radioaktivt og det er jo langt frå sanninga." Pluss litt til. "Diverre" er det ingen av oss som har sett innslaget, men her har de no fått ei attforteljing :)
Etter desse første dagane i Tokyo tok me nattbussen, ein female-only buss, til Osaka. Me reiste seint om kvelden og var framme i Osaka rett over 7 om morgonen. Dette med reine kvinne-"plassar" er noko dei har ganske mykje av i Japan, til dømes så har dei på undergrunnen i Osaka female-only vogner i rushtida. Eigentleg ein bra ting, så lenge du er kvinne. Det er alltid minder kvinner enn menn i rushtida, så det gjekk an å ta undergrunnen då og uten å få klaustrofobiske anfall. Då me kom til Osaka fann me fram til hostellet me hadde booka rom hjå. Eller me trudde det var eit hostell, men det viste seg å vera eit forretningshotell som óg hadde dorms. På grunn av mangelen på turistar i Japan, vart me oppgraderte frå 8-sengs dorm til twin room med privat bad/dusj. Rommet var større enn fleire av 8-sengs sovesalane me har sove på, så me hadde det ganske så luksuriøst. Sidan det hadde vore lite søvn den natta, var det deilig å ha ein stad me kunne sova utan å bli forstyrra og det vart til slutt slik at me tilbrakte heile dagen i kvar si seng medan me sov/såg filmar. Det er ein anna ting som óg er bra med Japan, dei har raskt og gratis internett! Det betydde at me kunne sjå filmar og tv-seriar på nett, som er etterlengta etter 3,5 månad utan nokon ting. Internettet fungerte supert heile tida, bortsett frå då Laurhammer-familien var samla i konfirmasjon og me ville vera med :p
Osaka er ein by som vart fullstendig bomba under krigen. Det er derfor nesten ingen gamle bygningar eller ting her. Det er derimot masse kule bygningar, marked og forskjellige andre ting å sjå. Osaka er nesten som Tokyo's veslebror. Det var fascinerande å berre gå "meiningslaust" rundt i byen, det var så mykje liv å sjå. Me vart óg litt barn att i Osaka med besøk på det største akvariumet i verda og på Pokemon Centre. På akvariet tilbrakte me nesten ein heil dag, det låg litt utanfor sentrum av byen, men var verdt turen. Sannsynlegvis var me ivrigare enn dei fleste barna der. Me endte óg opp på opning av eit nytt "kjøpesenter" på togstasjonen fordi eg ville på Topshop og nekta å gje meg sjølv om det var masse folk. Då me etter mykje om og men endeleg kom oss inn i butikken, var det så mykje folk der frå før av at me lengta heim til "folketomme" Noreg og å kunne bevege seg fritt rundt i butikkane. Det virka litt som om alle andre i Osaka óg skulle sjekke ut det nyopna senteret. Japanerar er glade i shopping!
Nabobyen Kyoto er motsetningen av Osaka. Dei ligg så nærme at me tok undergrunnen frå Osaka til Kyoto og mange som bur i Kyoto jobbar i Osaka. Som nevnt tidlegare vart Osaka fullstendig bomba under krigen, Kyoto vart ikkje. I Kyoto finst det så mange tempel og andre gamle bygningar at byen blei spart for bombing. I dag finst det fleire UNESCO World Heritage Sites her enn me klarte å få med oss. Med unntak av "Downtown" er ca heile byen ei stk verdsarv. Me var bla og såg den høgaste pagodaen i Japan, eit slott, keisarslottet (eller iallefall muren og hagen rundt det) og fleire tempel. Ute på ein liten kveldstur traff me og to geishaer, noko som me syntest var moro. Dei to første dagane i Kyoto regna det elefantar og dinosaurar, og sjølv om første dagen stort sett vart tilbrakt på vandring, hadde me dag nr 2 ein innedag med The Fast and the furious-maraton. Me såg jo film nr 5 i rekka på kino i Auckland, og då fann me ut at me ikkje hadde fått med oss nr 3 og 4, så det måtte me jo gjera noko med. Derfor blei det ein heil dag der me såg The Fast and the Furious, 2 Fast 2 Furious, The Fast and the Furious: Tokyo Drift (ein film som var relevant for turen vår, men som viste seg å vera den dårlegaste i rekka) og til slutt Fast and Furious (VI). Ein velbrukt dag med andre ord!
Etter Kyoto hadde me eigentleg planlagt å reise vidare til Hakone, som er i nærleiken av Mt Fuji. Me ville jo sjå det berømte fjellet medan me var i Japan, men i følge andre som akkurat hadde vore der, var det nesten umogleg å få sjå fjellet. Det er noko med varmedamp i lufta e.l. som gjer at det ikkje er rett tid på året å sjå fjellet på no. Derfor bestemte me oss for å berre reise tilbake til Tokyo og bruke dagane der. Etter det me hadde sett, var det meir enn nok å ta seg til i hovudstaden. Så etter ei ny natt på ein litt meir luksuriøs versjon av nattbussen, kom me attende til Tokyo. Då me skulle sjekke inn på hostellet vårt, vart me møtt av ei som kjende meg att: "Mari-san? You were on TV, I saw you on TV." Wohoo, eg er kjendis i Japan. Eigentleg er eg mest nøgd med å bli kalt Mari-san. Føler eg er godkjend i Japan då :p
Helga brukte me på å sjå på folk i Harajuku. Det er her alle som vil visa seg fram på ein eller anna måte i Tokyo kjem til for å, nettopp: visa seg fram. På 17.mai fann me ut at me ville på sumobrytingsturnering. Turneringa hadde allereie vart i 10 dagar og nærma seg slutten, men om ein stillte opp tidleg om morgonen kunne ein få gratis billettar til samme dag. Så me var tidleg oppe og sto i kø saman med fleire hundre andre sumofans, og etter ein time i billettkø fekk me skaffa oss billettar. Sidan det frå 0830 om morgonen til ca kl 1500 berre var amatørar som var ute etter å "bli oppdaga", tok me undergrunnen til Shinjuku og tilbrakte formiddagen der, før me reiste tilbake til Ryogoku der sumo stadion er. Me kom tilbake i 14-tida og fekk nokre av dei unge sumobryterane óg. Eigentleg var me litt skuffa over at ikkje alle var kjempestore. Sumobryterar skal jo ikkje vera slanke og veltrente. Men då dei høgare divisjonane kom på banen var det berre store menn og sjå. Det som var bonusen med dei "dårligare" brytarane, var at dei ikkje hadde lange ritual før kvar kamp. Då me kom opp i dei høgste divisjonane, brukte kvart par omtrent fem minuttar berre på ritual med bukking, kalkkasting, vasking osv. Det blei litt keisamt i lengden, men det var ganske underhaldande å sjå uansett. Dette med slike ritual er typisk japansk. Jo eldre ein er, jo meir tid har ein lov til å ta seg til slike ting. Men me hadde uansett nesten 5 timar med moro på sumostadion. Me tok masse bilete, som de berre har fått seg eit lite utvalg av, åt is og popcorn, sidan det var 17.mai, og syntest ellers at det var særdeles artig å sjå på dei andre ivrige tilskuarane. Sumobryting er tydelegvis ein sport dei ser på i Japan og alle har sin personlege favoritt av sumobryterane. Eg og Martine valgde stort sett våre favorittar ut ifrå kven som hadde kulast navn, kven som var tjukkast eller berre kven som var frå vest (fordi dei to som konkurrerar mot kvarandre kjem inn på stadionen frå aust og vest, og sidan me sat i vest, og er vestlendingar, så hadde me ein viss patriotisme for dei). Dette var ein særdeles morosam måte å feire 17.mai på!
Morgonen etter bestemte me oss for å gå på fiskemarkedet, Tsjujuki. Me hadde fått beskjed at for å full opplevelse av det, så måtte me vera der tidsnok til at me fekk med oss tunfiskauksjonane kl 05. Dei slepp berre inn 170 personar til desse auksjonane, i to puljer, så me var der tidleg for å vera sikre på å få plass. Desverre hadde det sjølvsagt vore nokon der dagane før oss og laga problem, slik at dei hadde stengt av auksjonane for publikum. Dei gjer dette frå tid til tid, fordi turistane går i vegen eller forstyrrar det som skjer der for å få tatt bilete o.l. Dumt for oss, men resten av markedet var framleis utruleg stort og masse liv. Det er det største markedet av sitt slag i verda, og sjølv om me berre fekk sett ein del av det, så var det imponerande å gå rundt der.
Me reiste óg ein tur til Yokohama, dette er den nest største byen i Japan i folketal, men den ligg berre ein halvtime med tog unna. Mange av dei som bur i Yokohama arbeider i Tokyo. Då me gjekk ut av undergrunnsstasjonen i sentrum av Yokohama var det som å koma ut i ei anna verd. Kontrasten mellom Tokyo og Yokohama er ganske stort. Yokohama har bygd sentrum rundt havna med lange promenadar, parkar, fornøyelsesparkar o.l. Tokyo er kanskje den kulaste byen i verda, men det er ikkje ein koseleg by. Yokohama er nettopp det, ein koseleg, avslappa by. Det blei til at me besøkte eit nytt Pokemon Centre, ein butikk som heitte Ingeborg og låg på graset og berre såg på livet rundt havna. Deilig!
Dei siste dagane i Tokyo vart meir til utforsking av det me ikkje hadde sett endå og til det me hadde lyst til å sjå meir av, og meir sushi. Utanom sushi, er me ikkje spesielt imponerte av maten i Japan. Korleis japanerane kan vera så små og tynne når dei lever på eit kosthald av reine karbohydratar er eit mysteirum. Dei lever på ris, nudlar og sukker. Ingen stad i verda finnest det så mange plassar som sel kaker, boller og andre typar dessertar som i Japan. Kl 3 er cake-time og då er det lange køar utanfor alle "dessertutsalg". Veldig spesielt! Sjølvsagt måtte me óg synge karaoke før me forlot landet. Tokyo og Japan er absolutt på lista vår over der-me-må-tilbake-til!
- comments
Tove Elsker innleggene dine Mari, you crack me up :p Japan høres fantastisk ut, gleder meg til dere kommer hjem og kan fortelle enda mer :) kos dere masse i Hong Kong eller hvor det er dere er nå :p
tante Torunn Hei! Det har vore kjempekjekt å følgja turen dåkas på bloggen. Dåke er gode forteljarar og eg kan sjå ting for meg , sumobrytarar og alt. Me her heime er begynt å gle oss til dåke kjem heim, og til sommarferie .. Håper dåke får flotte veker i Kina og! Stor klem
Mari Å ja, eg gløymte og sei at siste natta i Japan sov me i kapselhotell. Det var akkurat passeleg klaustrofibisk og det haldt lenge med ei natt, men when in Rome... evt Japan.... For dei så lurer like mykje som Tante Odny på kva eit kapselhotell faktisk er så foreslår eg Google ;) Takk Tove. Mitt mål i livet er sjølvsagt å underhalde andre, så det er kjekt å vita at eg er på rett veg! ;)
odny Kjekt å lesa om alt dåke er så heldige å få oppleva. Google på kapselhotell var ikkje dumt. No veit eg kva det er, men eg trur eg ville komme til å sove liteder. Ingeborg har fått pakken sin og gler seg til å opna den på måndag. Vonar opphaldet i Kina blir ein fantastisk slutt på turen. Skriv nokre ord snart igjen.
Victoria Har nett hatt ei fantastisk hyggelig lesestund :) Det er så kjekt å følgja med dåke! No glede eg meg til dåke komme heim :O) Då kan me ha mange kvelder på verandaen og gleder meg til å høyre meir, og sjå mange mange bilder :) kos dåke vidare den siste tiden og ikkje minst på konsert Mari :) Klem Victoria
Else Takk for enda et informativ og underholdende innlegg! Det er rett som Torunn sier, at det er mulig å se mye av det dere forteller for seg. Jeg feiret også 17. mai på en alternativ måte, da jeg var i New York med en venninne. Den dagen gikk vi i Central park, var på Guggenheim museum, så Phantom of the Opera på Broadway mv. New York er en meget fasinerende by, som det også frister å besøke igjen ved en senere anledning. Nyt de resterende ukene på turen!