Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen!
No har me vore i Hong Kong i ei veke og det er på tide å reise vidare i Kina. Me møtte gjengen me skal reisa saman med i går kveld, det ser ut som ein bra gjeng!
Første inntrykket av Hong Kong etter tre veker i reine, fine og ryddige Japan var at Hong Kong bokstaveleg talt stinka. Hong Kong var både skittent og rotete, men etter at me hadde vore der ei stund var det ein fantastisk by. I kvar by me har vore i har første dagen bestått av berre å gå rundt å sjå seg om og å "bli kjend med byen". Dette gjorde me óg i Hong Kong med eit heller mislykka forsøk. Det er tydeleg at byplanlegging ikkje har stått høgt på agendaen då dei byrja å byggja ute på øya her, så alle gatene går, på godt norsk, i hytt og pine. Du trur du går i rett retning, men endar opp med å ha gått i ring siste halvtimen. Me gjekk først bortover mot der me trudde me hadde køyrt med bussen dagen før, men enda inne på eit lukka boligområde med sikkerhetsvakter og store portar. Korleis me faktisk kom oss inn der er framleis eit mysterie, men sidan me allereie var inne, var sikkerhetsvaktane snille og slapp oss ut óg. Etter dette snubla me over forskjellige slaktarar, før me tilfeldigvis havna i eit tempel. Vidare havna me midt inne på eit industriområde, heilt utan forvarsel, før me etter ein særs lang gåtur til slutt fann området me trudde me hadde gått mot heile tida. Etter dette har me tatt metroen i Hong Kong.
I Hong Kong fekk me sett mykje av det som er å sjå. Me tok bussen (ved ein tilfeldigheit) opp til Victoria Peak og banen (type Fløybane) ned igjen, me tok verdas lengste rulletrapp (som ikkje er den lengste rulletrappa i verda, men det lengste rulletrappsystemet i verda) frå bydelen Central til bydelen Mid-levels, me tok Star Ferry over havna til Kowloon og gjekk Avenue of Stars for å sjå på skylinen om kvelden, me var på diverse marked og såg på alt ein ikkje treng, me tok ferja ut til Lantau Island for å sjå på ein stk stor Buddha og delta i røykelseseremoni, me var på Pixar: 25 years of animé utstilling på Hong Kong Heritage Museum (?), me var óg på Hong Kong Space Museum (mest for å koma vekk frå sola litt), og me såg det berømte lysshowet frå Tsim Sha Tsui. Alt dette gjorde me ved hjelp av blekksprutkortet. Octopus card er eit bra system i HK. Det er eit transportkort som ein berre fyller pengar på, det fungerar på alt av offentlege transportmiddel og ein kan bruke det i mange butikkar til å betale med. I tillegg får ein bonuspenga på nokre forretningar som hjelper deg å spare endå meir. Eit strålande system og eit "must" for alle som har tenkt å reise til Hong Kong.
Som eg skreiv i forrige innlegg, var me ikkje særdeles imponerte av maten i Japan. Så då me kom til Hong Kong og snubla over ein IKEA var gleda stor då me såg at dei selde kjøttboller med brun saus og poteter. Me kjøpte med oss middag heim, eg kjøpte Bilar og Martine ballerinakjeks. Nøgde og glade gjekk me tilbake til hostellet og hadde ein av dei beste middagane på lenge. Dei blei ein tur nr 2 til IKEA óg. Andre dagen i Hong Kong åt me frukost/lunch/brunch i Soho, der fekk eg grovbrød med røykelaks og egg på, så dei kulinariske opplevingane i Hong Kong har vore store! Me byrjar vel som smått å gleda oss til å koma heim til mammene sine kjøken og middagar no. Eg savnar mest skikkelegt brød, så mykje at når eg kjem heim skal eg til å med eta mursteinsbrøda til mamma. Martine saknar skillingsbollar mest. Ho har lest for mange Henning Mankell bøker dei siste månadane, og i alle dei så skriv han om bollar. Tante Kjellaug: Du har lova oss bollar når me kjem heim, husk det!
På lørdagen etter me hadde vore på Lantau Island og prøva å få oss ei lita kvil, gjekk me ut for å finna ein stad å sjå fotballkampen. Sidan me er i Kina (ikkje sei at eg sa det til dei frå Hong Kong, dei meiner framleis at dei ikkje er frå Kina ... kva er folk frå Hong Kong kalla eigentleg? Dette har vore eit samtaleemne her...er det hongkongerar? Hong Kong kineserar? Hongkongfolk? Hongkongmenn? Hongkongar?) byrja fotballkampen kl 02:45 natt til søndag. Me fann, etter å ha gått gjennom heile pub og nattklubb-distriktet på Hong Kong Island, ein italiensk restaurant/bar der me fekk sjå kampen, fekk øl og pizza heile kvelden for ein ok pris. Sidan resultatet ikkje var noko å snakka om, så for me fort tilbake til hostellet då kampen var ferdig. Klokka var då 0500 på morgonene så det var på tide å koma seg i seng.
Dagen etterpå reiste me til Macau, ein annan liten "republikk" ute i havet. Macau er ein times båttur frå Hong Kong, men ein må gjennom to passkontrollar og toll for å koma seg dit. Passstempel-samlarane som me har blitt, så var det jo grunn nok i seg sjølv til å reise ut. Hong Kong var under britisk herredøme fram til 1997, medan Macau var under Portugal fram til kinesarane kom og tok begge tilbake. Macau er derfor veldig ulikt Hong Kong med ein stilmix mellom det kinesiske og det europeiske, og óg det Las Vegas-iske. Det siste fordi Macau er denne delen av verdas Las Vegas. Alle dei store hotella og kasiona frå Las Vegas finnst det mindre variantar av her. Det siste som er bygd er eit 1,4 billion USD Galaxy hotell og kasino. Ganske sjukt! Macau var derfor ganske rart å gå rundt i pga desse forskjellige "impulsane". Uansett, så var Macau veldig fint og avslappa, så me gjekk berre rundt der og såg på folk og ting ein heil dag. Frå me gjekk av ferja og gjennom heile dagen såg me folk med den samme brune posen som gjekk rundt. Då me gjekk inne i bysentrum vart det berre fleire, og det såg ut som at absolutt alle bortsett frå oss hadde desse posane. Me måtte sjølvsagt finne opprinnelsen til posane, og fann til slutt: eit bakeri. Her i frå stamma posane, og me gjekk inn for å sjå kva alt styret rundt dette bakeriet var for noko. Sjølv om det lukta godt der inne, så fann me ut, etter å smaka på alle smaksprøvane dei hadde, at det var absolutt ingenting spesielt med det dei selde. Dei laga stor sett kjeks som smaka ingenting, og det beste og mest spennande som me fann, var noko som ligna på krumkaker. Me gjekk derfor derifrå utan ein brun pose. På ferja heim vart me oppgraderte, ikkje berre til First class, men til Super Class. Wohoo!!
No er det berre tre veker til me kjem heim att, iallefall Martine, eg er på konsert. Sjølv om me gledar oss til dei neste veken i Kina, så gledar me oss no óg ganske så mykje til å koma heim til sengene våre, ein ordentleg dusj, norsk mat og alle dåke. Rekkefølgen kjem litt an på dagen.
Me sjåast snart!
Red.anm. : Dette innlegget vart skrive siste dagen i Hong Kong, men pga dårleg internetttilgang har det ikkje kunna blitt posta før no. Det er sjølvsagt no mindre enn tre veker til me kjem heim, begge to. Me kan óg stadfeste at gruppa me reiser med er ein strålande gjeng som me kjem til få ein fin tur med gjennom Kina. Me har vore på matlagingskurs å lært oss å laga kinesisk mat, utan hund, men me var på "Bondemarknaden" i første byen me budde i og der hadde dei både hund og katt klare til koking. Det var mykje verre å sjå enn me trudde før me gjekk inn. Ikkje til å anbefala! Me har óg klatra opp på eit fjell og møtt ein slange på vegen ned, det gjekk mykje betre enn forventa. Eg og slangane er framleis ikkje vener, men Martine var flink beskyttar og me kom oss levande ned. I flip-flops!
- comments
Martin Takk for flott innlegg frå Hong Kong mm! Det et interessant å høyra om forskjellen i kulturar og system. Ser ut som japanesaren eg snakka med hadde litt rett. Godt at de ikkje prøvde hundeeting. Når eg kikkar ned på Storm, så byr det meg litt i mot. Ring heim på skype el likn år det høver Mari. Me hadde orre sten ein fin tur til Polen. God tur idare innover i Kina begge to. Martin
Mari I tillegg til innlegget som endeleg kom, er det lagt til fleire bilder i Japan-albumet og HongKong&Macau. Om eg vaknar tidleg i morgon blir det kanskje bilete frå Kina så langt óg! Se hva som skjer...
ilse And was Celine Dion also in the super class ferry? Enjoy both the last moments of your wonderful trip!! Xx
Odny Det er ein fornøyelse å lesa og sjå på bilete i frå alt dåke ser og oppleve. No gler me oss veldig til dåke er heima igjen. Klem frå oss.