Profile
Blog
Photos
Videos
Siste del av New Zealand-turen.
Etter me hadde drukke oss ihjel paa kjempegod kaffi i Wellington, gjekk turen vidare til Taupo. Her tilbrakte me ei natt paa den foerste (og einaste) GRATIS campingplassen me fann i heile New Zealand. Dagen etter fann me ut at me ville ta inn paa hostel igjen, daa me var blitt litt for glad i aa sove i seng igjen. Me tok inn paa Base Taupo, og vel aa ikkje anbefale det til nokon, med mindre du er 18-19aar (helst russ) med festing som einaste interesse. Menmen. Me budde her i fire netter, og hadde i utgangspunktet tenkt aa gjere ganske mykje i Taupo som f.eks. hoppe i fallskjerm og gaa Tongariro Alpine Crossing. Men grunna lite penger og daarligt ver, vart det ikkje noko av. Me fekk iallefall sett verdens mest imponerandes fossefall! (sjaa bilete i south island album). Og saa fekk me vere med paa aa kaste ut fem aust-europeere fra hostellet, noko som alltid er like goy! (dei sov paa vaart rom, hadde berre booka ei seng men var fem stk. og braakte verre enn ti ville elefantar). Me tok oss ogssa ein tur til maanen, eller eventuelt Craters of the Moon, som er eit omraade med mange krater. Me saag ogsaa varme gjoermebasseng (gjoerme som er saa varm at den bobler) og royk (vanndamp) som kom opp av smaa hull i bakken.
Me reiste saa til Rotorua, der lukta ga meg (Martine) eit sterkt deja-vu fra Island. Mari syns det lukta kjempegodt! Me valgte difor aa oppsoeke denne fantastiske lukta ved aa vitje Wai-O-Tapu Geothermal Wonderland. Her fekk me sett den fantastiske Lady Knox Geysir ha utbrudd presis kl 10.15 (etter at guiden hadde toemt eit mystisk pulver oppi), sjoelv om eg trur me saag mest paa alle japanarane som tok ca tredvetusen bilete av kvarandre framfor geysiren. Me fekk ogsaa sett mange fleire (og stoerre) kratere, fleire av dei lysegroenne i farge pga av svovelen (var det kanskje her lukta kom fra?), knallblaa og knallgroenne vatn, New Zealands stoerste varme gjoermebasseng, terrasseformasjonar og det verdensberoemte Champagne Pool.
Etter eit par dagar saag me oss naudt til aa flukte fra lukta, saa me koyrde siste etappen opp til Auckland, der me endeleg fekk kvitta oss med den FANTASTISKE bilen vaar. Foerste kvelden gjekk me paa fransk restaurant og spiste loeksuppe, coq-au-vin og crepes foer me gjekk paa kino og saag limitless som jo var ein ganske interessant film om ei pille som gjorde at ein nytta 100% av hjernen istadenfor 10 som er vanleg. Me gjekk stort sett paa kino kvar kveld me var i Auckland, me saag ogsaa Fast and Furious 5 og Arthur. Paa dagtid susa me rundt omkring i Auckland, me aat lunsj i Parnell (og dessert paa Movenpick butikken) og i New Market, vitja Auckland Museum der me fekk sett tradisjonell Maori dans og haka (krigsrop/sang/dans) og var paa toppen av Sky Tower (328m). Sistnevnte var vel paa kvelden. Me fann ogsaa eit boksalg og fekk samla opp litt lesestoff til me skulle tilbringe ei veke paa stranda i Samoa.
- comments