Profile
Blog
Photos
Videos
Hallo frå New Zealand!
No sit me og ventar på ferja som skal ta oss til nordøya, så eg tenkte like så godt at eg kunne skriva litt medan Martine strikkar sokkar. No har me vore litt meir enn to veker her på sørøya, og me har gjort og sett ein heil del som me sannsynlegvis óg kunne gjort/sett heime i Noreg. Men alt er finare på New Zealand. Også trur eg me har konkludert med at ein må reise rundt halve jordkloden for å setje pris på det ein har heime.
Me fauk frå Sidney til Queenstown, ein relativt liten by nesten heilt sør på NZ, flyplassen var vel ca på størrelse med den i Haugesund. Queenstown er kjent som ekstremsporthovudstaden på New Zealand, og det seier litt sidan dei her er kjende for å hoppa ut frå det meste...Byen Queenstown er ikkje noko ekstrem av seg, det er ein koseleg liten by som ligg i enden av eit vatn med høge fjell rundt på alle sider. Første dagen i QT kom me ganske seint, så det einaste me gjorde var å eta biff: 2 for 1 steak night @Brazz. Det er slikt som backpackarar likar! Neste dag måtte me vente litt med alt som var ekstremt til Martine hadde vore hos doktoren igjen. Det viste seg at å gå til doktoren på NZ kosta ca ein tredjedel av det det gjorde i Australia, så ho ønskte vel eigentleg at me kunne reist hit litt tidlegare. I tillegg drakk ho den beste kaffikoppen så langt på kafeen ved sida av legekontoret, så ho snakkar om det besøket endå! Det skal seiast at det har vore særdeles lite dårlig kaffi å få i dette landet så langt. Ryggen til Martine hadde uansett grodd såpass at ho fekk eit plaster over heile ryggen (ikkje bandasje som tidlegare) og beskjed om å ha det på i 10 dagar før det skulle av. Framleis kunne ho ikkje dusje skikkeleg, men no fekk ho no iallefall vaska håret. Det vart heller inga fallskjermhopping på ho enda, men det venta me vel heller ikkje. Dei første dagane på NZ brukte me óg på å kjøpa varmare kler og å frysa. Her er det blitt haust, og sjølv om me hadde veldig fine dagar med sol, så var det kaldt utanfor sola og etter kl 16. Uansett så klagar me ikkje! Dag 3 bestemte me oss for å gå opp på eit fjell der ein kunne sjå utover byen og dalen. Fjellet er litt høgare enn Siggjo, og er ganske bratt heile vegen opp, det er ei av dei mest populære mountainbiking-nedkøyringane i Queenstown. Det går óg ein gondolbane opp, men me har lært etter Table Mountain og gjekk opp. Eg gjekk ifrå Martine og vart sitjande på toppen ei stund å sjå på paraglidarane som sprang ut frå toppen av fjellet før ho kom. Så då me sat og fekk oss ein kopp kaffi i kafeen, bestemte eg meg for at eg og ville ned frå fjellet i ein paraglider. Heilt spontant. Eg hadde rett og slett tidenes tur ned frå fjellet, og min flytur var mykje mindre skummel enn Martine sin gondoltur. Det var dei desidert beste 10 minutta så langt på turen :-) Me berre sprang av fjellet, sirkla over byen og innsjøen, og medan flymannen dreiv og tulla seg att og fram, sa eg stygge gloser til han på alle språk eg kunne. Men framleis var det dei beste minuttane så langt! Og det var mindre skummelt enn å ta alle slags gondolbanar! Så eg kan iallefall sei eg har bedrive ekstremsport på New Zealand, om enn i roleg/behageleg form. I Queenstown leigde me oss óg bil for å ta oss nordover. Dette vil vel nokon óg sei er ekstremsport sidan vegane på NZ er smale, svingete og fulle av sauer. Men sidan eg har pendla til Langevåg i eit halvt år, er vegane på New Zealand motorveg i forhold. Og sauene har så langt vore bakom gjerde. I lag med hjorten... Einaste problemet me har hatt så langt er at eg som regel set på vindusviskarane når eg eigentleg har tenkt te å blinke. Men det kjem seg!
Sørøya av New Zealand er som eg har sagt veldig lik Noreg når det gjeld landskap. Dei har fjordar og fjell og fossefall og isbrear osv... Fjella er høge og spisse, så litt meir som Sunnmøre eller Nordnorge i fjellstil. Forskjellen på New Zealand og Noreg, er at alt er gjort til ein turistattraksjon. Det er ganske så artig! Fjordane har dei verna i nasjonalpark, og det er berre ein fjord som går an å koma til med bil/buss. Som gode turistar me er, køyrde me sjølvsagt til den eine fjorden, Milford Sound, og var på båttur for å sjå på fjord, fjell og fossefall. Når til og med nordmenn betalar for å sjå på fjordane, så kan ein vel sei at dei har gjort det bra. Båtturen var kjekk den og landskapet var heilt nydeleg. Båten køyrde heilt inn under fossane, så Martine vart våt fleire gonger. Me ville eigentleg sjå pingvinane som lever heilt ute i inngangen på fjorden, men sidan sjøen var for høg denne dagen; dvs at båten bevega på seg, gjekk dei ikkje så langt ut at me fekk sjå dei. Det vart heller eit besøk på The Underwater Observatory, der naturfagleraren blant oss fekk sjå korleis livet på botnen av ein fjord ser ut: live [laiv]. Observatoriet er berre ein tank med vindauge dei har senka ned 10 m i sjøen slik at ein skal kunne studere det unike livet inne i fjorden. Det spesielle med dette er at det ligg eit lag med ferskvatn på toppen, og at fleire av plantene og fiskane som ute i havet lever mykje djupare, kjem her lenger opp fordi ferskvatnet stenger mykje av sollyset ute. Så me fekk sett mange av korallane og fiskane som me ikkje ville fått sett ellers. I tillegg fekk me sett 2000 m høge fjell som stig rett opp frå fjorden og, etter norske standarar, ganske så uimponerande fossefall. Men all in all, a good day! Og mange idéar til den norske turistnæringa.
Etter fjordane var det på tide å ta fatt på isbreane. Me køyrde ut til vestkysten, først ein liten tur ut til Jackson Bay der me såg pingvinane våre og så opp mot isbreane Fox Glacier og Franz Josef Glacier. Me køyrde opp til Fox Glacier, men dei har stengt av vegen så langt nede i dalen at ein må gå i nesten ein time før ein i det heile tatt kjem opp til isbreen. Dette var jo kjedeleg så me bestemte oss for å melde oss på ein isbre-tur på Franz Josef Glacier neste dag. Me budde i Franz Josef by på ein campingplass der, og sov i bilen. På isbreturen så vart gruppa delt inn i to grupper, ei som skulle gå litt seinare enn den andre. Martine ville gå i gruppe 2 som skulle gå seinare, og eg ville i gruppe 1 som skulle gå litt fortare. Det vart derfor til at me delte oss. Guiden på mi gruppe var óg veldig gira å ha meg på gruppa fordi han hadde så lyst til å flytte til Rjukan, og då har høyrde at eg hadde vore der og hadde familie der så vart han heilt i hundre. Eg kan eigentleg ikkje skjøna at nokon har lyst å flytta til Rjukan, unnskyld Ingjerd, men alt eg sa som eg trudde var negativt var berre med på å få han endå meir gira. Det einaste som han synst var negativt var at dei ikkje hadde McDonalds der :p Grunnen til at han ville flytta dit var at Rjukan visstnok er kjent som ein av dei beste stadane i verda for isklatring. Og då eg sa det ikkje var noko sol der i løpet av vinteren, så hoppa mannen opp og ned, for det gjer jo isen endå betre! Så eg reiste til New Zealand og lærte noko nytt om Rjukan :) Pussig nok var ein av dei engelskmenna me vart kjende med i Afrika og veldig gira på å reisa til Noreg og Rjukan, dette pga tungtvannhistoria, så tydelegvis er Rjukan kjent ute i verda. TIlbake til isbreen, så hadde me ein god dag på breen der me klatra gjennom smale sprekker i isen, og ned gjennom tronge hol (lagt av makkar i isen), og vart skremde då retur-ruta vår over isen plutseleg datt ned i elva og vart berre eit ope hol. Heldigvis var det før me var komne bort der, men det var ikkje så mange minuttane om å gjere. Etter isbreen bestemte Martine seg for at nok fekk vere nok og ville ha av plasteret på ryggen slik at ho kunne bli med å bade i Glacier Hotpools. Noko som faktisk berre var varme bad, ganske langt ifrå isbreen. Så i to timar låg Martine på ein sofa med olivenolje på ryggen for å få løyst av plasteret utan å på nytt rive av huden. Det gjekk fint, så no har ho hud på heile ryggen, og eit fint lite arr. Også fekk ho bade og dusje, ein god dag!
Etter isbreen køyrde me vidare nordover, innom Hokitika og såg på jade-produsjonen til Maoriane og på sokkestrikkemuseum der Martine fekk kjøpt seg litt tråd, før me køyrde til Greymouth der me skulle overnatte ein stad kun fordi dei hadde gratis internett :-) Her var det ein god samling av folk, og i tillegg til gratis internett, stor skjerm og masse filmar, og skilpadder i stova, så hadde dei og ein god samling av transvestittar som budde i campingvognene der. Artig!
Frå Greymouth køyrde me tvers over landet og fjella til Christchurch. Etter jordskjelvet 22.februar har heile sentrum av byen vore avsperra for folk og byar. Me var ikkje klar over at det framleis var så gale, sidan det er 6 veker sidan jordskjelvet var. Men ein kunne verkeleg sjå at det hadde vore store krefter i sving, på eine vegen me køyrde som hadde vore tofeltsveg, var det eine feltet 7 m lågare enn det andre. Og me køyrde over ei bru som hadde hoppa bortover, og hadde berre fått ei ny midlertidig avkøyring nokre meter til venstre for der ho hadde vore i utgangspunktet. Heile byen var heilt fullstendig stille og på den tida me brukte på å køyre/gå rundt såg me to andre menneske som var ute å gjekk, det var akkurat som om det var ein spøkelsesby. Det var veldig spesielt og sjå, og gav oss absolutt ein tankevekkar før Japan. Dei seier at omlag 70000 menneske har flytta frå Christchurch og sjølv om myndighetene seier at dei vil koma tilbake når dei har "bygd opp igjen byen", seier folk sjølve at dei ikkje vil returnere. Sidan dette var stoda i Chch, og dei fleste overnattingsstadane i byen er okkupert av heimlause folk etter jordskjelvet, køyrde me vidare til Hanmer Springs for å overnatta der. Hanmer Springs ligg oppe i fjella og er kjent for varme kjelder, men når me var der så var det kaldt og surt ver og det frista lite med bading. Så neste dag køyrde me vidare mot nord, innom i Kaikoura, der me åt beste lunsjen til no: fiskesuppe/gryte, det var eigentleg berre ei tjukk suppe fylt med sjømat, men så masse sjømat at me ikkje klarte å eta opp. Luksus! Frå der køyrde me til Picton, der ferja over til nordøya går frå. Her tok me inn på eit hostel fordi dei hadde gratis internett OG sjokoladekake. Finfint!
Etter ei natt her, køyrde me til Nelson, der me tok inn på søsterhostellet til det i Picton, igjen gratis sjokoladekake. Nelson er ein koseleg liten by, me var på kino og såg ein rar, fransk film og var på vinsmaking i området. Endte opp med å kjøpe forskjellig så me må sende i posten heim, sidan me ikkje kan gå rundt å bere på vinflasker i tre månadar til. Så no har me endå fleire vinar så Sjur må få inn på polet heime. God jobb!
No må eg avslutte her, for ferja går snart og det er ikkje slik her at du kan koma kvinande i det ferja legg ut frå kai slik som heime, så me må bort og stilla oss i kø. Planen dei neste dagane er, om sola kjem fram, å vera i Wellington resten av veka for å møte søstera til Emily, ei vennine av meg frå NZ, og berre utforse hovudstaden litt. I følge Emily og Mangor, som er mine NZ-guidar, er Wellington NZ's Bergen. Så det bør jo bli bra for oss vestlendingar! Ok, Snakkast snart!
ps. bildene blir av ein eller anna merkeleg grunn ikkje lasta opp, så me skal prøve å fikse dette ein gong me har tid og skikkeleg internett, håpar det blir snart. Ver tolmodige!
- comments
Martin Takk for flott innlegg. Kjekt at ryggen til Martine er betre. No når du har fått prøvd paragliding Mari, går det vel ann å droppa fallskjerm - ok? At de brukar tid og pengar på å sjå fjordar undrar meg. Ein tur til Selsfjorden kan eg spandera når de kjem heim. Snakka med ein japaner som jobbar i Knutsen rederiet her om kvelden. Han sa at de kunne trygt dra til Japn dersom de haldt dåke frå Tokyo og sørover. Han hadde kone og to ungar i Tokyo og var ikkje uroa for dei. Han insisterte på at dt var viktig å sjå Japan og ikkje minst læra litt om japansk kultur og mentalitet. No virkar det som om dei har fått tetta lekasjen frå dei skada reaktorane og, så me får fylgja med. Mammo skal på NM i helga. Eg skal vera med, for Rune N skal feira stor dag i Trondheim. Ha ein fin tur nordøve holmane det sør! Martin
John Arne Hoppsann! Flott å høyra at du har fått paraglida litt Mari, da burde alle prøva! Hadde to tura ned frå Bob's Peak når eg va i Queenstown, absolutt luksus med gondolbane opp når ein drar på stor PG-sekk :) Landa dåke på rugbybanen eller? Hadde eg kikka innom her tidligare sku eg tipsa deg om å snakka me paraglidinginstruktøren eg hadde i Nelson, hadde garantert tatt deg/dåke med på ein kjempetur der, alltid flotte forhold, og Nelson e jo faktisk kjent for å væra den plassen på NZ med best og mest stabilt klima.. Elles må eg sei da høyres veldig fornuftig ut å starta på sørøyno og reisa nordøve, no så haustn e på vei der nere. Om dåke vil ha tips te ein liten søt by på vei nordøve mot Auckland vil eg anbefala Napier, som ligg i Hawke's Bay, men om dåke allerede har passert Taupo, så blir da vel ein real omtur.. Nyt turen videre, og husk å kjøpa dåke rimelige icebreaker-merinoull-turklèr, da e latterlig masse billigare på NZ enn i Norge :)