Profile
Blog
Photos
Videos
Hei på alle!
Her kjeme eit nytt innlegg..eg og Martine delte det inn slik at ho skulle skrive om Sør-Afrika og eg om Australia. Til no har begge vore dårlige, men eg skal prøve å få skrive eit heilt innlegg no...så får me sjå når Martine skriv ferdig siste del om Sør-Afrika.
Me reiste direkte frå Johannesburg til Sydney med ein 12 timar lang flytur der overraskande nok ingen av oss sov så mykje. Martine har stort sett sove seg gjennom heile Afrika, ho er allergisk mot alt som rører på seg, men akkurat her så sleit ho med å få sova. Dette førte til at me vart godt oppdaterte på Oscar-vinnande filmar og liknande. Om me hadde sovna, hadde me framleis blitt vekt av at piloten stadig måtte komma med cricket-stillingen frå Sør-Afrika kampen. Etter ein månad i Sør-Afrika skjønnar me framleis ikkje kva greia med cricket er, men at det er viktig er ikkje vanskeleg å få med seg. Kampane varer heile dagen, så den varte godt ut i flyturen vår óg. Stemninga var god då det kom fram at Sør-Afrika hadde vunne kampen, ikkje like god då piloten presterte å sei: "Go Springboxes!". (The Springboxes er nemleg rugby-laget til Sør-Afrika, cricket-laget er kalla Proteas. Og fotballlaget er kalla Bufana bufana (no berre Bufana offisielt). ... For dei som er interesserte).
Då me landa i Sydney var me begge ganske trøytte og ville berre sove. Men me prøvde å halda oss vakne nok til å få dusja og å få i oss litt middag før me slokna heilt. Neste morgon skulle me allerede på surfecamp. På billettane våre sto det at bussen gjekk 0730 frå hostellet vårt. Då me kom ned neste morgon og hadde ete frukost, lurte me litt då me sto der heilt aleine. Etter å ha spurt i resepsjonen fann me ut at bussen hadde gått ein time tidlegare enn det tidspunktet som sto på billetten vår. Artig! Dette var tydelegvis ikkje fyrste gong det hadde skjedd, så me venta på ei dame som jobba for Kilroy i Sydney skulle koma på jobb slik at ho kunne fikse det...sidan det faktisk ikkje var vår feil. Det endte med at me tok tog opp og møtte dei andre som hadde køyrt buss opp, men sidan det var ganske langt og me måtte vente litt, var me ikkje der oppe før det var langt på kveld. Dei andre hadde då hatt sin fyrste surfetime og møtt kvarandre. Etter at me hadde fått i oss litt middag, møtte me dei andre som var på stranda rundt eit stort bål og drakk litt øl. Vatnet i Australia var varmt og godt, så ein heil gjeng bestemte seg for eit lite kveldsbad. Det var her Martine vart fanga i ein straum og dratt opp stranda av ei bølge. I sjøen føltes det ikkje så gale, så det var ikkje før ho kom tilbake på rommet ho kjendte kor vondt det gjorde. Neste dag såg me alle at det ikkje var eit lite skrubbsår! Me prøvde å skylle såret fritt for sand, og som fleire av dykk allerede har sett så er det eit fint 'lite' brannsår ho har fått på ryggen. Det gjorde så vondt at ho ikkje ville ta på seg våtdrakt, så ho blei att medan eg gjekk for å ha min fyrste surfetime...i Australia. Det gjekk ikkje supert, men eg var på rett veg! Og uansett, så var det god trening å kjempe ute i dei store bølgene.
Då eg kom tilbake til campen etter surfinga hadde Martine enno meir vondt og såret såg verre ut, så me bestemte oss for at det var best å ta ein tur til legen. Godt var det. Det var allereie byrja å bli betennelse i såret, så ho blei sett på to antibiotikakurar og smertestillande. Ho fekk brannsalve og bandasje på ryggen, og beskjed om å halda seg utanfor vatn til såret var betre. Det betydde inga surfing, inga dusjing og, verst for Martine, ingen hårvask. Etterkvart som veka gjekk vidare så viste det seg at det kanskje var like greit at ho ikkje kunne surfe. Dag to av surfecampen, for vår del, sto eg på brettet og hadde det moro i vatnet. Men eine instruktøren var bekymra fordi det byrja å bli for mykje maneter utanfor der me surfa... Dei som har sett program om the Boxed jellyfish i Australia skjønar kvifor det var eit problem, dykk andre: check it out! Så kom torsdagen... Denne dagen hadde eg to surfetimar: ein om morgonen og ein om ettermiddagen. Om morgonen hadde me det moro i vatnet i ca 1.5 time før to kvithaiar kom litt for nære. Dei seier at haiar kun et morgo- og kveldsmat. Vel, eg er sikker på at desse to hadde bestemt seg for å eta lunsj óg denne dagen! Plutseleg sto instruktørane på land og vinka og ropte: Get up, get up! Då er det ikkje så moro lenger... Men det gjekk bra og ingen vart etne. Me gjekk berre rolegt tilbake att til vår lunsj.
Dumme som me var så gjekk me tilbake igjen for å surfe også på ettermiddagen. Me tenkte at no var haiane borte og det var då fritt fram. Plutseleg vart himmelen heilt svart og me såg at det byrja å lyne borte mot ei anna strand. Me kunne høyra at lynet kom nærare og nærare, men instruktørane sa at det var ikkje noko problem. I løpet av eit par minutt hadde også vinden auka voldsomt, og folk hadde problem med å koma seg inn mot land. Då eg kom meg i land var vinden så sterk at surfebrettet mitt knakk i to. Vinden berre bles det i to. Då det skjedde såg eg at den eine delen fauk mot nokre andre som kom opp frå sjøen. Heldigvis så traff den ingen. Vinden var så sterk at me ikkje kunne gå oppreist, så dei fleste av oss berre la oss ned på stranda før me krabba opp til skogkanten på grunn av lynet. Det som var verst med vinden var at det ikkje berre regna rett bortover, men den tok med seg sand også. Så du blei piska av sand og kunne ikkje sjå nokon ting.. Eg har aldri vore så glad for oppfinnelsen våtdrakt nokon gong. Ein god ansiktspealing blei det då! Etter å ha krabba bort i skogkanten fekk me etterkvart greie på kor me var, me kunne nemleg ikkje sjå meir enn ca 1 m rundt oss. Dei to instruktørane våre sprang rundt for å forsikre seg om at alle var der, og deretter viste dei oss veien mot bilen deira. Dei måtte få oss av stranda sidan det no lynet så nærme at lyset og lyden kom på likt. Eg er heilt alvorleg når eg seier at eg trur det tordna før det lynte og du kunne lukte lynet. Heile lufta lukta svovel, og då kjenner du at lynet er for nære. Men av alle opplevelsane denne dagen var det å springe gjennom skogen den verste for meg. Å springe barfot gjennom skog og elv (!) i Australia er å krysse alle grenser eg har. Min fobi for slangar har gjort til at eg eigentleg ikkje ville reise til Australia i utgangspunktet og eg trur Australia straffa oss for det. Dagen før hadde nemleg ho som driv campen fortalt oss at dei, to dagar før me kom, hadde hatt ein pytonslange inne på campen. Kult, I think not! Så drit i hai, lyn og syklonar, slangane var det desidert verste! Men eg kan, heldigvis, sei at eg har klart å reise gjennom Afrika og vere i Australia utan å ha sett ein einaste slange :D ... Tilbake til dramaet i skogen så sprang me eit stykke for å finne bilen, alle jentene blei kasta inn baki og eine instruktøren køyrde oss mot campen. Det var så vidt me kom oss ut av parkeringsplassen fordi det var så masse vatn, og då me kom ut på vegen var det tre som hadde dutte ned overalt pga vind/lyn. Så fleire gonger måtte me ut å riva vekk greiner og prøve å flytte på tre for å koma oss i gjennom. Heldigvis gjekk alt bra, ingen skada og ingen varige men. Men etter denne surfedagen, med haiar og tropiske syklonar, trur eg eg har bestemt meg for å halde meg til ski!
Dagen derpå stormen var det bussing attende til Sydney. Me fekk oss senger på hostell, litt mat og litt kvile. Etter det vart det to dagar med sightseeing og litt shopping i Sydney. Grunnen til handlinga var rett å slett at me fraus, og me visste at det var endå kaldare på New Zealand. I tillegg så regna det så mykje at me ikkje orka å gå altfor langt for å sjå på ting. Me såg Operahuset og Harbour Bridge, i tillegg til forskjellige andre kjende serverdighetar i Sydney. Sydney er ein veldig ok by å gå rundt i, det er ei fin (faktisk) blanding av gamal og ny arkitektur, og absolutt ein stad der me kan tenke oss å reise tilbake igjen. Kanskje ein gong når Australia har tenkt å vera snillare med oss... Me fekk óg kjøpt oss nokre varmare gensrar osv. Bra! Eine kvelden rømde me frå regne inn på ein kino utan å vite kva film me skulle sjå. Endte opp me å sjå ein film med Matt Damon som ikkje var så verst. Godt å koble av frå backpacker-livet med ein film!
Me er no på New Zealand. Tok fly frå Sydney tidleg om morgonen mandag, og med ein mellomlanding i Auckland, landa me i Queenstown på Sør-øya. Med dette utgangspuntet skal me bruke dei neste fem vekene på å jobbe oss oppover tilbake mot Auckland. På New Zealand reiser me på tips frå andre og med mål om å kaste oss ut frå eit fly på eit eller anna tidspunkt. Dette må me vente litt med fordi Martine sin rygg tåler det ikkje heilt endå. Så me får rett å slett sjå kva me finn på :)
Noko eg, Mari, har gjort kan de sjå video av her på bloggen :-) Enjoy! (Det gjorde iallefall eg!)
Me skal prøve å få fiksa bileta så fort som muleg! No har me vore her i Queenstown sidan mandag, i morgon reiser me vidare. Kor har me ikkje bestem oss for heilt endå, men me har leigd bil så me kan gjera akkurat som me vil :D Good stuff!
Snakkes snart!!!
- comments
Odny Kjekt å høyra frå dåke igjen, og det såg ut for at du koste deg i lufta Mari. Håpar opphaldet på New Zealand vert utan skader av noko slag. Er spent å korleis det går med ryggen Martine. Kos dåke med måte!!!! Klem
Martin Takk for flott innlegg! Når eg les innlegga og ser på bileta lurer eg kvifor det er jentene og ikkje eg som er på tur! Eg er noko misunneleg, men Mari svarar at dei berre er ute og ser etter fine plassar me kan besøkja - så då så. Her heime er det Frp og ordførarkandidaten i Stavanger som får gjennomgå. Han har filma skjult unge gutar på badet sitt og så har han hatt sex med ein 15 år gml gut. Han sjølv har han i flamnande talar teke til orde for at overgriparar burde kastrerast. Synd at ikkje Frp allerede er posisjon, så kunne han vore den første som fekk testa ut "medisinen". Leiinga i partiet har visst om dette nokre år, men har lete han tura på. Litt ugreit vert det for dei også, stakkars. Ola hadde ein 12 timars militær karriere på Madla, så var han heime igjen. Litt sårt for forsvarsvennen Martin. I dag er det vadlasletta. I går var det fantastisk fint ver, så det skifter fort no, og så klarte me uavgjort mot Dannmark i fotball i går kveld. Ingen stor kamp, men eit poeng vart berga, til danskanes store fortviling. Ikkje så greit å koma på besøk til oss, Bergapene. Ha ein fin tur vidare i landet som liknar på Norge!
Else Spennende å lese nytt fra "down under". Jeg holdt pusten under deler av innlegget, for det var jo ikke få opplevelser dere hadde på surfecampen! Håper dere får det flott på reisen rundt i New Zealand. Jeg nøyer meg med å reise til Oslo på møte i morgen, men skal treffe Tove etterpå og gleder meg til det. Ha det bra begge to! Mange hilsener fra Else