Profile
Blog
Photos
Videos
Etter at vi nesten hadde dauga av varmen i Stellenbosch, begynte vi turen vaar paa Baz Bus (ein buss som koyrer backpackere fra hostel til hostel langs kysten av Sor Afrika). Vaar forste destinasjon var Wilderness, der vi tok inn paa the Wild Farm, eit nydelig hostel oppi fjellsidene i Wilderness. Der slappa vi av stort sett heile tida vi var der, fekk lest mykje, skreve i dagboker og sove i hengekoyer. Og Mari fekk sett fotballkamp. Sjoel om hu vart stygt forstyrra av verdens mest irriterande russer som ogsaa holdt oss oppe heile natta med snorkinga si. Neste dag reiste vi vidare til Knysna, der vi budde paa Isand Vibe. Det var mange hyggelige folk paa hostelet, saa vi tilbrakte kveldane vaare der med grillmat og rosevin, og Mari blaaste oss vekk med sine biljardferdigheter. Turen gjekk saa vidare til Jeffrey's Bay, der vi ogsaa budde paa Island Vibe. Vi var ikkje saa heldige med plasseringa av rommet vaart, daa det var rett ved sidan av baren. Saa det vart lite sovn her. Me fekk endelig posta trommene vaare, ilag med litt anna duss som me ikkje faar lov aa ha med inn i Australia. Elles tilbrakte me tida paa stranda, der Martine vart solbrent paa heile baksida etter aa ha sovna i sola.
Etter J' Bay, reiste vi til Port Elisabeth, som er ein obligatorisk stopp paa Baz Bus ruta. Her sov vi berre, og drog vidare med bussen igjen neste dag til Chintsa. Her budde vi paa eit nydelig hostel med utsikt over stranda. Vi budde i ei fjellside, omringa av skog, griser og apekatter. Heldigvis var apekattane sjenerte og plaga oss ikkje. Paa kvelden spelte dei fleste som budde paa hostelet strandvolleyball og drakk (gratis) vin. Me angra litt paa at me ikkje budde her fleire netter daa dt var ein svaert nydelig plass. Men grunna lite tid, reiste me vidare til Coffee Bay der me budde paa Coffee Shack. Foerste natta hadde dei overbooka, saa me fekk bu aleine paa rom istadenfor aa maatte bu i ein sovesal:) Paa kvelden var det jungleparty, derdei fleste hadde kledd seg ut som noko i jungelen. Dagen etter hadde me meldt oss på surfekurs, så me fòr av garde til stranda tidlig på morgonen. Men sidan veret var dårligt, var også bølgene dårlige, så me låg egentlig berre i vatnet og sprella. Me fekk prøve oss igjen på ettermiddagen, men det var ikkje så mykje betre, og Martine var særs sliten i armane etter all sprellinga og gjekk heller opp på stranda og leika seg i sanden med dei andre som var slitne i armane. Det er verdt å nevne at Coffee Shack tilbyr surfetimer til mindre enn 40kr, og me fekk to retters middag kvar kveld til under 45kr. Og dei hadde gratis biljard.
Dagen etter reiste me til Durban, der me tilbragte ei natt før me hasta vidare til Johannesburg sidan flyet vårt til Australia gjekk neste dag. Me fann ut at me hadde lite lyst å tilbringe noko som helst tid i Johannesburg, som er kjent under kallenavnet "Gangster's Paradise". Me vart også kontakta av Roan og Inge, som var guide/sjåfør på turen vår frå Livingstone til Jo'burg, som inviterte oss på fest i Centurion, som ligg midt mellom Jo'burg og Pretoria. Me reiste ut dit og møtte dei, og blei servert brai (grillmat) og rum&coke/brandy&coke. Dagen etter tok dei oss med rundt i Pretoria, der me fekk sjå det mest nødvendige i Roan sine auge: the Union Building, Boertrekker Monumentet, det høgste punktet i Pretoria og ein demning (hugser ikkje namna på desse). Etter at vi hadde ete lunsj, og Martine ENDELEG hadde fått seg ein banana daiquiri (første, og einaste sidan Zanzibar), kjørte Roan og Inge oss til flyplassen i Jo'burg, og vi fløy vidare til Australia.
- comments
Martine Okay, feil plass. Innlegget er ikkje fra Botswana, men frå Sør-Afrika etter Stellenbosch.