Profile
Blog
Photos
Videos
Halloo!
Me tilbrakte ei nesten ei veke i Wellington, hovudstaden på New Zealand. Det var ikkje planlagt, men det var ein fantastisk by, så kvifor ikkje? Mange som reiser rundt på New Zealand overnattar berre i Wellington på vegen nord eller sør, fordi der er her ferja mellom øyene kjem inn på nordøya. Eg (Mari) vil derfor sei at Wellington er ein særs undervurdert by, og for min del var det første gang på turen så langt eg tenkte at her kunne eg ha budd. Martine vil bu i Queenstown. Ikkje bli bekymra der heime, me kjem nok heim. Sidan eg idag måtte stå opp kl 06 for å få sett at United slo Chelsea ut av Champions League (wohooo!!!), så er det rett og slett for langt heimafrå. Men som sagt, alle som skal til New Zealand, og det anbefalast absolutt, burde ta turen innom Wellington!
Me hadde ikkje så mange planar då me kom til Wellington, så første dagen tilbrakte me eigentleg på utecafe/-pub, det var sol og fint ver, og å sjå på folk er alltid ein grei aktivitet. I tillegg så er Wellington kjent for god kaffi, noko me kan bekrefte, så det var ein grei måte å tilbringa dagen. Me såg og litt på kva me skulle gjera i Wellington dei neste dagane. Etter sein lunsj på hostellet, sannsynlegvis ostesmørbrød eller suppe, prøvde me ny øl på Mac' Brewerybar: Sassy Red. Veldig bra! Dei har og god øl på New Zealand. Og då me sat der, fekk me for oss at me skulle på kino. Me gjekk opp på Embassy Theatre som er kinoen der premieren for Ringenes Herre: The Return of the King (nr 3) var. Den blei totalrenovert for denne anledningen, og det var ein ganske kul kino om eg må sei det. Me sat i setene til dei som var gjester på premieren, og jentedoen var heilt fantastisk :) Då me kom på kinoen viste det seg at det var LadiesNight på kinoen, så dei viste Just Go With It med Adam Sandler og Jennifer Aniston, men me fekk champagne og goodiebag til kinoen. I tillegg så vant EG, IKKJE MARTINE, ein Elizabeth Arden leppestift, så dagen var god! Filmen var akkurat like forutsigbar som den ser ut, men det var morosamt innimellom, så alt i alt ikkje ei altfor galen kinooppleving.
Neste dag gjekk me på nasjonalmuseet Te Papa, som er nasjonalmuseum, nasjonalhistoriskmuseum og litt teknisk museum alt-i-ett. Me var først på eit foredrag om ein kjend fotojournalist og såg på utstillinga av bildene hans. Deretter såg me The Colossal Squid, som er akkurat det: ein kjempestor blekksprut. Den er død og ligg på glas. Om ein kan kalle eit fire meter langt glasbord at den ligg på glas. Det er godt mogleg noko av det eklaste me har sett og me er særs glade for at den lever djupt, djupt nede i sjøen nær Antarktis. Me tilbrakte store delar av dagen på Te Papa, men var ikkje komt halvvegs gjennom alt som var der ein gong. Derfor måtte me jo berre bli i byen lenger.
Wellington var hovudinnspelingsstad for Ringenes Herre-filmane. Det var her studioet var, og det var mange av dei større scenane som vart bygd og filma i området rundt byen. Derfor, som nerdar, var me på Ringenes Herre-tur på fredag. Martine har sett filmane nokre gongar og er fan (ikkje av den rollespelande sorten), men eg har berre sett filmane ein gong og det var på kino då dei kom ut første gongen for no snart ti år sidan. Så for meg var dagen full av forvirring rundt kor er me no, og kven er alle desse personane han (guiden) snakkar om heile tida? Men det var greit, for han viste DVD-snuttar frå scenane som han snakka om, så då fekk eg no iallefall greie på kven personane var. Men eg kan nok ikkje sei at eg hugsar alt frå filmane. Martine synst det var kjekt og sjå kor det vart filma, og var ved fleire anledningar med på å spela rollene live. Berre slik at me kunne få ta bilde, men likevel. Nokre av bildene er lagt ut i albumet New Zealand - North Island.
I Wellington hadde me som sagt ikkje så store planar; utanom å eta skikkeleg mat. Det har vore mykje nudlar, rett-i-koppen supper og egg til middag. Som restaurantguidar hadde me Mangor og Emily. For dei som ikkje kjenner til desse, er Mangor ein ung kar frå Karmøy som studerte på same universitet som meg i England. Han er forlova med vakre Emily frå Samoa, som studerte medisin i Wellington før ho flytta etter kjærleiken til London. Dei er gode vener av meg og har begge skrive mail om ting som bør gjerast og prøvast på NZ, og i Wellington var det stort sett restaurantar og kafear det stod om. Så me bestemte oss for å slå oss laus og få oss litt mat då me kom til Wellington. Først på lista stod ein liten italiensk restaurant, Nicolini's. I følge M&E skulle dette vera deira favorittrestaurant. Og me kan vel sei me vart mette. Det var desidert blant dei beste italienske måltida eg har ete, og Martine smilte ganske bredt over sitt politisk ukorrekte kalvekjøt ho og. Me endte opp med trerettars-middag og vin, og smiler enno ved tanken. Spesielt desserten som Martine hadde, lakris-og solbæris, sit fast på minnet. Me ville vel endt med å gå tilbake dit om me skulle vore i Wellington lenger.
Morgonen etter møtte me søstera til Emily, Fiona, og ei venninne av ho til frokost/brunch. Me åt alle den tradisjonnelle NewZealandske retten pannekaker med bacon og banan, og same kor kvalmt det høyrest ut så var det særs godt og mettande. Etter ein koseleg brunch på ein slepebåt (!) køyrde me opp til eit utsiktspunkt over byen og etter ein liten køyretur for å sjå det utruleg stygge parliamentsbygget (eit av dei iallefall: the Beehive), heim til Fiona. Der fekk Martine seg nye sko, fordi dei var for små til Fiona, og Martine trong nye sko. Deretter gjekk eg og Martine rundt for å finne oss endå nokre varme kler. Det er framleis for kaldt her på New Zealand, så me gledar oss til Samoa neste laurdag. Me gjekk langs brygga i sola og nøyt veret før me gjekk tilbake til hostellet. På kvelden prøvde me oss på ein ny restaurantanbefaling, Sweet Mother's Kitchen, også denne var heilt fantastisk. Her orka me ikkje dessert på restauranten, men då me var på veg bort til kinoen så stoppa me innom Kaffee Eis og kjøpte is. Eg fekk kanelis, så eg er nøgd endå. Me endte opp med å sjå Red Riding Hood som rett og slett var ein forferdeleg dårleg film som ingen bør gå å sjå.
Te Papa stod på nytt på agendaen på søndagen, og sjølv om me brukte nesten to heile dagar her så kunne me brukt mange fleire for å fått med oss alt. Etter museumet gjekk me opp på ein brukt-bok-butikk og fekk tak i litt nytt lesestoff. Martine kjøpte seg ei ny Henning Mankell bok som ho er ferdig med allerede. Me reiste frå Wellington mandagsmorgon, og er no i Taupo lenger nord. Her er det utruleg fin natur, vulkanar og "imponerande" fossar. Meir om det kjem i neste innlegg, men nokre av bileta er allereie lagt ut. Har idag fått lagt ut bileta frå Sør-Afrika og tur2 i Afrika, i tillegg til Australia og NZ så langt. Så no har de mykje å sjå gjennom der heime! Bileta er som tidlegare litt hulter til bulter, men de får berre prøve å gjere noko ut av dei. Om de ikkje skjønar nokon ting, så er det lov å spørje.
Det var alt frå vakre New Zealand for denne gong. Snakkast snart!
- comments
Sigbjørn Kjekk oppdatering!!! - take care!