Profile
Blog
Photos
Videos
Tida går litt fort fort om dagen, det er snart berre ei veke att av reisa. Men vi trøstar oss med at historiene lev lenge i etterkant :)
No har vi funne eit hostell i Wellington, underteikna har fått kopla seg på wlan og skriv litt blogg, medan Bels søv i øverkøya og Arnstein ser litt Simpsons-episoder. Vi er litt segine i dag, etter å ha vore oppe klokka seks for å rekke båten mellom sør- og nordøya her på New Zealand (skal også nevnast at enkelte av oss ikkje sov stort i løpet av natta heller, grunna nok ein framifrå konsert frå Arnstein Snork Søndrol), men det byrjar å bli ein vane ;)
Så for å gå litt attende i tid: Flyturen til Christchurch gjekk veldig bra, og vi fann fram til hostellet der litt utpå natta. Bels hadde reservert rom, men det var det ingen som fann att. Vi frykta ei stund at vi hadde reist til feil hostell, men det synte seg at det einaste nummeret vi hadde ringt til på New Zealand var til plassen vi stod. Så det ordna seg med sengeplassar til alle mann! Truleg ligg det ein post-it-lapp og sleng ein eller annan stad med namnet til Bels og VISA-kortnummeret mitt, men pyttsann.
Vi vakna opp til ein noko grå og regnfull dagen derpå, og gjekk frå 30 varme i Brisbane til 13 litt kaldare her på New Zelaand. Men på sett og vis var det berre godt å få kjøla seg ned litt. Etter ein del om og men fann vi vegen til Avis inne i byen, og henta leigebilen vår. I ekte reprise-stil frå Island hadde vi naturlegvis leigd oss ein Toyota Rav4! Leigebil er generelt rimeleg både her og i Australia, vi betalar 2.300 kroner for å ha bilen ei veke.
Etter ein sjekk på vérvarselet fann vi fort ut at vi måtte nordover, for på sørøya var det spådd mest regn og dårleg stemning. Vi tok ein lang dagsmarsj i bilen i retning Nelson, litt over 40 mil (med innlagt varme-kilder-badepause i Hanmer Springs).
Vel framme på hostellet i Nelson fekk vi ikkje firemannsrom slik vi var lova, men hamna på rom med ein del andre folk. Eit par svenske jenter, ei nederlandsk ei, og ein kar vi aldri rakk å bli kjende med før Arnstein hadde skremt han vekk med snorkinga si.
Fyrste stopp i Nelson var Woolworths supermarked, og tre vangsgjeldingar som er vande med prisane på Coop'en vart fort gira av alkoholprisane her. Underteikna vart tilogmed så gira at ei vinflaske gjekk i golvet under handlinga. Men det tok butikkbetjeninga med knusande ro, dei sette berre opp eit "wet floor"-skilt, og arbeidde vidare. Uansett, med hendene fulle av øl (og ei flaske vin) drog vi attende til hostellet for å konsumere. For å sikre nattero var det ikkje lov å henge utandørs lengre enn til 10 rundt hostellet, og dei som ville halde på vidare vart jaga inn på kjøkenet. Der møtte vi ein svenske ved namn Glans, rettare sagt Martin Glans. Han hadde arbeidd i Bergen og Oslo for å tene seg opp pengar til turen, og hadde mykje fint å seie om jentene i Bergen. Ikkje så mykje fint å seie om Oslo, og det var i allefall ein av oss som sa seg einig i det.
Uansett, kjøkenet måtte "evakuerast" ved midnatt, og dei som då enno ikkje ville finne senga måtte ut i ein avdanka parkert buss i hostellhagen. Spesielt konsept! Vi var godt i farta, og hadde ingen planer om å legge oss. Det synte seg å vére eit bra val, for festen vart framifrå. Må fyrst forklare litt om klientellet på festen:
- Tre stk. vangsgjeldingar
- To skotske jenter (som la sin hug på vangsgjeldingane)
- Ein kanadisk musikar (faktisk sabla god)
- Ein naturtru kopi av Steffen Breivik frå California som sat og måla bilete
- Ein lokal kar som eg ikkje heilt veit kva dreiv med
- Svensken (altså den tidlegare omtala Martin Glans)
- Ei noko spesiell kanadisk jente
Det var med andre ord ikkje store festen, men det er ikkje kvantiteten som teller! Her var det stor variasjon, noko som gav utslag i kunsthandel (Arnstein vart fascinert), munnharpe/gitar-jam (Bels drog damer med munnharpa!), store diskusjonar om danskar i skotsk fotball (som Bels fekk gjennomgå for sidan han ikkje hadde høyrt om Laudrup-brødrene, han var ein skam for landet sitt om han ikkje visste kven dei var). Men vi er nå framleis frå Noreg...
Uansett, festen enda opp i ein park bortafor hostellet langt på natt. Der kom ein nabo og applauderte musikken, men beklaga seg for at kona og borna måtte sove. Det byrja vel å lysne før sistemann av oss var i seng, og då hadde Arnstein allereie snorka ut dei andre frå rommet, slik at vi hadde det for oss sjølv, og sov til langt på dag... Og vi som hadde planer om aktivitetar og mykje moro denne onsdagen! Det enda opp med klesvask... Men det å jo til det og.
I dag var vi som sagt oppe grisetidleg for å kome oss til nordøya med ferga, som tok tre timar. Ferga hadde kinosal, og den hadde vi for oss sjølv, så vi såg ein halvbra animasjonsfilm liggande strødd utover golvet i salen. Vi fekk ikkje med oss bilen over, så det vart bilbytte ved ankomst i Wellington. Til Arnsteins store begeistring skal vi kjøre ein Mitsubishi Outlander resten av turen! Eg og Bels saknar Rav'en, men skal vel overleve.
No trengs litt søvn og dusj før vi tek ein kikk på kva Wellington kan by på av eventyr utpå kvelden.
Vegen vidare blir bestemt av vérvarselet. Vi har håp om ein fjelltur, men er avhengige av godt vér om vi skal opp i høgda. Så vi får sjå kva som skjer :) Einaste vi veit er at vi må vere i Auckland tysdag morgon for å kome oss på flytet til Perth, Siri, Inghild, sol og strand!
Dett var dett, meir sidan.
Eirik
- comments