Profile
Blog
Photos
Videos
Hong Kong american style!
Frukost på Subway, lunsj på McDonalds, føre-middagskaffe på Starbucks... Dette er gutane som veit korleis dei skal få smaken på verda!
Velvel, vi får ha spesialitetane til gode fram til vi kjem til Australia. Tryggast å halde seg til det kjende her i området. Det vil seia, vi gjekk på ein liten smell med middagen, når vi rusla opp til Knutsford Terrace (artig plass forresten) og fann oss ein italiensk resturant. Vi var svoltne på pizza, og jau då, servitøren kunne såklart diske opp med pizza. Men meny? Nei, det fanst ikkje. Vi måtte berre seie kva vi ville ha på, også skulle han ordne. Greit nok, tenkte vi. 20 minutt seinare kjem det nokre tallerkenar med aluminiumsfolie over levert inn i restauranten. Mistanken vart bekrefta, det var pizzaen vår. Novel, den smakte greit nok. Om ein ser bort frå at både eg og Arnstein ikkje er altfor gode i magen no så var det ein bra kveld, alt i alt!
Slek ellers: Hong Kong er ein utruleg fascinerande by! I dag tok vi "Peak Tram" opp til Victoria Peak, som ligg 500 meter over havet. Utruleg utsikt over byen! Ingen kan det å bygge i høgda som folket i Hong Kong. Du finn ikkje mange hus under 20 meter her, tvert imot er de fleste sikkert 50 og oppover. Du blir forholdsvis stiv i nakken av å sjå opp heile tida (og det må vi jo, sidan vi er nyfikne vangsgjeldingar). Trikken vi køyrde var forresten utruleg bratt!
Det mest fascinerande her å sjå Hong Kong by night, utruleg å oppleva alle neon-lysa og alle belyste skyskraparar. Spør du meg er det ein overraskande fin by, spør du Arnstein og Bels er det akkurat som dei hadde venta seg!
No ventar skogbrann- og flombefengte Australia, og det gler vi oss stort til! Temperaturen har sunke frå 47 varme til 20 varme i området vi skal til. Kunne gjerne vore ein mellomting, men den aukar vel litt snart att vonar vi. Når vi kjem ned har vi ikkje så mange andre planer umiddelbart. Tek i allefall eit par netter i Sydney, også får vérmeldinga bestemme kvar turen går hen vidare derifrå. Det einaste sikre er at vi må vera i Brisbane til den 21., men det er framleis god tid att til då :)
Til sist kan vi vel nevne at den forholdsvis fine leilegheita vi bur i har litt problem med straumen... Karane i resepsjonen er oppom og ristar på hovudet no og då, og vi har kun eit lys i taket - men heldigvis straum til kjøleskåpet og laptop. Det synte seg derimot at hovudlykta kom fortare til nytte enn vi hadde rekna med. Praktisk å sjå kva ein driv med på badet og i dusjen...
Ellers eit par gode utsegn frå dagen:
- Arnstein forsøker å seie takk til respsjonisten: "Thank thank"
- Bels på toppen av Victoria Peak: "Hong Kong er eigentleg ikkje så ulikt Smådalen, det ser kji så langt ut over elve her heldan"
- comments