Profile
Blog
Photos
Videos
Allereie har me vore lenger på tur enn det nokon tå uss skulle tru. Klokka syner at me har vore på tur i omtrent 27 timar, noko som er ganske subbint for å koma seg åt Hong Kong. Reisa gjekk framifrå, me landa fyrst på Heathrow fredag kveld, og hoppa over på eit nytt fly som skulle ta oss heilt hit til Hong Kong. Det var eit digert fly, med mange folk Framifrå betjening og ting å gjere på skjermen i stolryggen foran gjorde turen i det heile ganske behageleg. Temperaturen på flyplassen var 23 grader (pluss ja, stemmer) då me landa. Me tok fyrste og beste drosjesvindlaren me fann, og betalte blodpris for å koma uss til hotellet vårt. I skrivande stund står Eirik i dusjen, medan Arnstein og Kristian har vore å handla det mest livsviktige. Øl og potetgull. Me er ikkje heilt sikre på kva den indre klokka vår er for noko, så når me legg uss er heller uvisst. Me skal i alle fall ut og finne uss ein god middag.
Gode utsagn så langt:
-"Bilde" (Heng att frå Island, men er eit framifrå uttrykk som seier meir enn ein skulle tru....)
- "Yes please" (Heng att frå Dublin, men kan brukast visstnok over heile verda)
-"Då e og Jo var på tur..." (Etterfulgt av ei god historie....)
-"Nei nei... me ska reise i 24 tima, men me tapa tima på turen, så det bli 24 tima. E har bursdag litt kortar i år enn neste år"
Det blir spennande å sjå kva meir som kjem opp under turen. (Arnstein vil ha med at det er høgt ned frå rommet på hotellet. Me bur i 12.etg!!)
Med venleg helsing Onkel Reisande Peter
Kristian
- comments