Profile
Blog
Photos
Videos
All right, then! No sit me i Taupo, eit stykke nord på nordøya her på New Zealand. I dag har det vore eit uhorveleg dritvér, så vi fann ut at dette måtte bli ein køyredag. 37 mil har vi lagt bak oss no, og vind og regn tok tak i bilen heile vegen. Det er på mange måtar som å vera heime på sumaren i Vang, dette :)
Uansett, Taupo har så langt vore ein triveleg stad! Vi har fått i oss ein pizza, og ikkje minst drukke litt øl og spelt litt fusball (det har etter kvart vorte tradisjon på turen). No sit bels i øverkøya her og spelar munnharpe for harde livet, medan Arnstein er i dusjen og spyler av seg noko sveitte etter strabasiøs køyring tidlegare i dag.
Når vi kom til hostellet fann vi etter kvart ut at vi delte rom med mellom andre eit par norske jenter, og det synte seg at dei båe hadde hytte på Eidsbugarden (det var slik dei kjende kvarandre). Vinjerock hadde dei vore på i alle år, og far til ei av dei var stor Vinje-fan. Det varmar jo såklart tre festivalhjarter down under! Det er ein liten verden...
I går var vi turistar i Wellington, og var innom dyrehagen og kabel-bilen, eller kva ein skal kalle det. Fløibanen og den tilsvarande saken i Hong Kong var derimot langt meir imponerande, så vi lot oss ikkje blåse til himmels. Dyrehagen var bra saker, Arnstein fekk ein del småkåte blikk frå ein bavian. Kanskje blir det ei hårete gardkjering i Vinje på sikt!
I morgon har Bels fått bekrefta date med Mannen med ljåen til klokka 11, og eg og Arnstein skal ta mykje bilete av hendinga. I morgon kveld dreg vi vidare til Rotorua, også kalla "Thermal wonderland". Det blir vel truleg mykje det same som Island. Uansett, der har vi som mål å finne på litt fleire sprell. Rotorua har kåra seg sjølv til den ultimate staden i verda for å gjere dumme ting på ferie, så vi måtte jo berre innom.
Når det er overstått stikk vi til Auckland og søv der ei natt, før vi set oss på flyet til Siri og Inghild i Perth. Det blir stas! Skal bli godt å sjå sola att og ;)
Over og ut,
Eirik
- comments