Profile
Blog
Photos
Videos
Denne helga vart det tur til Sigiriya! For dei som ikkje veit kva Sigiriya er, google.
Sigiriya var ein plassane eg hadde på todo-lista mi før eg reiste til Sri Lanka, så det er klart eg laut dra dit ein tur.
Difor var det særs kjekt då Chanaka kunne fortelje meg at far hans, som driv med turisme, var ledig og kunne køyre meg
tur-retur Sigiriya på ein dag. Laurdag. Dermed sendte eg ut ein epost til gjengen i SL om noko var huga på å bli med, og vips så fekk eg eit treff.
Dishantha bytta ei vakt og vart med til Sigiriya. Tidleg laurdag morgon reiste me frå Colombo (som vanleg hadde Kristian vore ute ein liten tur kvelden før, dermed kjennest tidleg ut som ekstra tidleg.) Men det gjekk supert, med to stk i ein liten minibuss var det god plass for å ta att litt tapt svevn.
Etter nokre timar var me framme, og synet som møter deg er rimeleg agalaust. Midt i flate landskapet ligg altså ein koloss av ein stein. Oppå denne steinen bestemte altså ein konge for 1000 år sidan å byggje seg ein by. Det er på ein måte Sri Lankas svar på Machu Picchu og Ayers Rock på ein gong.
Staden er freda som eit av Unescos "World Heritage Place", og særs godt ivaretaken. Artig er det også å oppleve Sri Lankas turisme-strategi. For meg kosta inngang 3900 Rupees (Snautt 200 kr), medan for Dishantha kostar inngang 50 Rupees (Ca 2,50 kr). "Det går bra Dishy, eg kan spandere eg".
For meg som til dagleg traskar gatelangs i Colombo var det faktisk uvant å sjå så mange turistar.. eg er mest vant med å sjå andre Sri Lankesarar. Artig nok. Så då bar det oppover denne steinen. Plassen rundt er bygd opp av ei mengd med murstein, gamle hager vatningsanlegg, og gud veit kva.
På veg opp er det måla frescer / måleri inne i sprekker, og eldgamle dikt er funne på veggene som er bygd på vegen opp til byen.
Kvinene som er avbilda på steinveggene er særs barmfagre så mange av dikta (også dei tusen år gamle) er hyllingsdikt til desse vakre kvinnene.
På mellomplatået går stigen / trappetrinna vidare opp mellom løvens labbar som er hugge ut i stein store som fy. Dei må ha hatt god tid desse gamle Lankesarane.
Vidare gjekk trappa (no bygd av jern før hugge inn i steinveggen) bratt oppover, og enda til slutt oppe på platået. Ikkje større enn eit par mål stort, men stort nok til å få plass til mange bygningar (mursteinsruinar), paradeplass, trone, palass, vasskjelde (altså.. dei seier det er eit oppkome, men det kan då umogleg vere sant...), etc.
Artig er det også at plassen er plaga av vepse-angrep, og at det heile vegen står skilt med at ein lyt halde kjaft, eller så angrip vepsen.
Og om du vert angrepen av veps, så må du stå i ro. Særleg.. Det hender faktisk eit par ganske heftige vepseangrep i månaden, primært mot skuleungar. Til pass åt dei tenkjer eg.
Verkeleg ganske agalaus plass å vitje, mykje opplevingar og artige syn. God utsikt, og ei god oppleving!
Vidare gjekk turen til Dambullah Golden Temple i Dambullah. Der har dei verdas høgste Buddha-figur (i Dhamma Chakka-stilling) - 100 ft, 30 meter høg. I gull også. Gullfarge i alle fall. Her ligg også eit særs kjend Berg-tempel (Rock temple), med mange, mange, mange Buddha figurar inne i huler i fjellet.
I tillegg finst her også den einaste plassen i verda der ein kan sjå vannet renn oppover! Langsmed taket, oppover, renn altså vatnet før det bryt og drypper ned i ei bøtte midt på gulvet. Eg... vel.. jaja. Så seier i alle fall soga.
På veg heimatt vart me noko hindra av trafikken attende til Colombo rett etter ein Cricketkamp, men etter ein Cheese&Chicken Kohttu i Colombo var eg vel heime i halv elleve draget.
Framifrå tur! Anbefalast! Sjå bilete.
- comments