Profile
Blog
Photos
Videos
Dishantha ba meg med heim til heimbyen hans, Pelmadulla. Pel er overbygga dei lyt lage over gruveinngangane sine (ser ut som enkle palmebladhus), og Dulla tyder plenty. Plenty med slike altså! Me skulle altså ta turen til Pelmadulla og Ratnapura, to stader vel kjend for utgraving av smykkesteinar og juvelar.Ratna tyder smykkestein, og Ratnapura er altså ein stad med mykje slikt.
Så me heiv oss på bussen tidleg laurdags morgon ved Colombo Fort, busstasjonen. Me fekk sitjeplass, som faktisk ikkje alltid er sjølvsagt.Heldigvis hadde eg hatt ein litt artig kveld kvelden før, så eg klarte å sove noko på den bråkete og skranglete turen som tok kring 3-4 timar. Fyrste stopp var Ratnapura, der bussen hadde ein liten stopp ved sidan av ein kar med kiosk. Det var stadig folk innom i bussen som ville selje eitt og anna, men eg var særs sparsam med rupees. Vel framme i Pelmadulla fann Dishantha ein kamerast som køyrde trishaw, så han køyrde oss heim til familien Wijesekara.
Ein særs triveleg familie med far, mor, storebror, to lillebrør og ei veslesyster. Ein del fiskar og ein hund. Beware the dog sto det på skiltet, men eg trudde ærleg tala Dishy tulla så eg rakte fram handa og skulle til å klappe. Det skulle eg visst ikkje gjort, for plutseleg glefsa han til og ville bite av meg handa. Eg fekk akkurat dratt handa til meg før han var hundemat. God start på påhelsing på familien der altså.
Dagen var travel, Dishy hadde opplegget klart han. Så etter litt kvile bar det vidare til eit Gem-museum. (Gem = smykkestein). Her var mykje interessant å sjå, det finst utruleg mange ulike mineralar som klarte å bli fin-fine stein for ein del tusen år sidan. Interessant var det også å sjå at dei hadde ein del kvarts, noko farmor nok hadde vore interessert i å fortelje dei at me har heime også! Farmor er stein gæren og hadde nok likt seg i smykkesteinens rike! Her hadde dei også ein liten butikk med eit lite utval halskjeder, armband, ringer, etc - men neidå. Helller ikkje her vart det handel!
Vidare tøffa me av garde til ein annan bekjent av Dishantha. Nabo og barnekameraten hans jobba innan økonomiavdelinga på ein tefabrikk i nærleiken, så eg Dishy og bror hans reiste dit for ei omsyning på tefabrikken. Ein kan vel ikkje ha vore i Sri Lanka utan å lært litt om teproduksjonen, så dette er ein stor "check" i lista over ting eg må ha med meg! Tefabrikken var diger, og kring 200 jobba der totalt. Produksjonen gjekk dag og natt, og på eit døger produserte dei i gjennomsnitt 100 000 Kg ferdig te. (Dette talet må eg dobbelsjekke med Dishy.. det ser noko utruleg ut). Eg har lagt ut nokre filmar
også frå denne fabrikken, får tru eg får posta ein link dit ein dag. Uansett, me fekk full omsyning frå mottak til putting i sekk. Eg hadde ingen ide om at det var så mykje ein stakkars porsjon med te skulle gjennom før han havna i pose på Kiwi. Ærleg tala er eg ikkje sikker på om eg hugsar alle stega i produksjonen. Turking, hakking, skjæring, sortering, hakking, sortering, sortering, risting, skyfling, frakt, sortering, turking på ekstrem varme, sortering, risting... ja.. sjå bileta som kjem etter kvart så skjønar de.
All sorteringa var eigentleg litt interessant, fordi for kvar gong dei sorterte, så forsvann det jo ein del te til svinn.
Fyrste-sorteringa er te som vert eksportert blant anna til meg og deg (som i grunn ikkje set så pris på teen som me burde), medan andresorteringa var te som vart seld i Sri Lanka. Snakk om prioritering.
Dette var altså ein tefabrikk, og ein skulle ikkje mange kilometer før ein fann ein til. Og ein til. Området er kjend for teproduksjon, og han som eigde denne og nokre andre tefabrikkar eigde også mykje teplantasjer. KDU-group var firmaet hans, og omfatta også eige kraftverk for å produsere straum nok til tefabrikkane hans. Kjekk løysing når straumrekninga antakeleg er på mange millionar rupees i månaden.
Små teplantasjer er også ei kjekk attåtnæring for dei bebuarane som har plass til å kultivere opp si eiga plantasje. Far til Dishy hadde eit par mål kring huset kor han hadde dyrka opp tebusker. Dermed kunne han hauste teblad som han leverte til fabrikken, og fekk ei lita ekstrainntekt per månad på det. Dishyfar hadde såpass mykje at han også hadde eit par arbeidarar til å hauste blad med han. Far til Dishy er pensjonert, men klarte ikkje halde seg i ro for det. Han var akriv med i haustinga av te, og mykje anna som gjekk føre seg i Pelmadulla.
Ein noko trist nyheit er at då bror til Dishantha kom på vitjing frå Kandy, like etter at me var komne, så stakk katten han hadde tatt med seg av frå pappeska og beint ut i jungelen. Eg var sjølv med på å prøve å finne ho att, men ho var heilt borte. Siste oppdateringa førre veke var at ho var observert, og at Dishymor hadde sett to smågutar til å leite etter katta. (siste oppdatering fire veker etter, er at katta er funne og bur no i huset.)
Samstundes dauda også ein fisk i akvariet til Dishantha.. må seie eg bringer lukke til Pelmadulla du...
Eg fekk ei gåve frå tefabrikken! Te - sjølvsagt, som eg tek med heimatt! Fyrsteklasses te frå tefabrikken.
Seinare på kvelden skulle Dishantha ordne til mat og slikt (grillings) og eg var spent på kva han skulle få til.
Dishantha er litt artig (eg vonar kona hans les dette), når han seier han skal ordne noko, så meiner han at mor hans skal ordne noko. :)
Men uheldigvis vart eg sjuk den laurdagen. For å seie det med litt EDB-terminologi, så hadde eg sidan onsdag berre hatt input - inga output. Og ein treng throughput.
Så då gjekk det som det måtte gå - ting kom oppatt, og det var tale på output også. Ein noko slitsam natt altså, men ikkje verre enn at eg var oppe og klar att for nye eventyr sundag!
Då me kom dit såg det verkeleg ut som ei gruve. Eit lite overbygg over eit hol i bakken, ca 1 kvadratmeter stort, med ein vinsj driven av to karar som snurra opp og ned sekker med jord (og vonleg smykkesteinar). Dishantha hadde heller aldri vore nede i ei slik gruve og var nok omtrent like spent som eg. Utan noko anna å halde fatt i enn forskalinga / ramma i holet kravla me oss nedover - 10-12 meter loddrett ned. I botn var det.. tja.. myrkt, sølete, vatn draup frå alle kantar, og ein veg gjekk det altså eit grovehol innover i myrkret. Så me byrja traske innover, me laut huke oss ned for det var ikkje meir enn ca 1,5 m høgt og kring 1 meter breitt. Lyset var stearinlys som sat fast i forskalinga her og der. Korleis dei klarte seg utan å slukne frå alt dryppande vatn veit eg ikkje. Gruva gjekk innover, litt til høgre, der sat det ein kar til venstre, og der lengst inne sat det 3-4 karar og grov litt på kvar sin kant. Eit par av dei var klare til å skjere ut til venstre, medan eit par andre heldt på rett fram.
Så der vart me ståande (krokbøygde) å småprate litt.. absolutt ingen plass for nokon med klaustrofobi. Dei tykte det nok var merkeleg at ein bleik nordmann hadde funne vegen ned til dei, men dei var særs hyggjele karar som forklarte eitt og hitt om kva dei dreiv med. Ettert ein liten stund kom basen for gruva. Ja, han var bas, akkurat som han ville vore i Noreg. Me hadde gått ca 12-15 m innover frå der me kom ned, og dermed var me altså under elva me kunne sjå frå overflata. Ikkje rart det rann vatn rundt på alle kantar. Når dei byrjar for dagen lyt dei faktisk bruke eit par timar på å pumpe ut vatnet som har samla seg i gruva i løpet av natta. Og om det er regnvêr er det uråd å arbeide i gruva. Det var ikkje meldt regn den dagen, men eg fann ut at dette var nok for i dag, og kravla ut og oppatt. Ein skal ikkje ha slete seg heilt ut skal ein vere viss på å få klatra oppatt.. det er ganske sikkert.
Vel oppe var det god stemning. Etter kvart kom resten av karane opp for å ha seg ein tepause. Både eigarane, arbeidarane, Dishantha og eg vart ståande og prate skit over ein kopp te. Rett hyggjeleg.
Særs interessant å sjå kvar desse edelsteinarne kjem frå. Karane var alt i alt godt fornøgde sjøl om jobben dei gjer kan vere livsfarleg. Dei får slik nokonlunde godt betalt og har sjanse te å bli rike på dette dei også. At arbeidarane som grev etter diamantar i Afrika kjenner det på same måten er eg meir usikker på....
Seinare på dagen reiste Dishantha, bror hans, syster deira, hennar venninne og eg på biltur for å vitje eit par plassar enno lenger inn i Sri Lanka frå Pelmadulla. Me fekk sjå vakre fossefall, me (eg) fekk oppleve blodigler på nært hald. Dei er ganske så fascinerande. Plutseleg sit dei der. Dei sit fast, og dei suger blod. Noko ekkelt, men ikkje verre enn at det gjekk. Det beste er visstnok å la dei suge ferdig, men eg tykte ikkje det var meir hyggjeleg enn at Dishy fekk lov til å rive dei av.
Korleis ein av dei klarte å kravle heilt opp til livet er eg usikker på. Då byrjar ein å undrast over kva for andre plassar på kroppen dei har klart å nå..
Me vitja også universitetet der bror åt Dishy hadde gått. Bror hans var visstnok noko av ein rebell då han var student, og fronta mange demonstrasjonar mot det dei meiner er dårleg skule- og universitetspolitikk frå myndigheitene. For dette vart han sett i fengsel ein gong, og havna også i avisa på grunn av dette. Dermed var det faktisk fleire studentar inne på campus som gjenkjente Dishys bror, utan at han nok kjende dei. Men alt i alt særs god stemning. Me vitja eit digert amfi inne på campus, og eg slo Dishy i "fyrste mann" både ned og opp. Til høglytt knising frå småjentene.
Ei særs opplevingsrik helg hjå Dishantha og familien i Pelmadulla altså! Me hoppa på bussen attende til Colombo natt til måndag, og etter eit par timar på auget måndags morgon i eiga seng var eg klar att for nok ei kontorveke.
Takk til Dishantha og familien for ei framifrå helg!
- comments