Profile
Blog
Photos
Videos
Slik elles i Sri Lanka har eg altså vore her i 7 veker no. Eg skal ikkje skryte på meg altfor mykje utanom jobb- og turisme-aktivitetar, men eg tykkjer likevel eg har tjent nok gate-poeng til å ikkje kalle meg turist meir:
- Ein turist seier Tuk-Tuk - eg seier trehjuling eller Trishaw
- Turistar nyttar sugerør når dei drikk King Coconut (Tambilly). Eg drikk rett frå nøtta.
- Eg har byrja å ta bussen framfor å køyre trehjuling. Det er litt spennande å sjå i det heile take om bussjåføren stoppar. Om ikkje, så er det berre å hoppe på i fart. Så er det spennande å sjå om bussen skal dit du trur, og så er det spennande å sjå om du klarar å hoppe av. Det viktigaste er å springe i rett retning etter at du har hoppa av. Som oftast lyt du sprinte i fartsretning for ikkje å gå rett på trynet. Bussen her er som 37-bussen i Oslo. Stoppar aldri. Det er også artig at bussen kostar ein tjuefemtedel av det ein trehjuling kostar.
- No som det er Movember har eg skaffa meg ein "fast" barberar på Raja Saloon. Han kjenner meg att og gjev meg same, forsiktige (langt ifrå), behandlinga kvar gong. Om eg berre ruslar forbi og ikkje skal innom, kjenner han meg att og helsar. Og eg helsar attende. "Hlo frn, shv, cmhr" sa han førre gong eg var innom. Etter betenkingstid fann eg ut at han hadde sagt "Helo Friend, Shave? Come here". Så vart eg barbert då også.
200 Rupees - 10kr.
- Trehjulingsjåførane utanfor Crescat (er der ein gong i veka og et og handlar) kjenner meg att. "Hello Sir!! You need taxi??" "Yes, I do" "Excellent, where are you going?" "Hunuptiya Cross Road" "... oh.. it is you." Og så må eg finne ein trehjuling på gata, for desse karane vil ha det tredobbelte av det eg vil betale.
- Fyren i Crescat veit eg vil ha Chicken Kohttu. Og endeleg har han funne fram pepperet.
- Sundagar har eg byrja å liggje på stranda i Mt Lavinia. Ein særs hyggjeleg plass, 15 min med buss frå sentrum. Her er det strender, bading, frukt juice og øl om ein vil ha. Så no har eg lese ferdig Skogsmatrosen og må vente på at Carl har med bok nr 2 nedover til veka.
- Eg har tinga meg dress frå ein skreddar, og nye briller frå ein hyggjeleg optiker. (Han hadde faktisk alle undersøkings-instrument der i sjappa hans, som eg har vore rundt til 1 optiker, 1 augespesialist, samt Ullevål Sjukehus for å få vitje i Oslo..
- Okei då.. så er eg litt turist også.
- comments