Profile
Blog
Photos
Videos
Etter tre flotte dagar i Kyoto så reiste me tilbake til Tokyo siste natta før me forlet Japan. Me bur på The Gate Hotel i bydelen Asakusa, som er den gamle delen av Tokyo. Det var utruleg kjekt å få sett meir av Tokyo, og det er store kontraster mellom der me budde fyrste dagane i Shiodome distriktet nær Ginza og der me bur no i Asakusa.
Formen min har vore ganske laber siste døgnet, med svimmelheit og ekstrem kvalme, så det blei ikkje dei store utfluktene medan me var her. Godt at hotellrommet var kjempeflott sidan me brukte litt tid inne på rommet. :)
Men sidan me meir eller mindre ligg vegg i vegg med Sensoji-tempelet og Asakusa Shrine, så fekk me i alle fall sett det. I tillegg kunne me sjå Tokyo Sky Tree like ved.
Da seier me takk for oss i Japan, og syns det er trist å reise frå landet. Hit skal me tilbake ein dag. :)
- comments