Profile
Blog
Photos
Videos
Kvifor ta fly når ein kan ta 'bullet train' Shinkansen i staden for. Det er ein utruleg behagelig måte å reise på, og ein kjem seg raskt frå plass til plass, i tillegg til at ein har rikeleg med plass. Reisa tok ca. 2t40min frå Tokyo til Kyoto. Billettane er like dyre som ein flyreise, men me fekk oss eit knalltilbud gjennom Japanican og fekk billettar og hotell med ein pakkepris som blei billegare enn berre togbillettane. Eg var skeptisk til kvaliteten på hotellet, og om billettane i det heile låg og venta på oss i Tokyo. Men det var ingen grunn til bekymring, alt var tipptopptommelopp, og hotellet hadde t.o.m. samme do som hotellet i Tokyo. Could we ask for more? ;)
Det var enkelt å ta seg frå togstasjonen til hotellet. Kun 2.stopp med t-bana, og når me kom opp frå t-bana så var hotellet 5 meter unna. ;)
Etter ein etterlengta dusj så utforska me nærområdet. Betraktelig meir turistar her enn i Tokyo, og ikkje minst Kina.
Me såg mange med den tradisjonelle kimonoen, både damer og menn. Etter eit lita stund så stupla me over ein større begivenheit, som det gjekk ei stund før me visste kva var. Det var visst nok ein festival som er den 24.juli kvart år, og som går 1000 år tilbake i tid. Festivalen oppstod når det var hungersnød i Kyoto for 1000 år sidan, og folket prøvde å lage ein festival der dei bad til gudane om å få meir mat. Me såg mange menn i kvite drakter som bar rundt på ei stor og tung gulltrone, og ropte 'hakka hakka'. :)
Kyoto er ein idyllisk by, og me fann fort ut at dette er ein plass me vil tilbake til.
Dagen etter hadde me faktisk leigd privatsjåfør som og var guide, Takakazu Machi (Taka), som viste oss noko av det Kyoto kan tilby. Taka var ein skikkelig flink guide, ikkje nok med at han var kunnskapsrik og oppvartende, han var til og med underholdende. Han sang til oss, viste oss korleis me bretta origami svane, og tok oss til ein tradisjonell Kyoto sushi plass. I tillegg til at me lærte utruleg mykje om historien til Kyoto, religionane og arkitekturen. Ja til og med dyrelivet og mattradisjonane fekk me lære noko om. :) Etter ein 5.timars sightseeing var me storfornøgde med alt me hadde sett og lært.
På ettermiddagen vandra me litt rundt i byen og handla litt souvenirar.
Dagen etter var den store dagen her. Andrea blei 15.år, og eg hadde to store overraskelser til ho, som ho var skikkelig spent på kva det kunne vere. Eg klarte å holde det hemmelig til siste sekund. ;) Den fyrste overraskelsen var Geiko og Meiko (mor/datter Geisha) fotoshoot. Gåva falt heldigvis i smak, ho syntes det var kjempespennende å få innblikk i dei mystiske Geishaene sin kvardag. Men du verden så godt det var å få av igjen kostymet etterpå, litt av ein tyngde på desse draktene og parykkane. I tillegg sit dei veldig stramt på. ;) Eg hadde dessverre eit aldri så lite "sminke uhell", tårene mine ville merkelig nok ikkje stoppe å renne så det var umulig å legge på sminken. Men Andrea blei perfekt, og såg heilt ut som ein ekte Maiko. :)
Den andre overraskelsen var bursdagsmiddag med ekte Maiko underholdning. Maikoen satt ved bordet vårt i 10 minuttar, og me kunne stille ho spørsmål om det me lurte på. Ho jobbar til dømes kvar dag mellom 18-24, og bruker dagen elles til å øve på dans og instrument. Det tar 1år med øving før ein kan bli Maiko, og deretter tar det 4-5 år før ein kan bli Geiko (Geisha). Det er ca.100 Maikoar og Geikoar i Kyoto. Dersom dei gifter seg så kan dei ikkje fortsette i jobben. Ho me snakka med såg berre familien dei to gongene ho hadde fri i måneden. Me fekk og vite at ho satte opp håret sitt hjå ein profesjonell ein gong i veka, og kunne ikkje ligge på håret om natta, så ho satt meir eller mindre å sov. Ho avslutta kvelden med å danse for oss. Absolutt ein fantastisk opplevelse og Andrea var strålandes nøgd med bursdagen sin.
- comments
Nina Kathrin Ååå, for ein opplevelse. Gler meg til å sjå deg att snart, og høyre meir om alle dei fine opplevelsene de har hatt ilag :)
Ingunn Ja det var ein fantastisk opplevelse. :) Gleda meg til å komme tilbake til deg òg snuppiz ;)