Profile
Blog
Photos
Videos
Me la Kina bak oss og flaug 2t50min over til Japan. Her skulle me ha 2 dagar i Shiodome distriktet i Tokyo før me skulle ta 'bullet train' (Shinkansen) til Kyoto, eit tog som er oppe i 300km/t.
Her i Japan måtte me skru klokka ytterlegare ein time fram, so no ligg me 7 timar foran norsk tid.
Me sjekka trøytte inn på Park Hotel Tokyo etter å ha stått opp litt for tidlig (kl.04.40) i Shanghai. Sidan me var så i svime så tok me taxi frå flyplassen til hotellet, som var både ein dyr og rar opplevelse. Aldri før har me sete på med ein dårlegare sjåfør. Han gassa og slapp gassen non-stop. Så me blei skikkeleg bilsjuke begge to, men me syntes den eldre taxisjåføren var sjarmerende, der han prøvde å konversere med oss heile vegen med dei få engelske orda han kunne. Det var ein super opplevelse å kunne konversere og i det heile tatt få tak i taxi, sjølv om køyreferdigheitene var litt skrale. ;)
Me var med ein gong overvelda over høflegheita til japaneserane. Dei takka og bukka for alt og alle, og gjorde alt dei kunne for å hjelpe oss, sjølv om dei ikkje nødvendigvis kunne snakke engelsk. Me følte umiddelbart ein stor glede av å vere her i dette landet.
Etter at me fekk sjekka inn på hotellrommet oppdaga eg doen. Wow for ein do! Den hadde innebygd bidé, som rett og slett var eit unikum. Noko so praktisk skal ein leita lenge etter. Dosete var i tillegg oppvarma. :)
Ja i tillegg til doen så hadde me og ein fantastisk utsikt over byen frå 27 etasje. Heisen brukte 38 sekunder opp frå 1 til 27 etasje. :) Kan ikkje seie anna enn at her hadde me det fint.
Fyrste ettermiddagen rusla me rundt i området og gjorde oss kjente. Me spurte ein person som såg europeisk ut, og såg ut som om han budde der, om det var trygt å gå rundt i gatene på kvelden. Han sa at det var så trygt som det gjekk an å få det. Så me senka skuldrene og var ute til halv tolv. Andrea fant forresten ein Abercrombie & Fitch butikk og var strålandes nøgd med dagen.
Dagen etter hadde me klokka på ringing kl. 03.45 fordi me ville ha med oss tunfiskauksjonen på Tsukiji fiskemarkedet, men me klarte rett og slett ikkje å stå opp. Litt for lite søvn natta før var nok årsaka. Me bestemte oss for å sove ut og heller reise ned på fiskemarkedet og ete frukost. Sushien med den ferske tunfisken var nydeleg, og det var ein flott opplevelse å vere der. Resten av dagen gjekk til shopping og middag på ein fantastisk Indisk restaurant i Ginza strøket. Det var den beste Chicken Korma eg nokon gong har smakt.
Dagen etter det så klarte me å stå opp kl 03.45, og me klarte å vere nede på Tsukiji fiskemarkedet til kl.04.15. Det er plass til 120 besøkjande kvar dag på auksjonen, så ein må vere tidleg ute. Dei deler dei besøkjande opp i to grupper på 60 stk. Da me kom var fyrste gruppa fylt opp og den andre var komt halvveis, etter 15.min var det fullt. Dei som kom etter kl. 04.30 fekk ikkje komme på auksjonen denne dagen. Gruppa vår skulle inn kl. 05.50, så det var litt ventetid, men det gjekk overraskende bra. :) Auksjonen var ein opplevelse, det var skikkelig interessant å sjå kjøparane gå rundt blant tunfisken og sjekke kvaliteten på dei ulike fiskane før auksjonen byrja. Når det heile var i gang så var det fort over, det heile tok berre 15.minutt. Etterpå gjekk me for å ete sushi til frukost igjen. Me hadde lyst til å ete på dei to mest kjente restaurantane på fiskemarkedet (Daiwa Sushi og Sushi Dai), men der var køen allerede enormt lang, og ein måtte kanskje vente opptil 3.timar for å komme til, og det orka me ikkje.
Den me valgte derimot, brukte nesten like lang tid på å lage sushien vår, så det blei nesten litt komisk. ;)
Etter å ha tilbrakt litt over 4.timar på fiskemarkedet på morgonkvisten, så reiste me tilbake til hotellet for å pakke og gjere oss klare til togturen til Kyoto.
- comments
Wenche Frisk med fisk!