Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein kort flytur frå Xian til Guilin, og ein times køyretur i buss, så var me framme i Yangshuo. Det tropiske klimaet slo imot oss. Det var varmt og vått, og me var ikkje sikre på om det var regnet eller svetten som gjorde oss kliss våte. Utruleg kor forskjellig dei ulike destinasjonene er som me har besøkt her i Kina. Både i utsjåande og klimaet.
Dagen etter var me på ein sykkeltur i regnet, og me sykla forbi den eine flotte plassen etter det andre. Eller det vil seie, Andrea følte ikkje for å sykle i regnet, så ho var igjen med dei andre jentene som heller ikkje ville sykle. Dei reiste på ein grottetur litt seinere på dagen, der dei bada i gjørme. Dei var godt nøgde med dagen dei og. :)
Me gjekk forresten opp på eit lite "fjell" med namn Moon Hill. Det var trappetrinn heile vegen, og det var tunge skritt for å seie det mildt.
Yangshuo hadde ein heilt spesiell atmosfære, det var ungdommelig og hadde ein tydelig backpacker stil. Det var mange søte butikker her. Absolutt ein plass verdt å besøke.
Den andre dagen så reiste me på kalligrafikurs og lærte oss litt kinesisk skriftkunst. Det var artig å sjå korleis dei laga betydninger av tegna sine. Me lærte fyrst å skrive 'person', deretter 'mann', og så var det kone da, det hadde dei ikkje eit eige tegn for. Det var rett og slett fyrst tegnet 'mann' deretter 'person'. "Ein manns person". Ikkje kvinnediskriminerende i heile tatt. ;)
Deretter lærte me å skrive namna våre på kinesisk. Eller det vil seie, sidan dei ikkje har alfabet så blei det på eit vis det fonetiske namnet vårt, og det vil seie at mitt på kinesisk blei Inga. ;)
På ettermiddagen reiste heile gruppa på eit elvecruise. Det var heilt spesielle fjell i dette området her.
Dagen etter køyrde me buss i 5. timar for å komme oss opp i fjella i Longsheng.
Helsa blir berre bedre og bedre med all kortisonen. Kroppen byrja så smått å fungere igjen, og det er berre heilt fantastisk. Har berre hatt nokre småe time-outs på vegen, og så har eg vore fungerende igjen. Ja og sett vekk frå ein betent finger, litt magetrøbbel og ein liten forkjølelse da. Null stress. :)
- comments