Profile
Blog
Photos
Videos
Dagen etter den store vandringa på muren så gjekk som sagt resten av gruppa vidare på muren, medan me var igjen i landsbygda. Me gjekk oss ein bitteliten tur rundt omkring i bygda, som de kan sjå bilder av i albumet, utruleg idyllisk. Det blei faktisk til at fleire i gruppa blei igjen med oss, og det viste seg å vere eit ok valg. Dei som hadde gått på muren andre dagen sa at det var mild sagt rett opp, og dei måtte klatre oppover.
Etter at dei andre var tilbake frå turen så reiste me tilbake til Beijing. Der brukte me ettermiddagen kvar for oss. Eg og Andrea reiste inn til sentrum, der fann me mellom anna ein Häagen Dazs iskremsjappe, som me stupte inn på. Etter me fekk bestilt oss kvar vår iskrem så fekk me mildt sagt hakeslepp av rekninga på 126NOK. Dyrt, men godt var det. Det var ikkje så enkelt å ta taxi tilbake til hotellet, ingen ville ta oss med. Dei stoppa og såg på adressa vår, rista på hovudet og køyrde vidare. Til slutt måtte me kommunisere med kroppsspråk med forbipasserende, hoppe på ein buss, og satse på at me kom fram. Det gjekk heilt fint det òg ;)
I Beijing så såg me nesten berre nye bilar, det viste seg at dei berre får lov til å ha bilen sin i 10år, så må dei kjøpe seg ny bil. I tillegg så er det regler for når dei kan køyre på motorvegen. Det er regulert etter dei to siste siffera på bilskilta etter kva dag dei kan køyre, men dersom dei likevel må køyre på ein dag dei ikkje har lov, så må dei betale 200kr.
På kvelden samme dag så tok me nattoget til Shaolin, der Kongfu opprinneleg kjem frå. Toget tok ca 9,5 time, og det var tre-køys-seng. Ganske ok måte å reise på.
Me kom fram til kongfuskulen der me skulle bu litt utpå formiddagen. Her fekk me tatt ein rask dusj før me skulle sjå Shaolin-tempelet og nokre kongfu-munkar. Heilt fantastisk opplevelse.
Etter dette tok me ei gondolbane opp til fjellet, der me gjekk ein liten tur på ein ganske så spesiell sti. Den de ser på bilde.
Om kvelden reiste me på eit eventyrlig Kongfu show oppe i fjellet, der dei brukte fjellet som scene, med eit utruleg lysshow. Det var det absolutt mest spektakulære showet eg har vore på nokon sinne.
Om morgonen dagen etter reiste me til Longmengrottene som ligg på verdensarvlista til UNESCO. Det gjer og muren sjølvsagt, men den er og ein av dei sju under i verda. Grottene var enda ein flott opplevelse, eg skal legge til nye bilder av det. Etter dette tok me eit kuletog til Xi'en, med ein fart på 300km/t. Når me kom fram så sjekka me inn på hotellet og reiste ut for å ete. Me prøvde byens beste dumplings, som var kjempegode. Kroppen min/helsa på dette tidspunktet byrja å kjennes ganske sliten ut, så eg ser fram til litt roligere dagar når det kjem.
- comments
Kristine Høres helt fantastisk ut Ingunn! Så tøff dere er! Lykke til videre og hils Andrea, håper formen din holder :) klem
Nina Kathrin Åååååå, so fantastisk heldige de e :) Eg ligg å sløva i campingvogna. Sol og kjempebra temp her på Sandane. Take care ❤️
Wenche SÅ spennande, heldiggrisar!
Marta Fantastisk vonar de har det fint framleis
Anne Marie So mykje de får oppleve, flott å sjå bilete av grottene! De er heldige:) er imponert over at du klarer å stå på, Ingunn. Her heime er det soling og bading i strondi :).