Profile
Blog
Photos
Videos
Jorden rundt med Ingunn & Andrea
I dag var det den kinesiske muren som stod for tur. Fantastisk opplevelse, men formen min var ikkje på topp, så heile gruppa måtte vente på meg heile vegen. Eg visste ikkje at me skulle gå så langt og så bratt, så eg holdt på å måtte kapitulere på eit tidspunkt. Men me skulle gå frå A til B og overnatte i ein landsby, så det var ikkje noko alternativ å gi opp heller. Dei andre skal gå vidare på muren i morgon, på ein enda brattere del av muren, så i morgon tar eg meg ein kviledag. Det var heilt greitt for Andrea. Ho er nøgd med dagens murgåing.
Men i alle fall så var turen i dag minnerik og heilt surrealistisk, sjølv om den var litt for tung for meg.
- comments
Nina Kathrin Ååååå, so spennande. E so glad på dikkas vegner. Fint å tenke på at eventyret dikkas akkurat har begynt.
Anne Marie Wow, for ei fantastisk oppleving! Blir interessant å følgje med på dette :)
Charlie Ni hao!! Fantastisk da. Spennende å følge med..:)
Wenche Flott at de fekk med noko av muren, og då er det også nok! Du må spare på kruttet, Ingunn, så du ikkje ligg rett ut og ikkje orkar noko. De får oppleve mykje, om ikkje alt på ein gong. <3 Dette ser supert ut! Løye å tenkje på at de verkeleg er der...