Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein 5. timers hasardiøs busstur, der ingen trudde me kom til å overleve, så var me framme i fjellheimen. Alle ein smule svimle og bilsjuke. Vegen opp i fjellet slo våre fjellvegar langt ned i støvlane.
Utsikten frå hotellrommet vårt var heilt ubeskrivelig. Fantastisk å få oppleve Longsheng sine ris-terasser.
Dagen etter gjekk me frå vår fjellandsby til ein annan. Me gjekk ikkje så fort, så gruppa måtte ikkje vente på meg, som var ein god følelse i seg sjølv. :)
Det var ris-terasser så langt som auge kunne sjå.
Da me kom tilbake til hotellet vårt så gjekk det ikkje så lang tid før det elektriske anlegget i landsbyen tok kvelden. Me måtte ty til hodelykt og stearinlys, som var rett så stemningsfullt. Sett vekk fra da me skulle legge oss og høyrde store rotter springe i veggene. Alle sov litt dårlig den natta.
Dagen etter tok me bussen tilbake til Guilin. Der venta me på nattoget til Shenzen. Nattoget denne gongen var humpete og bråkete, så alle sov litt dårlig denne natta og.
- comments