Profile
Blog
Photos
Videos
Heihei.
Her kjem det ei lita oppdatering fra NZ
Dag 1: Fyrste dagen av turen starta i Auckland der eg motte resten av gruppa tidleg om morgonen. Det var ei gruppa paa 10 jenter og ein stakkars gut. Me starta dagen med ein lengre busstur der me hadde nokre korte stopp. Foremiddagen bestod av litt treklemming og smaa gaaturar. I lopet av dagen maatte Guro Kvam innsjaa at ho nok hadde tatt med seg nokre ekstra venner fra Fiji. Ho var ikkje kvitt sine venner, Bedbugs. Daa me ankom hostelet i Paihia var det nok ein gong berre til aa sette i gang med aa vaske alle kleda og spreie sekkar og ting. Kryss fingrane for at dei er vekke no:). Hostelet me budde paa var veldig fint og plassen var nydeleg. Som himmel paa jord.
Dag 2: Neste dag var det tid for aa pakke ein dagsbag som me skulle ta med oss over til oya Urupukapuck. Me tok ei ferje over som gjorde ein ekstra rund slik at me fekk sett delfinar og andre dyr. Det var litt surt og kaldt, men Guro var like glad. Framme paa oya bestemte fleira av oss at me ville ta oss ein kajaktur. Eg fekk ingen partnar, saa eg maatte padle i ein singel kajak. Det var ein nydeleg tur og sola kom fram slik at me fekk sola oss litt ogsaa. Vel heime paa oya var det klart for litt lusj for eg og ei av jentene tok oss ein gaatur opp i aasane rundt hyttene me budde paa. Fantastisk utsikt. Paa kvelden spelte NZ og Franrike finale i rugby- VM og dette maatte me jo faa med oss. Ei glad og lukkeleg Guro gjekk til sengs seint. Go The All Blacks.
Dag 3. Det var paa tide aa reise tilbake til Aukcland og planen var at me skulle besoke eit senter som hjelper skada fuglar, men dette var uheldigvis strengt. I staden tok guiden oss med paa ein festival som var i nerleiken, og det gjorde opp for heile fuglesenteret. Her var det aktivitetar for store og smaa, gratis polser og gratis konsert med ein av NZ mest populere artistar. God stemming og god musikk. Fin oppleving. Etter fleire dostopp, iskremstopp og utsikts-stopp var me ut paa kvelden tilbake i Auckland. Perfekt dag forutan krangel med ei av jentene paa turen. Eit meir negativt menneske har eg aldri mott og dette fekk ho hoyre. Eg skal vere snill jente fra no av:).
Dag 4: Denne dagen skulle me vidare til Haihia. Paa vegen stoppa me for aa bade i nokre varme kjelder ved havet. Fyrst ut i det kalde havet og saa opp i dei varme kjeldene. Det var godt og forfriskande. Mykje av dagen gjekk med til kjoyring. Framme i Haihia skulle fire av oss paa ein lengre kajaktur. Denne gongen fekk Guro ogsaa ein partnar. Me padla til ein plass dei kalla Cathedral Cove og de var veldig fint der. Paa stranda fekk me kaffe og varm sjokolade for me padla tilbake. Turen var paa tre timar saa me fekk trimma oss litt ogsaa. Paa kvelden hadde me BBQ og kosa oss. Eg fekk oppleva aa Fly:) Det var eit par som kom og prata med oss og dei ville vise meg flygande yoga. Det var veldig interssant og eg satt igjen med ein god folelese etterpaa.
Dag 5: Denne dagen hadde eg gleda meg lenge til fordi me skulle inn i ein Maori landsby og overnatta; Dette vart ein av dei beste opplevingane saa langt paa turen min. Me vart tatt i mot ved ei slags bonn og deretter helsa me paa kvarandre paa Maori vis ved aa to gonger ta nase mot nase. Etter dette vart me fortalt litt om kuturen. Me skulle som sagt overnatt og romma me fekk var heilt nydeleg. Kvar seng hadde ein utskjering over seg av ein eller anna som betyr mykje for maoriane. Min hadde ein mann med ein bibel pga kristendommen som har paavirka. Paa kvelden fekk me middag saman med 100 andre og me fekk sjaa nerare paa kulturen gjennom underhalding og stasjonar der dei visa oss ulike ting. Heile denne utrulege dagen var avslutta med at gruppa mi framforte ein sang paa maori for dei 100 andre. Det var utfordrande og moro. Utruleg dag.
Dag 6: Neste dag stod ein plass dei kalla Rotorua for tur. Paa vegen bada me i ei varm elv. Etter ein lengre og hompete busstur kom me fram til Blue Dock Lodge som var vaar overnattningsplass. Denne laag paa ein gard lang inne i skogen. Her driv ein bonde garden sin i tillegg til aa passe paa ein stort omraade rundt. Me fekk vere med aa sjaa kva prosjekt dei hadde og me fekk sitte paa med ATV bilar langt inn i skogen. Guro var litt redd paa dei smale vegane, men mest kosa ho seg. Me fekk ogsaa vere med aa stelle nokre av dyra litt. Paa kvelden aat me ein god middag og leika leikar til langt paa kveld. Eg lo so eg skreik.....hehe.......Fekk ein skuletur folelse paa denne plassen. Utuleg fin plass med nokre utrulege folk.
Dag 7: Denne dagen var det store proskjetet aa gaa over fjellet der som Mount Dome i Ringens Herre var spelt inn, men det var ikkje bra nok ver for dette saa me maatte avlyse turen. Dette var trist og eg vart litt sint, men ikkje noko aa gjer med det. I staden reiste eg og ei av dei andre jentene paa ein lengre Mounten Bike-tur oppe i fjella. Det vart ein god trimtur som gjorde meg ganske stiv og stol, men det foltes godt. Paa hostelet venta det boblebad naar me kom tilbake og ein ok middag. Resten av kvelden brukte me til aa snakka, kose oss og ha felles massasje paa kvarandre. Kosleg kveld.
Dag 8: Som er i dag. I dag har me berre kjoyrt buss, med nokre smaa stopp for aa sjaa ulike ting paa vegen. Det har eigentleg vore ein road-trip i dag med mykje god musikk og litt underhaldning. Me skulle til Wellington i dag og me ankom byen ut paa ettermiddagen. Fleire av tok turen paa eit kjent museum. Eg har brukt tida mi paa nettet og til aa slappe av.
Det har vore ei super veke og i morgon reiser me vidare til Sor-oya. Eg haapar dei neste to vekene skal bli like bra. Eg har paa folelsen at med desse folka og med dette landet saa vil det bli awsome me ein STORE O......HEHE......
Eg ser dykk alle snart igjen.
Klem fra tante reisande Kvam.
- comments
maren Å, så kjekt å lese!! Gleder meg sånn til å treffe deg når du kommer hjem! Fikk dere se Hakadans hos maoriene? Det er utrolig stilig! Kos deg videre kjære venninne!
Guro Eg maa berre seie til alle at eg har rafta ogsaa. Det var skummelt og moro. Bilete naar eg kjem heim.
Elin Høyrest ut som du har det topp :) Kjekt å lesa. Klem :)
Silje Anita alltid like kjekt å lesa bloggen din :) høyrest ut som du har det topp!!! me gledar oss til du kjem heim om ikkje so alt for lenge :)
Vivian Kvam Hei Tante! Det er kjekt å sjå alt du er med på. Me har starta å glede oss til du kjem heim. Då skal me starta med juleførebuingar saman med deg...... Suss og klem frå Anna og Andreas :)
Ellen Sofie SÅÅÅÅ kjekt å lese:) Vi har solgt leilighetene vår når du kommer til Norge, så du må komme og se vårt nye hus:)