Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman.
No har eg vore heime i over ei veke og eg driv fortsatt på å fordøye alle inntrykka eg har hatt på turen min. Eg tenkte også at eg vil gjere ferdig bloggen min ved å skrive om dei 14 siste dagane mine ute i den store verda. Det er jo ikkje alle eg får prate med i næraste framtid og for meg er det er ein fin avslutning på turen min.
Dag 9: Denne dagen skulle me kjøyre fra Wellington til Abel Tasman. Me starta tidleg frå Wellington med vår nye guide Petal. Etter 3 timar på ferje over frå Nord-øya fann me vår nye buss og plukka opp eitt nytt medlem på turen, Marina. Her i frå gjekk turen til ein av dei mest kjente vingardane, men sjolvsagt kan ikkje Guro Kvam hugse kva det heitte der. Her fekk me smake på ulike vinar og moglegheiten til å handle viss me ville. Etter å ha smaka og sputta ut ein del vin ( for mn del) gjekk turen vidare til ålet for dagen, Abel Tasman. Denne kvelden hadde me BBQ og øvde oss på flying yoga. Laura og eg tok oss ein spasertur ned på stranda, der me nesten blei eten opp av ein fugel som passa på reire sitt.....hehe....... Me løyste litt verdensproblem og så gjekk me heim og la oss. ( allereie denne kvelden merka me at det var eit eller anna som ikkje stemte med den nye guiden vår. Han var stor i munnen og ein del av oss jentene syns han virke sleip).
Dag 10: Dette var den store tur dagen vår, gåturar. Me stod tidelg opp for å ta ein båt til ei strand der det var mange ulike løyper me kunne velja mellom. Alle ville føre oss tilbake til campingplassen vår, men det var mange ulike lengder. Eg, Bob, Laura og Marina bestemte oss for å ta den lengste som var på 8 timar. Dei andre valde å gå til eit lite vatn å bade å så snu og gå heimover. Me gjekk alle til dette vatnet og då de andre snudde fortsatte me 4 på turen vår. Det var ein heilt utruleg tur med mykje å sjå og mange fine utsiktspunkt. Marina gjekk amok med kamera sitt og me andre irriterte oss litt over at ho alltid skulle ta bilete og var så treig.....hehe.....men me er gode vener altså. Når det var ca 3 timar igjen av turen byrja mine gnagsår verkeleg å plage meg, så når dei andre tok seg nokre avstikkara bort frå stien, holdt eg meg heile tida på stien for å kome meg fort heim. På slutten var det eg og Bob som gjekk saman heim, medan dei to andre tok livet litt meir med ro:). Eg kom meg heim og fekk ordna med gnagsåra. Også denne kvelden hadde me BBQ, ei lett løysning når ein campar. ( denne kvelden proklamerte guiden vår at han gjerne skulle sett alle jentene på turen naken. Det var noko som ikkje stemte her)
Dag 11: Denne dagen skulle me ikkje gjere så mykje, berre kome oss til Hammers Spring som var vår neste stopp på turen. Me kom fram ved 3 tida og fekk litt tid til å slappe av. På kvelden åt me ein tidleg middag før me gjekk til nokre varme kjeder for eit kveldsbad. Dette var utruleg godt og avslappande og me tilbrakte 2 1/2 time der. Me avslutta kvelden tideleg og gjekk til sengs. Eg trur alle var utslitne og etter det varme badet var kroppen avslappa og trøtt. ( guiden vår fortsatte å vere rar. Han ville t.d kjøyre oss til dei varme kjeldene etter å ha drukket + at alle jentene fekk ein ekkel følelse av måten han såg på oss då me bada)
Dag 12: Etter ein kort kjøyreturen denne dagen kom me fra til Kaikoura. Denne plassen er kjent for sitt mangfoldige dyreliv. Eg og tre andre reiste på delfinsymjing. Me vart dressa opp i våtdrakter, tatt med ut på ein kort båttur til me fann delfinane og der fekk me lov å symje saman med dei ville delfinane. Me fekk i alt 5 forsøk, men det var berre ein av gongene at delfinane viste interesse for oss. Det er snakk om ville delfinar og dei gjer som regel akkurat som dei vil. Men eg var storfornøgd fordi den eine gongen det var vellukka var dei veldig interessert i meg og kom ganske nær for å leike rundt meg. Det var ei utruleg oppleving som eg aldri vil gløyme:). Då eg kom opp igjen i båten spydde eg.....hehe.....Fin avslutning for meg og litt ekstra mat til fiskane i havet......hehe...... Seinare same dag reiste eg og tre andre på Crayfishing med ein av dei lokale heltane i bygda. Her vart me med ut i båt for å dra opp teiner som han hadde sett ut før på dagen. Møte med denne mannen var sterkt. Han hadde mista ein fot og nesten alle fingrane i eit haiangrep i Australia då han var 15 år gamal. Det var ein bullshark som hadde angrepe han då han var ute å surfa og det var berre flaks som gjorde at han "berre" mista foten og fingrane. Ein fasinerande mann med mange stygge ord i sitt vokabular:D. Då me kom på land igjen blei me med han heim, der me drepte og kokte crayfish som me fekk med oss heim til middag. Ein utruleg dag me mange sterke opplevingar. (guiden var forsatt rar).
Dag 13: Dette er den einaste dagen eg ser tilbake på med ei dårleg kjensle. Som eg sagt var guiden vår ein rar mann, og denne dagen fekk me oppleve han frå han si verste side. Det er for mykje å skrive om her, men her er nokre stikk ord for korleis dagen var: * guiden kjøyrer som eit svin *han klikka på ei av jentene * han trua folk med å kaste dei av * han er ekkel mot alle * Guro blir nok ein gong sint * Me kontaktar Advetures Tours og dei hjelper oss * Me blir lova ein ny guide * dagen har ein fin avsluttning. Vil du vite meir, så kom på besøk:D
Dag 14: Me vakna opp til ein kald og regntung dag, men ingenting kunne øydelega humøret på oss. Det var ein rar følelse av samhold denne dagen. Me skulle alle på ein halvdagstur på Franz Josef breen, og me kledde godt på oss og gjorde oss klar. Fyrst måtte me på ein 15 min busstur opp til der stien starta. Derfrå var det ein gåtur ca 45 min fram til kanten av breen. Her vart me delt opp i to grupper, dei som såg på seg sjølv som godt trent og dei som ville ta det litt med ro. Sjølvtilliten min var så pass god at eg meldte meg på gruppe nr 1. I nesten 2 timar gjekk me rundt på been før me måtte byrja på turen tilbake. Slitne og kalde kom me tilbake til romma vår og bestemte oss for å innta varme kjelder nok ein gong. Det er mange av desse på NZ. Her kosa me oss resten av kvelden og etter ein lag dusj, gjekk Guro Kvam til sengs, glad og fornøgd.
Dag 15: Neste morgon var alle i gruppa spente. Me var blitt lova ein ny guide/sjåfør, og han dukka opp, Chicken. Han skulle vere med oss dei neste 3 dagane. Etter kvart som bussturen gjekk sin gang oppdaga me fort at dette var 300% forbetring frå den forrige guiden vår. Chicken var flink, morosam og ikkje minst høfleg:). Turen denne dagen gjekk til Makarora, ei pittelita bygd. Eg var byrja p bli forkjøla, så eg valde å ta det med ro, slappe av og ha litt Guro-tid. På kvelden åt me middag i lag og eg spelte billijard med Bob og Alex(boy). Jentene fann ut at me skulle delta på karaoke. Det hadde ikkje eg så veldig lyst til, men eg måtte berre innsjå at Alex(girl) er sterkare enn meg. Og etter å ha blitt boren opp på scena og holdt fast, var det berre å kaste seg med tilslutt:).
Dag 16: Queenstown er festebyen nr 1 på NZ. Neste alle som reiser rundt på NZ, tek turen innom denne byen. Det er også action-by nr 1. Her kan du gjere alt dette: skydive, bungy jump, loose, speedboat ++++. Dette var vår neste stopp. Her skulle me tilbringe to heile dagar. Me gjorde ikkje så mykje denne dagen pga at me ankom ut på ettermiddagen, men me booka alle aktivitetane me ville gjere dei neste dagane. Queenstown er også kjent for sin Fergie-burger, ein kjempe god, kjempe diger burgar, og denne måtte me jo smake. Etter burgaren gjekk Bob, Alex(boy), Laura og eg på ein pub å spelte billijard, me gjekk tidleg heim. Dei andre tok seg ein fest.
Dag 17: Marina, Alex, Laura og eg bestemte oss for at me ville ta oss ein lengre fjelltur denne dagen. Me valde å gå til Ben Lomman Summit, ein gåtur på mellom 6 -8 timar. Me starta alle med godt humør og me var ved godt mot. Dette vara til me hadde igjen den siste timen. Denne delen av turen var brattare enn me hadde håpa. Me oppmuntra kvarandre og tok ein meter av gongen. Då me nådde toppen var det fire glade jenter som alle måtte innrømme at dei meir enn ein gong var klar til å gi opp. På toppen kunne me nyta ei heilt utruleg utsikt. Me åt maten vår og slappa av litt, før me byrja på turen ned igjen. Dette gjekk mykje lettare.....hehe..... Nytt namn på Guro "fjellgeit". Etter ein god og lang dusj gjorde me oss klar for å gå ut på middag med sjefen for Advetures Tours. Han kom ned til Queenstown for å spandere middag på oss som ein unskyldning for det me hadde opplevd med Petal. Me gjekk på pizzaresturant der både mat og drikke var gratis, og etter dette gjekk me videre ut på byen, der me igjen blei spandert alt me ville ha. Dette var ein liten festkveld for meg, min einaste på heile turen.....hehe.....
Dag 18: Guro var fyllesjuk.
Dag 19: Dagen etter var formen mykje betre og turen gjekk vidare inn i Fiordland. Eg hadde høyrt mange rykter om at fjordlandskapet på NZ var like våre fjordar, så eg gleda meg masse til overnattningscruise me skulle ha på Doubtful Sound. Me gjekk ombord kl 14 og der vart me servert dei beste muffinsane eg har smakt. Nokon av oss deltok på kajaktur på ettermiddagen og eit lite bad i fjorden etterpå......brrrrrr.......Resten av dagen og kvelden slappa me av på båten, såg på den utrulege naturen og naut stillheita på fjorden. Det var ein heilt ubeskriveleg kjensel å vere der, sjå dyrelivet og kosa meg saman med min gode vener. Eg og Laura brukte mesteparten av tida vår på båten ute på dekk. I løpet av turen såg me sel, delfin, fuglar og pingvinar. Me åt ein veldig god middag og ein god frukost. Denne turen er noko eg vil anbefale til alle:).
Dag 20: Me avslutta overnattningcruise kl 11 og frå der gjekk turen til Naseby. Det var ein lang busstur denne dagen. Me stoppa ein del plassar og brukte dagen til å ta bilete og vere sikkelege turistar:). På kvelden kom me fram til Naseby. Det var nesten som å gå 50 åt tilbake i tid, hostelet var ei rønne og eg vil kalla plassen for harry, men me hadde ein koselg kveld saman med bowling, god middag og ein liten gåtur.
Dag 21: Me stod tideleg opp og gjorde oss klar for ein lengre sykkeltur. Guiden vår hadde bestilt syklar til alle og me planen var at me skulle sykle 35 km, som ver ein liten del av ein lengre tur. Guiden vår skulle plukke oss opp når me var komen i mål. Dette var ein perfekt start på dagen for min del. Litt trim og ein fin sykkeltur i fin natur. For in del vart det ein veldig fin tur, men for min gode ven Alex(boy) enda det med ein tur på sjukehus og eitt sting i augnebrynet.....hehe..... Han hadde sykla 34,9 km då han datt på den siste brua og skada seg. Medan dei andre reiste til campingplassen, bestemte eg og Laura oss for å ta ein ridetur:). Ei anna jente på gruppa bestemte seg også for å bli med:(. For å seie det slik, så byrja denne jenta å grine før turen var over. Flau, flau, flau. For meg og Laura var det ein fin ridetur, men etter sykkelturen før på dagen kan ein seie at rumpa var ganske sår. Tilbake på camingen fekk eg meg ein veldig gledeleg overrasking. Jane og Chris, som eg vart godt kjent med på Fiji og som også var komen til NZ hadde tatt turen for å besøke meg. Me hadde snakka om det, men eg visste ikkje om det lot seg gjere. Det var så godt å sjå dei igjen. Var blitt glad i dei begge når eg var på Fiji. Me hadde ein veldig fin kveld saman.
Dag 22: Denne dagen bestod av nesten berre reising. Fyrst i bussen vår og så i eit minifly. Me måtte seie hade til nokon av venene våre i løpet av dagen. Seint på ettermiddagen kom me fram til Wellington. Me åt middag i lag på kvelden og gjekk tilbake på hostelet og berre snakka og kosa oss.
Dag 23. Siste dagen saman. Også denne dagen bestod mest av reising. Me skulle tilbake til starten, Auckland. Mykje grining denne dagen....snuffs....... 23 herlege dagar var komen til slutten og Guro Kvam var trist og lei.
Flyet mitt heim til Noreg gjekk to dagar etter avslutta tur, så eg hadde litt tid til å roe meg ned og handle litt til alle heime. I tillegg var Sam, ei av jentene på gruppa, også der desse to dagane, så me hang masse i lag.
Eg hadde 23 fantastiske dagar på NZ og eg kjem gjerne tilbake ein dag. Til alle som les bloggen min vil eg råde dei til å ta ein tur ein dag i framtida.
No er eg heime og glad for det. Eg saknar å reise og alt eg har opplevd og alle folka eg har møt, så det kanskje til våren blir det ein ny tur for denne jenta. Me får sjå.
Klem frå tante reisande Kvam
- comments