Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen alle saman!!
Saa her kjem ei lita oppsummering paa kva eg har gjort den siste veka. Som sagt saa bestemt eg meg for aa hoppe paa ein 4 dagars tur rundt hovudoya her.
Dag 1: Eg vart plukka opp tidleg paa morgonen av ein liten minibuss. Det var 7 stk som hadde meldt seg paa denne turen inkl meg. Det fyrste me gjorde var aa reise inn til Nadi by og handle litt frukt og drikke. Saa gjekk turen vidare til ei nydeleg strand, Nataola beach. Her sneik me oss inn pao ein 5 stjernes resort og kosa oss heile foremiddagen ved bassenget. Eg var mest i skuggen pga min solbrente mage og solbrente rov, men eg kosa meg likevel. Berre vent til eg vinn i lotto, da skal eg ta med alle hit ( sjaa bileter). Daa dei andre hadde steika seg i sola lenge nok var det tid for sandboarding. Det var ikkje mykje sandhaug aa skryte av, men moro var det likevel. Eg var litt redd. Me overnatta paa ein resort i naerleiken. Den var ok, men ikkje noko meir. Guro slo ut haaret med ein "Mud slide", ein drink.
Dag 2: Me stod opp tidleg og gjorde oss klar for tur i regnskogen/jungelen. Denne turen var heilt utruleg. Me gjekk gjennom gjorme, vatn og tett skog. Eg som er ganske lita av vekst maatte av og til vasse i gjormevatn opp til magen, men det var ein veldig morsam og fin tur. Paa vegen bada me i eit vassfall. Her kunne me hoppe og leike oss eller berre slappe av. Eg leika meg sjolvsagt....hehe.... For aa kome oss der i fra maatte me folge elva nedover og eg kan seia at rompa var litt saar etter dette:) Denne formiddagen var den beste eg har hatt, trur eg. Resten av dagen kosa me oss paa stranda paa den resorten me skulle bu paa. Paa kvelden aat me middag saman og saag rugbykamp. Eg har blitt ganske god paa reglane etterkvart og eg maa innromme at etter Fiji-ferien min er eg blitt ein liten rugby-fan.
Dag 3: Me starta dagen med ein ganske lang biltur til ein lokal high school. Her motte me nokre av elevane som fortalte oss om korleis det var paa deira skule. Det var fattigslege kaar, men ungdommane hadde ambisjonar dei. Nokon ville bli lege medan andre ville bli vetrinaer. Ein kan vel seie at fasilitetane var litt andre enn me har heime i Norge. Dette var eit sterkt mote for meg. Seinare paa dagen var me paa besok i ein landby. Dei tok i mot oss med song og heile dagen vart me behandla som dronningar/kongar. Dei laga god lunsj til oss og me var ynskja velkomen med kava, som er deira tradisjonele drikk. Den er ikkje god, men dei seier at du har ikkje vore paa Fiji viss du ikkje har smakt kava. Det er ikkje ofte eg har eit saa stort publikum naar eg et:). Der satt det kanskje 20 damer og 10 menn og saag paa at me aat. Dei aat ingenting. Rar folelse. Her gjorde me ogsaa noko dei kalla Bilibili rafting. Dei var rafting paa bambusstokkar. Eg trudde dey skulle vere litt meir action enn det var, saa eg vart litt skuffa, men det var ok. Etter dette var det dans saman med dei lokale og dei lokale gutane spurde oss jentene om me ville danse og etterpaa var det vaar tur. Eg angrar slik paa at eg ikkje spurde hovdingen om ein dans, men eg turde ikkje. Daa me skulle reise ville alle seie hadet til oss ved aa ta oss i handa og kysse oss paa kjaken, men nokre av dei gjorde meir enn det. Dei sniffa oss....hehe.....dei syns vel me lukta godt. Resten av kvelden slappa me av og kosa oss.
Dag 4: Siste dagen av turen. Me brukte starten av dagen til aa slappe av og kose oss ved bassenget, for me reiste vidare til ein liten by for aa handle litt. Eg hugsar ikkje kva den heitte. Deretter var byrja me paa tilbaketuren til Nadi. Paa vegen stoppa me for gjormebad og varme kjelder, men er vart Guro virkeleg skuffa. Det var ikkje slik eg hadde forstilt meg i det heile tatt. Gjormebadet var berre eit gjormehol midt i nokon sin hage og det stinka verre enn siloen til han Harald Hess....hehe..... Nei, saa gale var det vel ikkje, men det var ingen fin oppleving. Og den varme kjelda var berre eit anna gjomehol med varmt vatn. Eg var skuffa og eg oydelagde binkinien min. Jaja, det var no ei oppleving det ogsaa. Me kom tilbake til Nadi ut paa ettermidagen i poseregn.
Dag 5: Sidan eg hadde tatt denne 4 dagars turen rundt oya, fekk eg ei natt "gratis" paa ei oy her som heiter Robinson Cruseo Island. Eg reiste dit saman med eit engelsk par eg var godt kjent med paa turen og som eg vart ganske fort glad i, Chris and Jane. Me reiste ut der mes baat tidleg om morgonen og brukte heile dagen til aa slappe av i sola, bade og lese. Paa kvelden aat me ein god middag og snakka om alt og ingenting. Det var ein veldig kosleg og avslappande dag, min siste oy-dag paa Fiji.
Dag 6: Den er i dag. Kom tidleg tilbake fra Robenson Crusoe og har tilbrakt dagen med aa vaske klede, vere paa internett og gjere meg klar til NZ. Eg reiser i morgon tidleg og gledar meg masse.
Eg skriv igjen saa fort eg kan.
Klem til alle dei eg er glad i.
Helsing tante reisende Kvam
- comments
Brynhild ikkje snakk stygt om papan min;)Skriv meir til deg på privaten eg=)
Leidulf Spennande å lesa Guro.Du får deg nok opplevingar for livet.Ikkje bry deg om kva Brynhild seier,siloen hans luktar ikkje godt. kos deg vidare og nyt turen.