Profile
Blog
Photos
Videos
Heihei alle saman!!
Saa da har eg vore paa Fiji i to veker, men har ikkje faatt tid til aa skive noko for no. Her er eit lite samandrag av det eg har gjort paa.
Dag 1: Eg kom til Fiji tidleg den 1. okt. Etter nesten 11 timar paa fly var eg ganske sliten og trott, men gleda meg masse til aa tilbringa den neste tre vekene i sol og varme. Det fyrste sjokket kom da eg snakka med dama paa kontoret paa flyplassen. Det var inga gruppa slik eg hadde forventa. Eg fekk alle papira mine og saa var det berre aa reise rundt aleine, var svaret eg fekk. Hjelpe meg!!! Kva gjer Guro Kvam no, var den fyrste tanken som slo meg. Det var ikkje anna aa gjere enn aa kaste seg ut i det. Brynhild, Hanne og Mona hadde sagt for eg reiste at dei trudde at eg skulle takle alt som dukka opp, og no var det paa tide aa vise det. Traff paa ei veldig koseleg fransk jente som eg snakka med og som eg satt med paa baaten, og dette gjorde meg litt rolegare. Sjokk nr 2: Me sitter paa baaten og snakkar om kor me skal og kva me forventar, og akkurat da kjoyrer baaten forbi ei pitte lita oy. "Eg haapar mi oy er storre enn det der" seier Guro. Saa hoyrer eg i hogtalaren " alle som skal til South Sea maa kome no". Den pitte velte oya var mi oy. Hjelpe meg, tenkte Guro Kvam. Det verste av alt var at eg var den einaste som skulle der. Skuffa, redd og med litt heimlengsel gjekk eg i land paa oya, der det berre var meg og dei som jobb der. Guro maatte ringe mammaen sin, men mammaen var ikkje saa glad. Etter dette sjokket var heldigvis alt betre ut over dagen. Eg fekk roa meg ned og det kom heldigvis fleire folk utover dagen. Resten av dagen snorkla eg, bada og brukte mykje tid i hengekoyene. Paa kvelden vekk me veldig god middag, og daa var me i alt 7 personar paa oya. Me hadde krabbelop, der min krabbe nr 8 vann og eg fekk vin som premie. Etter dette var det tid for aa smake paa kava, tradisjonel drikk paa Fiji. Det ser ut som solevatn og smakar som solevatn. Det skal gi ein avslappande folese. Det var fyrste og siste gongen for min del.
Dag 2: Eg var i mykje betre humor denne dagen. Me vart vekka tidleg av brannsirena og skriking i mikrofonen, kl 7.00. Eg brukte dagen i hengekoya, til aa snorkle, bade og vere saman med jentene fraa dagen for. Denne dagen kom det mange dagsgjester til oya, saa det var masse folk heile dagen. Paa kvelden aat me middag paa stranda. Daa var jentene reist, men det dukka opp nye folk. Eg var sliten og gjekk tidleg til sengs.
Dag 3: Opp kl 7.00, eg skulle til ei ny oy denne dagen og baaten gjekk kl 9.00. Paa baaten traff eg ei engelsk jente og tysk gut som skulle til same oy, og eg enda opp med aa dele rom med dei to + eit par fra Usa. Det var veldig heit denne dagen saa eg holdt meg mest i skuggen. Paa ettermiddagen vart eg med paa ein liten gaatur opp paa eit fjell der ein kunne sjaa utover havet. Det var nydeleg. Daa me kom ned igjen var det middag og resten av kvelden snakka eg med ulike folk og me hadde litt underhaldning.
Dag 4: Sov daarleg denne natta og vakna tidleg, men var ved god mot. Etter frukost vart eg med paa ein snorkletur eit stykke fra der oya var. Her var det eit fint omraade med mykje aa sjaa. Eg svomte saman med smaa haiar og guiden vaar mata dei. Var litt daarleg daa me kom tilbake, saa eg slappa av i hengekoye resten av foremiddagen. Etter lunsj vart eg med paa vollyballkamp der ein frekk svensk gut nesten fekk meg til aa eksplodere, men snill som eg er saa sa eg ingenting. Middagen denne kvelden var ikkje til aa skryte av, men maatte jo ete litt. Satt opp til ut paa kvelden aa snakka med folk. Motte ein liten engelsk mann, som maa ha vore ein dverg, og eg og han snakka heile kvelden.
Dag 5:Det var paa tide aa bytte oy igjen. Hadde ikkje saa veldig lyst fordi eg hadde mott saa mange koslege folk her og no maatte eg forlate alle dei og igjen vere aleine. Baaten var veldig sein denne dagen, saa det vart ein del venting. Daa eg endeleg var framme paa den nye oya vart eg litt skuffa. Standaren paa oyene gjekk berre nedover, men eg provde aa vere positiv. Det var ikkje saa fint ver denne dagen, saa eg brukte mykje av tida paa aa lese. Spelte litt vollyball og slappa av. Det var Fiji-time paa sitt beste. Vart kjent med nokon engelske gutar som eg trur hadde det litt moro paa min bekostning, men eg kosa meg. Nokon av mennene som jobba der hadde underhaldning paa kvelden der dei avslutta med ein flammedans. Tideleg seng for Guro Kvam.
Dag 6: Denne dagen starta med regn, men etterkvart vart det sol og glede:). Eg brukte dagen til bading og soling + lesing. Den svenske frekke guten var tilbake og Guro var eksplosjonen naer igjen. Veret blei daarleg igjen paa ettermiddagen. Eg vart kjent med ei veldig kosleg engelsk jente som er aat middag saman med og spelte kort med paa kvelden. Etter at middagen var ferdig eksploderte Guro Kvam paa den frekke svensken og den frekke svansken har etter denne konfrontasjone provd aa blidgjere meg resten av turen. Ingen kan braake med Guro Kvam over lang tid aa tru dei skal kome unda med det....neinei.....
Dag 7: Vakna opp til regn og satt heile formiddagen inne og venta paa at baaten skulle koma. Eg skulle igjen paa ei ny oy. Ankom den nye oya ut paa formiddagen. Her motte eg masse koslege folk mesteparten fra England, men ogsaa mine fyrste norske paa turen. Men sjolv om folka var koseleg, saa vart vel dette mitt sjokk nr 3. Etter at eg og Marianne har hatt oss to turar i fjellheimen i Noreg, og er vant med primitive forhold, var dette ikkje til aa beskriva. Ein kan vel seie at eg aat, dusja og sov saman med ein del insekt og dyr desse dagane eg var der. Det var baad ekkeelt og drete der. Eg sov fyste natta pao rom med ein norsk og ein engelsk gut, og etter at Guro hadde klaga litt fekk ho svar tilbake fra den engelske guten, Patrick, "slutt aa syte. Det er dette du har betalt for". Setter alltid pris paa aerlege sjeler, saa med det roa Guro Kvam seg ned og innsaag at det ikkje var mykje ho kunne gjere med det. Me fann oss no til rette og aat middag og spela vollyball. Paa kvelden var det ei morosam og utadvent dame fra Skottland som drog i gang litt leikar. Kan ikkje vente til eg kjem heim saa eg kan prove dei ut paa nytt. Daa lyset vart tatt fra oss kl 10 gjekk alle aa la seg. Eg og dei to gutane hadde litt problem med aa sove, saa me provde aa loyse ein del verdensproblem i nesten 3 timar, for me slukna alle tre....hehe....
Dag 8: Vakna opp til ein staalande dag og aat ein noko rar frukost. Etter furkost var det tid for Cave-trip. Fyste kjorte me 1 time i baat, saa rompa vart saar, men det var eigentleg veldig koseleg. Da me kom fram vart me guida inn i ei grotte med vatn og her var det berre til aa kaste seg uti for den overivrige guiden gjorde det for deg. Vidare gjekk turen under vatnet inn i den neste grotta. Her var det nesten heilt morkt. Det var ikkje alle som torde aa kome inn, saa til slutt var det eg og ei anna jente + fire gutar som vaaga oss inn. Etter aa ha utforska grotta litt var det under vatnet igjen for aa koma seg ut. Den siste grotta me skulle inn i kalla dei "den gravides" grotte. Ikkje veit eg kvifor, men her innebar det ein del klattring. Her var det berre eg og to andre gutar som vaaga oss inn. Eg klarte ikkje den siste delen fordi mine bein var for korte, men gutane enda opp hog over vatnet og skulle hoppe eller stupe ned igjen. Eg svomte berre under vatnet ut igjen. Litt skuffa, men det er ikkje noko aa gjere med storrelsen. Eg maa innromma at eg syns den siste grotta var litt skummel og vanskeleg aa ta seg fram i. Det var berre eit lite feilsteg som skulle til og ein kunne skade seg stygt. Eg sa til og med til dei andre " hadde mamma sett meg no saa hadde ho sperra meg inne og aldri latt meg koma ut igjen". Bra du ikkje var der, mamma:). Daa med etter ein times baattur igjen, der rompa ikkje vart noko mindre saar, var tilbake paa hostelet var det heldigvis lunsj. Guro blir fort svolten her borte i Fiji. Etter lunsj tok dei som jobba paa hostelet oss med paa rugbyturnering paa ei nabooy. Det var sikkeleg moro aa sjaa. Eg har aldri sett ein heil rugbykamp i mitt liv. Eg laerte meg noko reglar og vart sikkeleg fasinert av denne sporten. Kva dame ville vel ikkje det. Store og kjekke gutar som viser sin kjaerleik til kvarandre ved aa ligge i ein haug og deretter vise musklar i ein sikkeleg takling. Moro:). Eg har etter desse 12 dagane paa Fiji faktisk sett 4 kampar fraa rugy VM ogsaa, ville berre nemna det. Denne kvelden var det Fiji-night paa hostelet og dei hadde laga ein heilt spesiell middag til oss. Mykje av maten var laga under jorda og var ikkje saa god, men eg aat litt. Tidleg seng paa meg og denne kvelden vart det litt snakk, sovan for eg hadde lagt hovudet paa puta baade eg og mine insektsvener.
Dag 9: Heldigvis skulle eg reise til ei ny oy denne dagen og eg vakna opp med godt humor. Dette humoret vart fort daarlegare naar eg saag ut. Det var sikkeleg Bergensregn ganger tre. Det fossa ned ute. Me vart sittande inne og vente paa at baaten skulle hente oss. Eg las litt blad og slappa av. Kjeda meg litt. Daa baaten endeleg kom var me glade. Det var fleire av oss som skulle forlate oya og eg viste at Hanna og Nick, eit engelsk par, skulle paa same oy som meg, saa me holdt saman. Den oya eg no kom til var 1000 gonger betre enn den eg hadde forlatt og humoret var paa topp igjen sjolv om det forsatt regna. God mat fekk me og eg kosa meg saman med mine to engelske vener. Me saag to rugbykampar og aat middag i lag.
Dag 10:Regn, regn og atter regn, men ingen kunne ta fra meg det gode humoret. Me aat ein nydeleg frukost og kosa oss inne fram til eg igjen skulle finne meg ei ny oy. Dei siste to dagane skulle eg tilbringe paa party-oya. Eg reiste paa baaten ut paa ettermiddagen. Hanna og Nick skulle koma til same oya dagen etter. Daa eg ankom den nye oya kunne eg med ein gong merke at her var stemninga paa topp alt kl 17. Me fekk ein veldig god middag og etter dette byrja alle aa kose seg ekstra mykje med alkoholen. Bestermor Guro gjekk paa rommet aa strikka...hehe..... Daa var kl 21.00 og ho la seg til aa sove ca 22.30. I lopet av natta kom det baade ei og to jenter tilbake til rommet ved hjelp av ein ven, og ikkje alle var klar for frukost kl 8 morgonen etter.
Dag 11: Denne dagen hadde eg gleda meg til lenge. Eg skulle paa segltur heile dagen. Det var staalande ver. Eg og eit par andre vart henta kl 10, og me gjekk ombord paa ein liten seglbaat. Der vart eg sittande mellom to gamle folk. Heilt bak i baaten ser eg to jenter og eg bestemmer meg for aa gaa bak til dei. Det er to koslege jenter eg setter meg ned med og me byrjar aa snakke paa engelsk om kva me gjer og kor me skal osv. Det er ikkje saa lett for meg aa hoyre kor dei er i fra fordi den eine har ein veldig sterk britisk aksent. Etter 10/15 min eg spor kor dei er fraa og da er begge norske. Etter dette var eg saman med dei resten av turen. Den fyrste delen av turen var me innom oya der Cast Away filmen var spelt inn og her snorkla me i ca 1time. Det var veldig kjekt og masse aa sjaa. Her vart me kjenrt med to irske gutar som me maatte redda fra aa bli heilt knall raude av sola. Dei hadde sjolvsagt ikkje tatt med seg solkrem.....gutar altsaa..... Den neste delen av turen var lunsj paa seglbaaten. Kjempe god lunsj med all den drikka me ville ha, og det hadde me resten av dagen ogsaa. Da lunsjen var ferdig var me fram ved landsbyen me skulle besoka. Her maatte alle jentene ta paa seg lange skjort/sarongar for me kunne gaa inn. Inne i landbyen motte me hovdingen som tok oss med paa kavaseremoni. Alle kunne smake paa kavaen, men eg ville ikkje prove igjen. Ikkje noko for min smak. Etter dette fekk me litt tid til aa handle hjaa dei lokale damene. Dei lagar mykje fint og det var ein fin plass og kjope nokon gaver til dei heime. Deretter var det paa seglbaaten igjen for heimturen. Me kosa oss i sola. Dei to irske gutane slo seg i lag med oss. Dei skulle av paa same oy igjen som meg, medan dei to jentene skulle til ei anna oy. Denne kvelden traff eg igjen Hanna og Nick. Det var saa koseleg. Me aat middag og dei to irske gutane, David og Finbert vart med oss. Paret gjekk tidleg til seng medan eg og gutane var sittande opp til langt paa natt og snakke og gutane kosa seg med ol.
Dag 12: Eg vakna opp til staalande ver og sidan det var siste dagen min paa oyene saa bestemte eg meg for at dette skulle bli ein dag med soling og bading. Eg smurte meg godt inn med krem (trudde eg i vertfall). Etter nokre timar i sola tok eg meg ein dusj og venta paa at baaten skulle kome aa hente meg. Eg folte meg i god form daa eg forlot oya, men etterkvart som eg naerma meg land vart eg litt uvel og rovi me byrja aa verke. Daa eg kom fram til hostelet seg skulle ligge paa i Nadi kjente meg meg sikkeleg uvel. Etter ein liten kikk i spegelen kunnne eg konstantera at Guro ikkje hadde tatt paa seg nok solkrem. Det var ei knall rosa rov som motte ho i spegelen. AUAUAU......ikkje bra. Sov ikkje saa godt denne natta.
Dag 13 og 14. Desse dagane har eg hold meg mest mogleg inne, oppdaga at eg har bedbugs og vaska litt klede. Eg har i tillegg faatt mykje merksemd for broderinga mi:). I morgon reiser eg paa ein 4 dagars tur rundt hovudoya her og det gledar eg meg til. Men det eg virkeleg ser fram til no er New Zealand. Om ei veke er eg der. Daa haapar eg at eg har mykje meir internettilgang og at eg faar skrivi litt oftare. Folg med:)
Saknar alle dykk heim.
Helsing tante reisende Kvam
- comments
Marit markeset Kjempegøy å lese dette Guro:-) Du er GOD til å fortelja:-) gleder meg til fortsettelsen. God tur videre og tenker mykje på deg, ta godt vare på deg sjøl i fortsettelsen av turen, du er utrolig god og en kjempestor tøffing:-) stor klem
Eva Cathrinne så artig å høre fra deg igjen vennen:) jeg sitter her å drømmer meg bort med dine opplevelser... jeg er virkelig sjalu på en god måte altså vennen min. du må kose deg masse videre, og husk at vi er mange som gleder oss til du kommer hjem <3
Elin Spennande og morsomt å lese...ser føre meg korleis han svensken fekk gjennomgå ;) Kos deg vidare. Klem :)
Isabel Du er tøff! Tar utfordringene på strak arm :) Bra! Kos deg masse og gjør det beste ut av det. Før du aner det, er du hjemme...Nyt det mens du kan. Ha det fint :) Stor klem
Stine-Iren Kjempe kjekt å lesa Guro:)) Kan ikkje tenka meg at du klikka på han svensken, hehe:) Kos deg masse vidare og hold oss oppdatert:) klem fra meg og Kristian
Leidulf Her var mykje spennande å lesa,ser ut som du klarar deg fint åleine.Det er bra att du ikkje slepp svenskane inn på deg.ha ei strålande tur vidare.
Anita Du er ei ufattelig tøff dame Guro, blir helt matt av å lese alt! Du kan si hva du vil om at du er lita altså, men jaggu er du den største jeg kjenner altså!
Marianne Så kjekt å lesa, Guro! Og tenk at det er betre forhold i Fjellheimen, til og med i ein fjøs! Gler meg til å treffa deg snart, no er d jo heime!