Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle saman!!
Ja, daa er det min siste dag i Canada. Tida gaar super fort og eg har mykje paa plakaten heile tida. Sidan eg kom til Vancouver paa sundag, har eg stort sett gjort noko heile tida.
Maandag daa eg vakna og saag ut av glaset var ikkje humoret paa topp. Det holja ned i beste vestlandsstil. Men alle som har budd paa ein regnfull plass veit at det er ingenting som heiter dorleg vear, berre dorlege kler. Men eg maa seie at eg fekk sikkeleg Bergens folelsen daa eg kom ut. Det regna nedover og oppover, og som i Bergen gjorde vinden det til at det regna sidelengs ogsaa. I fullt regnutstyr og paraply motte eg Tania og Maria kl 11, og me bestemte oss for aa ta "hop on, hop off" bussen rundt i byen. Daa fekk me sjaa mesteparten av byen, og me kunne i ro og mak faa sjaa alle turistplassane. Det var ikkje saa lett aa sjaa alt naar bussglasa dogga og galne gamle mennesker skal faa med seg mest mogleg, men eg er ikkje kravstor saa eg var fornogd eg:). Heldigvis letta vearet og me kunne gaa litt rundt paa eigahand. Me aat ein god middag og ein himmelsk is, for me fulgte Tania paa bussen. Eg og Maria bestemte oss for aa gaa paa kino. Me saag "One day" og eg vil seie til alle romantiske jenter; den maa de sjaa. Taarer og latter. Gutar; de vil ikkje like denne.....hehe.....kliss og klass.
Tysdag var vearet mykje betre. Sol og alt:). Eg og Tania gjekk paa akvariet. Det var saa moro. Eg blir som ein unge i slike omgivnadar. Hvalar, delfinar, manetar og mykje anna. Me brukte store delar av formiddagen der. Kl 5 motte me Maria og veninna til Tania. Me tok turen ned i Gastown og Chinatown og gjekk rundt i suvenirbutikkar og tok livet med ro. Me aat ein god middag paa kinesisk restaurant. Seinare paa kvelden klarte Maria, Tania og veninna hennar aa lokke meg med paa noko som vart kalla Comedy Mix. Det var eit show med ulike stand-up komikarar. Nokon var ferske, nokon litt erfarne og nokon meir erfarne. Eg er saa glad for at dei lokka meg med paa dette. Eg lo saa eg nesten datt av stolen. Nokon var betre enn andre, men eg kosa meg max.
I dag, onsdag, skal eg ikkje gjere saa mykje. Eg skal forberede meg litt til Fiji med aa gjere nokre faa innkjop og sjekke at alt er i orden med billettar og fly og alt. Guro likar aa vera godt forbered:b Eg skal ogsaa mote Tania og Maria for ein siste kakao og seie hade til dei. Trist aa heile tida maa seie hade til supre folk, men slik er det naar ein reiser rundt.
Neste gong de hoyrer fraa meg er forhaapentlegvis fraa Fiji. Eg gledar meg masse, sjolv om det visst nok regnar der ogsaa.
Klem fra tante reisande Kvam
- comments
Jarle/ Norunn Hei Guro Ute i dan store verden heilt åleina du da. Ser no ut som du treffe masse kjekke folk. Fine blogg og fine bilde. Du må fortsetta å oppdatera oss, føle spent med på ferden din vidare. Ser du skal til Fiji er ikkje so reint lite misunnelig. Mest sansynlig er detta noko som du gjer berre ein gong i livet so du må nyta da heilt max. God tur vidare Guro. Helsing Jarle og Norunn på Svalheim...
Brynhild Er så gla du kosa deg, Guro!! Virka som du har det toppers. Skriv meir til deg seinare!!Men kjekt å følgje med deg!!!
maren God tur til Fiji!
Christianne Heldige deg, so mykje kjekkt du opplever! Kos deg masse vidare! go klem frå detbøttarnedimassevisBergen
Vivian Kvam Hei! Korleis har du det no? Framleis åleien på øya?????? :) Mamma sa du va på " langholmen" Her på Hafslo er hausten kommen med regn og vind. Anna og Andreas spøre mykje ette deg. Me savna deg mykje. God klem frå Vivian
Anita Halvorsen I dag fikk vi en utrolig koselig overraskelse i posten, kort fra Guro med bjørn på!! Da var det liten tvil om at vi etterpå måtte inn på bloggen din og se på bjørnebildene, for det at Guro har sett bjørn på ordentlig, ja det er tøft det! Savner deg fortsatt masse Guro, og jeg håper du storkoser deg og at du har fått bedre vær! Stor kos og klem fra Trym, Brage, Odin og Anita!!!