Profile
Blog
Photos
Videos
Heihei!!
Saa tysdag forlot eg storbyen Seattle for aa ta turen tilbake til Whistler. Eg hadde bestemt meg for at nor eg vart aleine, saa ville eg tilbake til denne utrulege plassen. Eg kjenner paa meg at eg er nok meir ei bygdajenta enn ei byjenta. Roen, stillheita og naturen er akkurat det eg vil ha. Hostelet her er fint og det er meir min type mennesker her enn i byen.
Dagane har blitt litt annarleis enn eg hadde tenkt pga vaeret. Det har vore regn og surt, men eg klagar ikkje. Eg har faatt gjort litt likevel. Da eg kom vart eg mott av ei veldig blid engelsk jente paa rommet mitt, Tania. Ho var veldig hyggeleg og me bestemte oss for aa ta ein tur paa onsdag som dei kallar "pic to pic". Me tok gonalbana opp paa ein av fjelltoppane og der fra kunne me ta ei ny gondolbane over til ein annar fjelltopp. Vaeret var ikkje saa bra, men det var ein fin tur likevel. Utruleg utsikt der oppe og frisk fjelluft. Me gjekk litt rundt paa begge toppane og drakk kakao i kafeen. Eg kunne tenke meg aa gaa ein liten turen paa ein time paa fjell nr 2, men mi engelske byveninna var ikkje ein habil turgaar, saa me gjekk ikkje saa langt som eg kunne tenke meg. Me tok bana ned igjen og resten av dagen rusla me litt rundt i Whistler. Paa kvelden vart me invitert med ut saman med fleire fraa hostelet. Baade eg og Tania var nokre aar eldre enn dei andre, men me foljde med likevel. Fyrst var me paa ein veldig roleg plass og spela billiard, men dei yngre jentene ville sjolvsagt paa den hippe uteplassen. Der passa verken eg eller Tania inn, saa me tok ein tidleg kveld saman med Lucas, ein veldig kjekk engelskmann.
Torsdag og fredag gjorde eg ikkje saa mykje pga vaeret. Hadde meg ein tur inn i Whistler begge dagane, men eg gjorde ikkje noko spesielt. Brukte dagane til aa ordna litt ting paa dataen, strikke, lese og kose meg inne. Eg og Tania fekk to nye jenter som me hang litt med, svanske Maria og danske Nanna. Eg fekk endeleg snakka litt norsk.
I dag, laurdag, har det vore sol igjen og eg tok turen inn i Whistler for aa gaa meg ein tur der inne. Det var ein roleg tur rundt eit veldig kosleg vatn. Det var meg og tankane mine, og det kan jo vere godt innimellom det. Paa ettermiddagen tok eg meg ein lengre fjelltur her i omraadet som hostelet er. Ogsaa no gjekk eg til eit vatn. Her skulle han pappa vore aa fisk...hehe..... Masse fisk og kosleg atmosfaere. Eg gjekk heile turen og haapa paa at eg skulle treffe paa ein bjorn. Det er sjans for aa stote paa dei her i omraadet naar ein gaar paa tur. Men det var ingen bjorn som ville treffe paa meg, saa eg maatte skuffa innsjaa at eg ikkje er saa populaer blant bjornane her i Canada. Heldigvis har eg sett ein rev luske rundt, eit ekorn paa jakt etter mat og ei pitteliti padda som kryssa vegen, saa eg faar kanskje vere nogd likevel :)
I morgon reiser eg til Vancouver igjen. Det blir trist aa forlate denne plassen, men nye eventyr er i vente. Heldigvis skal eg treffe Tania igjen, saa dagane mine i storbyen blir nok bra dei.
Eg haapar alle dykk heime har det like bra som meg. Den store verda er skummel den, men ikkje meir enn vetle Guro kan takle.
Klem og kos fra tante reisande Kvam
Dessverre ingen nye bilete pga datamaskinene her vil ikkje laste dei opp. Ved eit anna hove vil det bli fleire bilete.
- comments
Anita Så herlig det er å lese det du skriver Guro! Så utrolig masse kjekt du har gjort!!! Og høres ut som du har truffet mange greie folk, det er bra!! Veldig moro å få se bilder også, da får man tatt litt del i de opplevelsene du har hatt! Skal bli så kjekt å få deg hjem og høre deg fortelle alt i egen person, det gleder jeg meg stort til! Håper du får det kjempe kjekt i Vancouver, og at uka di blir knall fin!! Stor klem fra Anita!
maren Høres kjekt ut! Var så gøy å prate med deg på skype!