Profile
Blog
Photos
Videos
No har Karina, Maria og Marianne fått det slik som dei vil; jakke og bukse og no køyre dei bil!
Cairns, Queensland
Onsdag den 11.april fekk vi altså ein bil. Dvs. vi henta leigebilen vår, som vi hadde booka allereie i haust.
Med Marianne bak rattet (på feil side) og med Karina og Maria i passasjersetet (på feil side), begynte vi vår etterlengta roadtrip nedover Australia sin austkyst. Sant skal seiast så var ikkje motet på topp då vi sette oss inn i bilen for første gong. Ikkje nok med at ratt, gir og handbrekke var på feil side, men vi hadde også gått dei siste dagane og høyrt på at andre backpackara utbryte «Australias austkyst på 10 daga?! Dude, that's too little time!» Dersom alt går etter planen, skal vi vere i Sydney den 21.april. 10dagar er kanskje lite, men samanlikna med den originale planen vår, så er dette bra. Eigentleg hadde vi tenkt å køyre innom Ayers Rock i midten av Australia, men etter å ha sett eit Australia-kart for første gong, tok vi til fornuft. Vi er foreløpig 6 dagar ute i roadtrip'en og vi er komt til Noosa på Sunshine Coast. Dokke skal få høyre meir om all galskapen på vegen i neste blogginnlegg, dinna her handla mest om vår første veke i Australia.
Landet (og kontinentet) Australia ankom vi morgonen den 5.april. Men det var ikkje før dagen etterpå, den 6.april, at den verklege moroa begynte!
For å godt nok forstå kva det er vi har opplevd den siste veka, så vil vi at alle de der heime skal sette dokke godt til rette i sofaen i TV-stova, sette på «Oppdrag Nemo» (Disney-filmen), og sjå den om og om igjen 3-5 daga i strekk. Einaste forskjellen er at vi såg den LIVE! Vi har nemlig drive og dykka i Great Barrier Reef! Og ja, det var awesome! Marianne, som allereie hadde dykkelappen, reiste på ein 3dagars tur, der ho oppgraderte til Advanced Diver. Karina og Maria, derimot, tok eit 5dagars-kurs for å bli certified Open Water Scuba Divers, dvs. få dykkelappen. Dei to første dagane var i Cairns med både klasserom- og bassengundervisning, før vi reiste ut til The Reef og dykka i tre dagar. Karina og Maria hadde 9 dykk kvar, og Marianne hadde 11 dykk. Inkludert nattdykking på alle tre. Kjem det til å bli meir dykking i framtida? JA!!!
Samtidig som vi oppdaga at der fins ei enorm og fantastisk verd under havoverflata, fann vi ut at verda på land eigentleg er svært lita! Etter første dagen med dykkeundervisning, satt Karina og Maria på fellesrommet på hostellet og prata om dagen, då plutselig ei jente utbraut «nei så kjekt det er å høyre norsk igjen!», «nemen, ein landsmann, så kjekt!» sa vi. «kvar er så du frå i vårt vidstrakte land?» «Eg er frå Nordfjordeid» :O
Sånn såg vi ut. Her sitte vi, på andre sida av verda, 14 432Km heimanifrå, og møte på ein tilfeldig eidar! Så stor er verda. Den tilfeldige eidaren, heiter forresten Stine Grov (vi har dessverre ikkje bilde).
For å understreke kor lita verda faktisk er, så har Karina og Marianne, i tillegg, hatt kvar si lita folkehøgskule reunion i Cairns. Marianne, som gjekk på Hedmarktoppen fhs, møtte Lene. Og Karina, som gjekk på Elverum fhs, møtte Marte.
Just saying!
- comments
mamma Supert å høyre frå deko ! Høyres ut som de fortsatt har det supert ! Klem
Kirsti Løviknes Gjerde Ja, det var på tide med ei oppdatering! Har venta i lengesl og spenning he, he. Artig å møte sambygdingar, då?! Men kor tøffe de er som dykker, eg hadde ikkje turt.....