Profile
Blog
Photos
Videos
Onsdag den 11.april sat vi oss bak rattet for å køyre dei 2420 km ned til Sydney. Dei 10 dagane vi hadde til rådighet føltes lange og fulle av moglegheiter då vi starta, men etter kvart som dagane gjekk og Sydney IKKJE nærma seg, måtte vi suse forbi fleire og fleire kjende og morosame stadar. Det betyr ikkje at vi har tilbringt all tida i bilen, vi har gjort litt anna også. Og viktigast av alt; JA, vi har sett kenguru! Karina, som er godt likt av dyr, såg mange kenguruar sittande i vegkanten vinkande berre til ho. (Nei, ho var ikkje høg! Ho såg dei på ekte!) Dei to andre var ikkje like heldige, men der er nok kenguruar i Australia til at også dei fekk sjå nokon.
Den første dagen brukte vi på å gjere oss vandt med venstrekøyring, og vi køyrte ca.4 timar før vi stoppa og campa utanfor ein liten by kalla Ingham. Dag nr.2 drog vi fram tursekken og fjellskoa, klare for ein skikkelig fjelltur. Ingham er hovudstaden i Hichinbrook nasjonalpark, kor ein blant anna finne Wallaman-fossen, Australia sitt høgste fossefall. Det er vanlig å køyre opp til der fossen startar og så
gå ned fjellsida til der den sluttar, men pga ein nylig flom var denne vegen stengt, så vi endte opp med vi gå litt rundt i området. Høgdepunktet var då vi møtte på ein liten skilpaddeflokk.
Etter fjellturen køyrde vi vidare sørover ei stund før vi endte opp med å campe på ein litt skitten campingplass utanfor Townsville kalla Bluewater. Neste dag ville ta ferja over til Magnetic Island, som tilfeldigvis var den einaste øya leigebilselskapet gav oss lov til å køyre på. Så skjønte vi at det sannsynlegvis er lov fordi det å ta med bilen er så dyrt at ingen har råd til og faktisk gjere det! Vi bestemte oss for å reise til øya utan bilen og heller komme oss rundt med buss og eigne bein. Magnetic Island, eller Maggie som dei lokale kallar den, er ei deilig lita øy med mange ulike bays og ikkje minst koala! Magnetic Island har nesten 90% av alle koalane i Queensland (den nordaustlige delen av Australia), og det var spesielt ein tursti; The Forts Walk som er kjend for koala-spotting. Vi hadde ikkje gått lenge før vi møtte på han her
Den første delen av dagen på Magnetic Island var vi på stranda, før vi bestemte oss for å gå frå Horseshoe Bay til der the Forts Walk starta. Det var ein fin gåtur, men den tok litt lengre tid enn planlagt. Då vi var nesten framme med fortet var det begynt å mørkne, og til slutt endte vi opp med å gå i rundt i skogen i bekmørke. Det var nesten litt magisk!
Tilbake på fastlandet same kveld sjekka vi inn på ein skikkelig campingplass med strøm og ekte dusj. Hadde det ikkje vore så dyrt, så hadde vi budd på ein sånn kvar kveld!
Neste dag, den 14.april, gjekk det opp for oss at Sydney fortsatt var ganske så langt vekke, så vi bestemte os s for å bruke dagen på å legge store strekningar bak oss. Ei lengre pause på McDonalds der dei har gratis internett, var nødvendig for tre vordande studentar dagen før søknadsfrist. Vi greidde likevel å køyre heile vegen frå Townsville til Rockhampton. Sjekk kartet; det er ganske langt; vi er litt stolte.
Eigentleg var målet Fraser Island, men plutselig følte vi eit behov for å «hit the waves», surfebabes som vi er. Så vi køyrde også heile dagen etterpå før vi kom fram til Noosa, ein kjend surferby. Midtvegs stoppa vi i Maryborough, ein av dei første større byane i Australia, der vi kjøpte oss kvar vår steik som vi grilla på ekte australsk vis, på utegrill i parken.
I Noosa slo vi til på den første og beste surfeboda vi fann på stranda, og booka eit surfekurs for same dag. Kjekt!! Faktisk så kjekt at Karina og Marianne leigde brett og surfa heile dagen etterpå i tillegg. Maria, derimot, hadde andre planar. Nærmare bestemt hoppe ut av eit fly frå 11 000 fot. Dessverre spelte ikkje veirgudane på same lag som Maria og dei andre adrenalin-junkiane den dagen. Ikkje dagen etter heller. Eller neste. Eller den etter det igjen. Etter fire bookingar og påfølgjande avlysingar var nedturen eit faktum, og Maria må pent vente til ein anna gang.
På kvelden sette vi kursen mot Brisbane, kor vi fekk bu i eit ekte hus! Som allereie nemnt reiste vi rundt i Australia i ein campervan som vi hadde leigd gjennom Kilroy, frå Travellers Auto-Barn. Vi kan sove og lage mat i campervanen, men er avhengig av rasteplassar og campingplassar for å få do og dusj. Det kan bli veldig trangt med tre personar, men det går stort sett fint. Eit stort problem var mangelen på CD-spelar og skikkeleg radio. Dette ordna vi i den første byen vi stoppa i, der vi kjøpte tre kassettar. Ja, kassettar! Dokke veit, dei små firkantane vi hadde før CD'ane? Dancing Hits for Kids, Disney og Lifehouse vart redninga, og det kan vel hende at vi fekk eit par rare blikk frå dei stakkars lokale, eldre forbipasserande då vi braut ut i full jubel over å høyre «Mambo no 5» framført av ein 5-åring.
Men også sjølve bilen var eit skikkelig problem. Då vi booka leigebil, fekk vi vite at bilen skulle vere ganske så ny, yngre enn 10 år. Om det så var tilfelle, så følte vi ikkje det. Utsida av bilen var veldig slitt, med mange riper og skader overalt! I tillegg hadde bilen gått over 400 000 km, noko vi kjende godt då vi køyrde. På grunn av alt det her sendte vi inn eit klagebrev til leigebilfirmaet, og etter litt fram og tilbake fekk vi bytta bil i Brisbane. Problemet no var at den nye bilen hadde CD-spelar.
Men tilbake til sjølve byen Brisbane; det vi fekk sjå av byen var stort sett vegen og skilta, sidan vi brukte mesteparten av dagen på å køyre rundt å leite etter kontoret der vi skulle bytte bil. I Brisbane budde vi, som sagt, i eit hus. Marianne var innom Brisbane i februar, og vart då kjend med eit par som tar inn alt slags folk, til og med slike backpackarar som oss. Vi fekk lov å parkere i oppkjørselen deira og bu i huset. Det var herleg å sove i ekte senger for en gong skuld, og vi syntest det var kjekt å bli kjend med ekte Aussies, og vi hadde to veldig koselege dagar i Brisbane.
Etter Brisbane reiste vi til det famøse Byron Bay. Fleire gongar på denne reisa så har vi møtt på andre reisande som alltid, når vi har sagt at vi skulle til Australia, har utbrytt; «dokke MÅ innom Byron Bay!» Og no var vi der! Dessverre var bølgjene for store til at vi (nybegynnarane) kunne surfe, så vi endte opp med at vi stort sett berre chilla, noko som passa bra med stemninga i byen (Hippie- faktor!). MEN, frykt ikkje! Vi er fortsatt sporty jenter, og vi fekk også tatt ein liten fjelltur opp til eit fyrtårn.
Etter Byron Bay MÅTTE vi til Sydney! Der var fortsatt nokon dagar igjen før vi skulle levere bilen, men Sydney er jo tross Sydney, så vi ville også sjå litt av byen. Morgonen den 21.april sjekka vi inn på Sydney sin einaste (den einaste vi fann) campingplass. Sydney Hills Holiday Park låg litt utanfor byen, og sjølvsagt var vi der i helga då det var begrensa kollektivtrafikk. Men vi kom oss til slutt inn til byen og fekk sjå Operahuset
Den augneblinken vi såg Operahuset var ein herleg augneblink; vi var i Sydney! Sydney! Har du vore i Sydney? VI VAR I SYDNEY! Og vi likte oss godt i Sydney. I tillegg til å sjå, ta på og gå rundt på Operahuset, gjekk vi over den kjende Sydney Harbour Bridge, tok ferja til Manly og såg på lifeguards, traska rundt i The Rocks og åt mykje sjokolade og is.
Den 23.april forlot vi Sydney og Australia, og no er vi i New Zealand!
- comments