Profile
Blog
Photos
Videos
Foerst saa maa vi faa avklart at vi i utgangspunktet hadde bestilt Macchu Picchu tur, men pga regn og ras var det ikkje det mogleg aa gjennomfoere. Saa vi gjekk dermed ein tilsvarande tur, Lares trek.
Turen begynte med fly fraa Lima til Cusco. Cusco ligg 3.200moh saa merka godt at lufta var tynnare enn kva vi er vant med. Foerste dagen skulle eigentleg brukast til aa slappe av og venne seg til hoegda, men sidan sekken vaar besto av sommarkle maatte vi paa leiting etter gode vinterkle. Paa eit lokalt marked fekk vi kjopt oss gode tjukkegensarar, sokkar og huer til 70kr!Saa no var vi klare for tur!
Om kvelden moette vi heile gruppa for foerste gang. Den bestod av to fraa USA som paasto at dei berre var venna (men vi visste betre), ein mann fra Danmark som ikkje likte naerkontakt, ei hyggeleg jente fraa Danmark, superspreke Anne og Andrea fraa Norge, eit superforelska engelsk par paa bryllaupsreise, ein supertravel canadiar med munndiare, og to bleikingar fraa Australia.
Etter to netter paa hotell begynte gaaturen og telttilvaerelsen. Etter at guiden hadde sagt 10 ganga at det berre var litt igjen kom vi omsider opp til lunsjplassen som ogsaa viste seg aa vere vaar foerste camp (begge campane laag paa ca 4000moh). Her fekk vi servert tre retters lunsj, noko som vi fekk erfare var ein vanleg del av turen. Maten paa heile turen var fantastisk og vi fekk til og med servert popcorn til kaffien!
Ein annan del av turen var doen. Den besto i aa gjere sitt fornoede i ein pose under dosetet, saa ikkje akkurat kjekt aa vere sist i koen...
Etter ei god natts sovn for Helene sin del, og ikkje fullt so god for Maija, la vi avgaarde mot den store utfordringa paa turen. Nemleg aa passere eit pass paa 4650m. vi skulle gaa ca 12km der det meste gaar oppover i bratte stigningar. Paa grunn av hoegda var dette ein ganske tung tur der pusten blei satt paa proeve. Men alle kom til toppen og fekk seg eit skrytebilde :)
Om kvelden tok vi vaar daglige vask, og vi bestemte oss for at det var ein god ide og putte beina vaare opp i vaskebaljen. Dette fekk canadiaren med seg og kom springande til med superkameraet sitt. Lydnivaet blei betrakteleg hoegare naar han begynte aa vaske beina te Maija. Alle veit vell at Maija og foetter er ein daarleg kombinasjon!
Ellers har vi sett maaange inka-ruinar, og vi faar aldri nok av dei!!!
Alt i alt var det ein kanonbra tur. Gruppa var bra og baerarane og resten av crewet gjore ein kjempejobb for oss!
(Ligge bilder paa facebooken til Maija)
- comments
Ingeborg Hahaha! Kjenne meg veldig igjen - så utruleg artig å lese:) God tur vidare!