Profile
Blog
Photos
Videos
Etter kalde netter i Peru saag vi fram til sol og strender i Costa Rica. Vi sette kursen mot Jaco, ein kjent surfeby. Her la vi oss inn paa hostel og saag fort at fleirtalet var gutar, dette kan bli bra! Men dei mista litt sjarmen naar dei er konstant hoege. Det var mykje pipereoyking med diverse innhald paa taket gjennom heile dagen. Sjekketriksa deira var heller ikkje saa bra. Dei kasta nemleg mynta paa oss i trua om at vi var prostituerte. Av deira tidlegare erfaringar har nemleg jenter blotta seg naar dei faar ein mynt eller to. Men ikkje med desse jentene nei.
Etter aa ha kartlagt klientellet paa hostellet fann vi ut at det var best aa vere vekke om dagane. Saa vi har vore paa ein fantastisk baattur til Tortuga Island, og vore aa provd rafting. Har og hatt eit par netter paa hotell og berre slappa av ved bassengkanten :) Ein eldre spanjol med svommefotter stod for underhaldninga der! Hadde til og med verre svommeteknikk enn oss.
No ventar ein 22 timers busstur til San Salvador....
- comments