Profile
Blog
Photos
Videos
Etter 4 mnd ferie bestemte vi oss for at det var paa tide og setje seg paa skulebenken igjen. Plassen for dette var Buenos Aires. Vi meldte oss paa eit spanskkurs som skulle gaa over 2 veker, og tillegg skulle vi bu med ein argentinsk vertsfamilie.
Spente ankom vi flyplassen, der vi trudde at nokon skulle mote oss og bringe oss til vaar nye `familie`, men den gang ei. Etter ... timars venting og febrilsk leiting etter eit telefonummer til skulen, utan hell, sette vi oss i ein taxi og la oss inn paa hotel. Rekniga sende vi til spraareisebyraaet.
Dagen etterpaa tok vi med oss sekkane og flytta inn til vaar nye `mamma`. Det var ei koseleg eldre dame som tok oss godt imot. Ho snakka ikkje eit einaste ord engelsk, og vaare spraakkunnskapar i spansk er heller ikkje so mykje aa skryte av. Tegnespraak er vi derimot blitt godt trente i etterkvart. Vi gikk paa skule 4 timar for dagen, og her var det ikkje snakk om aa gaa rolig fram. Ordbok fekk vi ikkje lov til aa bruke, alt skulle nemleg foregaa paa spansk. Vi kan vel ikkje akkurat skryte paa oss at vi snakkar flytande spansk etter to veker paa skulebenken, men vi har iallefall faatt ein storre forstaaelse og kan nok til at vi overlever kvardagen i spansktalande land. Noko anna som vi overlevde, men berre so vidt, var matlaginga til Maria. Det var nemleg ikkje mykje og skryte av. Ein dag serverte ho oss pannekaker fyllt med spinat, helte over melk, tomatsaus og ost. Som ein siste finish slengte ho det inn i mikroen.
Siste helga i Buenos Aires la vi oss inn paa eit hostel. Vi fekk og sett eit tangoshow, noko som er eit must naar du er i Argentina.
Hasta luego!
- comments