Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein relativt kjedeleg flytur auka stemninga naar vi oppdaga at vi hadde vore paa samme fly som Nelson Mandela!
Vi forfulgte han, provde aa sjaa i passet og paa bagasjelappane for aa forsikre oss om det verkeleg var han. Han flaug buisness class og hadde eigen skranke gjennom passkontrollen. Men so kom det mistenksomme. Det var ingen politi som passa paa han, han henta sin eigen bagasje, saag mistenkeleg ung ut, og trilla ein eldre mann i rullestol. Var det verkeleg Nelson Madela? Neppe, men det var heilt klart ein viktig person.
Sao Paulo: verdens kjedeligaste by. Vil ikkje anbelfale nokon andre aa tilbringe 9 dagar i denne byen.... Vi kan kanskje nemne at Helene var sjuk og at vi difor ikkje saag noko anna enn hotellrommet i nokre dagar. i tillegg var det vanskeleg aa komme oss ut av byen sidan det var karnevall og ingen kunne engelsk.. spraakkunnskapane vaare i portugisisk er ikkje akkurat paa topp!
Omsider kom vi oss te Rio de Janeiro den dagen karnevallet slutta, snakk om flaks! Her brukte vi dagane til aa besoeke kjente strender som til domes Copacabana og Ipanema. Ellers var vi fotballkamp paa verdens storste stadion, Maracana. Denne stadionen har ein publikumsrekord paa ca 200 000, men idag er det kun sitteplassar til 89 000. Paa kampen vi saag var stadionen nesten fullsatt, og det var ei fantastisk oppleving!! stemninga var paa topp, folk sang og hoppa, og stolane var ikkje i bruk.
Siste dagen i Rio gjore vi det som maatte gjerast av kulturopplevingar. Vi besokte sugarloaf mountain, plassen der karnevallet gaar foere seg, ein kjent katedral, og ikkje minst Jesus-statuen!
Neste stopp er Iguazu falls!
(bilde er aa finne paa Helene eller Maija sin facebook)
- comments