Profile
Blog
Photos
Videos
Etter late dagar i Rio sette vi kursen mot Iguazu falls. Paa veg dit skjedde det vi lenge har venta paa. Bagasjen vaar kom aldri paa bagasjebandet paa flyplassen!! Ein mann saag frustrasjonen i auga vaare og kom for aa hjelpe. Han kunne daa fortelle at det ikkje var bagasjen som var paa feil plass, det var vi. Flyet vi tok hadde berre ei mellomlanding foer det gjekk vidare til Iguazu falls. Vi spente joggeskoa paa oss aa la avgaarde til flyet. Det ordna seg alltid for kjekke jenter :)
Iguazu falls er eit av verdens stoerste fossefall og ligg paa grensa mellom Brasil og Argentina. Det er tilsaman 275 fossefall!
Den foerste dagen besokte vi den brasilianske sida. Her fekk vi eit fantastisk overblikk over dei mektige fossefalla, og det var paa denne sida vi fekk alle dei fine bilda. Vi gjekk ogsaa ut paa ei smal bru mellom fossefalla og fekk oss ein herleg dusj!!
Dagen etter tok vi ein taxi til den argentinske sida. Det var mykje av det same som dagen foer, men vi kom litt tettare innpaa fossen. Vi fekk og ein trucktur gjennom regnskogen og koyrte speedbaat inn under fleire av fossefalla. Det var ei veldig kjekk og vaat oppleving!
- comments