Profile
Blog
Photos
Videos
Titt tei!
Etter fleire timar venting paa flyplassen i Hong Kong kunne me endeleg sjekke inn og starte turen til Fiji (trudde me)! Men beskjeden me fekk naar me kom fram til skranken var at det var oversvoemmelse paa flyplassen paa Nadi, Fiji.. og flyet gjekk difor ikkje denne dagen, og dei kunne ikkje seie oss naar det eventuelt kom til aa gaa eit neste fly! Saa da ringte me til Kilroy og fekk booka om flybiletten til Brisbane, Australia til same dagen! Me tenkte at 2 ekstra veker i solfylte Australia, var bedre enn aa vente eventuelt 1 veke i Hong Kong og faa 1 veke med regn paa Fiji. Saa slik var den saken :)
Paasken starta me i Brisbane! Naar me kom fram til Brisbane hadde me ingen aning om kva me skulle gjere paa i Australia. Einaste me visste var at me hadde lyst til aa reise nordover langs aust-kysten! Saa paa hostellet i Brisbane kontakta me reisebyraaet som var der og booka heeile turen oppover! Ellers brukte me meste parten av tida me hadde i Brisbane paa handling og soling ved by lagoonen!
Me har tatt oss opp gjennom aust-kysten med eit buss pass som gjorde at me kunne hoppe av og paa bussen slik som me ville. Foerste stopp var Noosa! Ein koseleg, liten by. Her laag me 2 netter! I Noosa var me blandt anna paa Australia Zoo! Her klappa me kengeruar og koalabjoernar!
Neste stopp var Rainbow Beach! Her hadde me 1 natt foer me skulle til Fraser Island, som er verdas stoerste sandoey! Me reiste saman med ei gruppe paa 30stk, og campa i 3 dagar. Me vart fordelt paa 4 bilar som me skulle bruke til aa komme oss rundt paa oeya med. Dei som hadde lappen kunne kaoeyre om dei ville! Oda var kul og gjorde dette, og Randi hadde for korte bein! Svaert utfordrande, sidan me mesteparten av tida koeyrde i laus sand og ekstremt hompete vegar! Men det var awesome! I laupet av desse dagane vitja me fleire vakre innsjoerar! Blandt ann den beroemte lake Mckensey!! Om kveldane brukte me tida paa aa kokkelere mat over stormkjoekken og drikke ''goon''! Men me maatte passe oss for dei ville dingoane som budde paa oeya! Dei var svaert farlege, men me moette heldigvis ikkje paa nokon :) Fraser Island er eit MUST aa vitje naar ein er paa Australias aust-kyst!
Turen vidare gjekk til 1770, ogsaa kalla Agnes Water! Me likte svaert godt denne lille bydga, der me brukte den eine dagen me hadde paa aa ligge ved stranda og jobbe med brunfargen vaar, som me endaa ikkje hadde faatt etter over 1 veke i Australia! Her hadde me kunn 1 natt foer neste stopp var Airlie Beach!
Paa Airlie Beach hadde me booka ein tur til Withsundays med seglbaat. Withsundays er ei oeygruppe paa 74 oeyer, som ligg langs Great Barrier Reef! Me hadde 3 dagar paa seglbaaten saman med 30 andre personar. Me hadde ganske daarleg ver med mykje vind og boelgjer! Me vart ganske sjoesjuke kan ein seie! Men ellers var det ein superduper tur! Med masse god mat, ''goon'', snorkling, vitjing av Withe Heaven Beach og segling hadde me 3 veldig fine dagar, som toppa seg med 'after-party' med gjengen fraa baaten naar me var kommen paa land! :)
15. april gjekk turen til Magnetic Island! Her hadde me 5 dagar der me berre slappa av i varmen og igjen jobba med brunfargen :)
Siste stopp er i Cairns, der me no befinn oss :) Her skal me vere 3 netter foer me skal fly ned igjen til Brisbane og vidare til Auckland, New Zealand!
For fleire veker sidan booka me SKYDIVE ved Mission Beach! Den 20. april var den store dagen me hadde baade grua og gleda oss til i fleire veker! Dagen var i gaar, og Randi skjelver endaa! Randi var ganske redd, men Oda tykkte det var kjempe morosamt! Den beste opplevelsen! EPIC! WICKED! AWESOME! SICK! med andre ord: til aa anbefale :)
Beloenningen for at me var saa modige aa SKYDIVE'a i gaar, var shopping idag :D
Me har hatt 3 fantastiske veker i Australia! Sjoelv om me har brukt LANGT over budsjettet vaart i dette dyre landet, har det absolutt vore verdt det!
We <3 Australia !
- Oda & Randi -
- comments