Profile
Blog
Photos
Videos
Hei heii!
I Kina fekk me ein litt lei start. Me mellomlanda i Shanghai der flyet vart forsinka med 5 timar vidare til Beijing. Dette foerte til at transporten me hadde bestilt og betalt ikkje var der lenger. Og naar nesten INGEN i Kina kan engelsk, saa ver det ikkje berre berre aa finne fram. Dette foerte igjen til at me ikkje rakk orienteringsmoetet med gruppa om kvelden, og me kunne heller ikkje finne dei. Att paa til var me ikkje klar til aa forlate India og alle dei kjekke folka der! Men me fekk oss ei god natts soevn og moette gruppa dagen etterpaa, og fann ut at Kina var AWESOME!
'Express China' er namnet paa turen me hadde i Kina. Gruppa me reiste med bestod av 3 danskar, 3 nordmenn, 3 brite, 1 sveitsar, 1 amerikanar og 2 tyskarar + kinesisk CEO :)
Foerste dagen reiste me til den Kinesiske mur. Det var ei lita treningsoekt aa komme seg opp paa muren. Men det heile var verdt det naar me var komen opp paa muren. Det var ganske kaldt sjoelv om det var blaa himmel og sol, men som sagt fekk me varmen i oss paa vegen opp :) Etter nokre timar paa muren reiste me til ein innandoers marknad og handla 'litt', foer me reiste ut aa aat middag etterfulgt av Kung Fu-Show!
26. mars vitja me Tiannaman Square og the Forbidden City. Me fekk i oss noko mat paa Pizza Hut foer me reiste til flyplassen for aa fly til Xi'an.
Neste morgon stod me opp tidleg for aa sykle rundt bymuren i Xi'an! Dette var ein 13,7 km lang sykkeltur, som absolutt var verdt det! Deretter var me saa heldige at me reiste aa at lunsj av ein lokal bonde foer me reiste til tara-cotta museumet! Det var spanande aa sjaa dei 2000 leir-statuane dei har reparert av den totale haeren paa 6000 soldatar! Om kvelden tok me natt-tog til Suzhou.
Den 28. mars kom me fram til Suzhou og aat ein felles lunsj etterfulgt av baat tur paa elva som blir kalla Kinas Venezia. Om kvelden var me ute paa bar-street'en, og fekk ein kjekk kveld saman med dei fleste i gruppa.
Dagen etter tok me buss til Shanghai og aat ein 'super god' lunsj paa McDonalds! Me reiste deretter aa vitja Financial Tower som er nesten 500 m(?) hoegt, og den nest hoegste skyskraparen i verda! Om kvelden opplevde me Shanghai by night!
Den siste dagen i Kina var me paa Shanghai museum og shopping. Om kvelden aat me ein siste felles middag og reiste paa Chinees Acrobat Show! (som var heil fantastisk!). Og avslutta den siste tida i Kina saman med dei 6 andre skandinaviske og oel :)
Kina er eit heilt fantastisk land!
- Randi og Oda -
- comments
Turid Mølmesdal Der kom KIna-bloggen! Flott! Den har me lest og sett på bilda saman med André. Artig. De har mykje felles å dele de to! No er det pinnekjøtt og påskekrim her. Klem mamma Turid