Profile
Blog
Photos
Videos
Hei igjen!
Litt forsinka innlegg om siste del i India:
11 dagar igjen, og me var fortsatt i Udaipur! Denne dagen gjekk me stort sett heile dagen paa marknaden, og om kvelden saag me solnedgangen fraa baat! Ein heilt fantastisk by!
Neste dag reiste me til Pushkar! Pushkar er ein av dei mest heilage byane i verda! Hotellet her var heilt topp, med basseng og kort avstand til den lokale marknaden. Me vitja det einaste tempelet til ein hinduistisk gud, og me deltok paa ein blomstersermoni ved innsjoeen i Pushkar. Me saag og Bollywood-filmen ''Delhi-belly'', som er til aa anbefale, og fekk neste dag god tid til handling :)
16. mars gjekk turen til Jaipur! For dykk som foelgjer ekstra godt med, saa var dette bursdagen til Randi! :)) 20-aars-dagen vart feira med middag, kake og alkohol paa kvelden! Kjempe kjekt!
Dagen derpaa hadde me tuk-tuk-sight-seeing til Jaipur-fortet, Hawa Mahal og City Palace! Awesome! Om kvelden var me aa saag ein Bollywood film i India sin stoerste kino-teater! det var morosamt aa oppleve korleis stemninga var i kinosalen, der indarane naermast dansa paa stolane kvar gang noko morosamt kom paa skjermen, og plystra kvar gang dei saag ei dame! Artigt :)
18. mars reiste me til Agra, der me finn Taj Mahal! Foerste dagen var me aa saag Taj ved solnedgangen etterfulgt av god middag. Og om morgonen var det tideleg opp aa sjaa Taj ved soloppgang! Heilt fantastisk! Om kvelden tok me natt-tog til Varanasi.
Varanasi var nest siste stopp i Roam India turen vaar. Daa me kom fram aat me ein god lunsj, foer me reiste til ein familie som dreiv med produksjon og sal av silke! Her fekk me alle brukt litt peng, kan ein seie! Om kvelden var me paa baattur paa Ganges ved solnedgang. Ei ganske spesiell oppleving! Ganges er nok den mest forurreina elva i verda! Det var folk som vaska seg i ho og drakk vatnet, lell om dei saag at 5 meter attmed vart folk kremerte og aska kasta i elva. Me saag daude hundar flytande rundt i vatnet, og vart fortalt at born, gravide kvinner og prestar kunne ikkje bli kremert i hinduismen, saa dei var kasta paa elva og ligg no paa botn. Kort sagt: hadde me bada i denne elva hadde me tilbrakt resten av reisa paa sjukehus! Likevell var det fint aa sjaa kor mange som kvar dag og kvar kveld tok eit bad i elva pga av trua paa religionen sin!
Siste kvelden i Varanasi hadde me fest paa ''roof-top'en'' paa hotellet! Dette var ein kjeme fin kveld med god mat, god drikke og ein finfin gjeng :)
Me var tilbake att i Delhi den 23. Me reiste til Sentral Park der me fekk brukt opp dei siste rupi'ane me hadde :) Om kvelden hadde me ein siste middag me gruppa og drakk nokre cocktails, foer me sa hade til gjengen!
Alt i alt har me hatt 3 heilt fantastiske veke i India! Spanande og fargerik kultur, god mat (til tider) og folkerike gater! Og det heile toppa seg med alle dei super kjekke gruppe-medlemmane me fekk dele desse opplevingane med, og den flinke CEO'en :)
India er eit land me vil anbefale paa det sterkaste! Ein vakker dag skal me tilbake til India, garantert!
- Oda og Randi -
- comments
turid mølmesdal Så fantastisk kjekt å lese bloggen! Og så utruleg flotte bilder. Det er ei eventyrleg reise de er på jenter! Gle meg til neste blogg-innlegg. Ha ei fortsatt flott reise. Take care! Klem mamma Turid