Profile
Blog
Photos
Videos
Hola!
Etter 2 månadar der me konstant har våre på farten, såg me fram til 2 veke i Mexico med sol, strand og avslapping.
Me landa i Cancun og tok buss rett til Playa del Carmen der me møtte Eli (som hadde våre i Mexico i 3 månadar å studert).
Den fyrste veka var me heldige som fekk bu i leilegheita til Eli. Denne veka hadde me fint vær, så me nytta tida til å ligge å sole oss, både ved bassenget der Eli budde og ved stranda.
Etter 1 veke flytta me inn på eit hostell, sidan studiene var slutt for Eli og ho skulle heim. Youth Hostel Playa var eit koseleg lite hostell, og ikkje minst billeg! 75kr natta er ikkje noko å klage på! Det var eit koseleg fellesareal, med sofa, tv, kjøkken, pc og WiFi!
Uheldigvis hadde me mykje dårleg vær i Playa. Det regna stort sett heile siste veka me var der, men med nokore timar oppholdsvær i løpet av dagane. Så det vart ein del timar der me holdt oss inne på hostellet. Me fylte timane med å holde oss oppdatert på Paradise Hotel :)
Me møtte 3 norske jenter som budde på same hostellet. Så med dei var me på kino 2 av kveldane. Kjempe kjekt :)
HELDIGVIS var det vær til å ligge på stranda dei 2 siste dagane, før turen gjekk vidare til Peru!
Vart eit kort innlegg denne gangen.. Gjorde ikkje så mykje i Mexico botsett frå å ligge på stranda, bade, lese og ete god mat :) Med andre ord fekk me lada godt opp til Inkatrail on Lares Trek i Peru!
- Randi og Oda -
- comments