Profile
Blog
Photos
Videos
Hola amigos !
Etter eitt døgn på fly og flyplassar var me endeleg framme i Cuzco, som er 3300 moh. Før me starta Inkatrail on Lares Trek dagen etter, fekk me beskjed om at det var lurt å ha eit døgn i Cuzco for å vende oss til høgden. Noko me no ser oss einige i.
Om kvelden møtte me gruppa som me skulle reise med første dagen. 4 av oss skulle gå Lares Trek og resten skulle gå den opprinnlege Inkatrailen. Me fekk utdelt ein bag som me skulle pakke med oss klede i og leigde ein såvepose.
Neste morgon reiste me med buss til Ollantaytambo der me skulle såve den fyrste natta. På vegen stoppa me først ved Cristo Blanko over Cuzco, der me hadde utsikt over heile byen. Deretter stoppa me ved ein Inka landsby der me fekk sjå korleis dei laga klede. Her var det og moglegheitar for å kjøpe med seg forskjellege ting som dei lagde i denne landsbyen. Me kjøpte oss kvar sine luer, vottar og sokkar, alt laga av alpakka-ull.
Neste stopp var Pisac der me gjekk ein hike på 2 timar og fekk sjå masse Inka ruinar. Dertter var neste stopp Urubamba der me hadde ein god lunsj der me fekk smake på alpakka-kjøt.
Når me kom fram til Ollantaytambo sjekka me inn på hotellet før me gjekk å såg enda nokre Inka-ruiner. Ollantaytambo er den siste Inka-byen der det fortsatt bur folk. Om kvelden var me ute å åt med gruppa, og fekk blandt anna oppleve festivalen som var i byen. Veldigt morosamt å sjå alle dei forskjellege kostyma og dansane dei hadde :)
Neste morgon var det tidleg opp for å stare Lares Trekken. Gruppa me skulle hike med bestod av 1 franskmann, 1 brite, 4 amerikanarar, 1 aussie, 2 nordmenn, 1 kinesar og 3 peruanarar (turleiarane) + 8 stk som var bærarar og kokkar på turen og sjølsagt hadde me med oss muldyr og alpakka :)
Me køyrde med buss tilbake til Calca der me stoppa på ein marknad og kjøpte med oss masse brød, frukt og coca-leafs som me skulle gje til Inka-folket som budde i fjella.
Deretter køyrde me opp til Lares town (3200 moh) der me hadde mulegheit til å bade i hot springs etterfølgt av ein god lunsj.
No starta hiken vår for fullt, og me begynte å merke høgden. Turleiaren hadde med seg noko som dei kalla rose-vatn som me skulle ta i hendene og innhalere og deretter ta på tinningane, som skulle hjelpe mot høgden.
Denne dagen gjekk me 4 timar og enda opp på 3800 moh når me nådde campen. Om kvelden spelte me Mafia og kort, fekk god mat og rom for å holde varmen. Det vart lite søvn denne natta, sidan temperaturen fall kraftig om natta.
Neste morgon var det tideleg opp, for dette var den lengste og hardaste dagen. Me fekk god frukost før me byrja å gå oppover. Me gjekk oppover i bratt terreng i 4 timar, og nådde toppen 1 time før enn kva som var vanleg. På toppen hadde me ein fantastisk utsikt og DEN mestringskjensla. Me hadde nådd 4600 moh og det høgste punktet på turen. Me merka godt at me var så passe høgt oppe. Me vart veldig fort andpustne, litt svimmel og ilt i hovudet.
Det var òg veldig bratt ned til innsjøen der me åt lunsj og hadde siesta. Det gjorde seg etter 4 harde timar. Me gjekk ned 500 m på 1,5 timar der campen vår var. Igjen fekk me god mat og spelte kort, før me hadde ei endå kaldare natt framfor oss.
Den tredje dagen skulle me heldigvis berre gå nedover. Før me forlot campen var me innom til ein Inka-familie og såg korleis dei hadde det. Deretter gjekk me 2 timar i ganske bratt terreng før me var kommen ned til der me skulle ete lunsj. Her sa me hade til bærarane og tok buss etterfulgt av tog til MachuPicchu-town. Her var me ute og åt med gruppa der me fekk smake på marsvin (ein delikatesse i Peru), og såv på hotell denne natta. Det gjorde seg med ein (kald) dusj og ei seng å såve i :)
Me sto opp 04.30 neste morgon for å få med oss MachuPicchu ved soloppgang. Denne Inka-byen er heilt fantastisk! MachuPicchu er fortsatt nesten like heil i forhold til dei andre Inka-byane/ruinane me såg, pga at spanjolane aldri fann MachuPicchu under innovasjonen av Peru. Byen vart oppdaga ved eit "uhell" for 101 år sidan av ein dude som leitte etter Eldorado.
Me brukte dagen på å utforske Inka-byen og nyte sola, før ein siste felles-lunsj og turen tilbake til Cuzco.
I laupet av desse dagane me gjekk i Andes-fjella møtte me på ein del Inka-folk som budde her. Det var både ungar, kvinner, menn og eldre. I dag lever det kun 1000 Inka-folk. Desse lev fortsatt som dei andre Inka-folka gjorde for tusen år sidan. Så dei vart svært glade når dei fekk brød, frukt og coca-leafs av oss :)
Siste kvelden i Cuzco tok me nokre avskjeds-drinkar med Lares Trek - kameratane. Neste morgon gjekk turen til Lima og deretter Rio de Janeiro, som er siste stopp før me vender snuten tilbake til Norge..
- Oda og Randi -
- comments