Profile
Blog
Photos
Videos
Shangala-Bangala frå India! Då er dagen omsider her, den aller siste dagen av reisa. Det er nesten uvirkelig at vi om bare få tima set oss i taxien mot flyplassen for å ta til på den 14 timar lange flyturen heim til Norge. Flyet går 04.25 til Doha, kor vi skal vente i 1,5 time før vi tar neste fly til Gardermoen. Etter planen skal vi vere framme 13.30 norsk tid. Her kjem ei lita oppdatering frå den siste tida her. Sidan sist har vi vore på Village walk i Bharatpur, kor vi vandra rundt i en liten landsby og fekk sjå korleis folk leve under svært enkle kår. Dette var ein av dei mest ekte opplevelsane vi har hatt på turen. Innbyggaeane var ikkje vande med turistar, men synes det var stor stas å bli tatt bilde av og få sjå oss rare blonde jentene. Vi har lagt ut eit par av bildene på bloggen. Det føltes litt rart å gå og ta bilder av folk, men guiden fortalte at dette var noko dei satte pris på, og ungane stilte seg opp og ropte "one photo, one photo" og smilte så fint. Seinare på dagen var vi med på indisk matlagingskurs heime hos ein familie. Vi fekk lage den eine herlige retten etter den andre, og alt smakte. I går var vi på kino, Bollywood-style! Det var premiære på en ny storfilm, og sjølvom vi ikkje skjønte noko av det som vart sagt (hindi tale og null tekst) var det virkelig en opplevelse. Hadde publikumet oppført seg sånn på en norsk kino, hadde alle blitt kasta ut. Hoiing, klapping, hyl og jubelbrøl kom jevnlig iløpet av den 3 timar lange filmen. Ein skulle nesten tru det var Justin Bieber-konsert! Etter kinoen skulle det indiske nattelivet utforskast. Ingvild kan melde om Bollywood-stemning på dansegolvet, mens Linn måtte
melde avbud pga indiske basseluskar. I dag er Linn heldigvis på bedringens vei. Det er litt vemodig å skulle avslutte turen, det har gått så fort! Men vi gler oss til alt jula byr på av familiekos og julemat.
Snakkast før dokke veit ordet av det!
-Linn og Ingvild, takker fansen-
- comments
Roald Bestemora og bestefaren takker for fantastiske reiseskildringer og fine bilder paa bloggen. Ha en fin tur heim.